26. april 2016

Bokomtale: Den gjenfødte morderen av A. J. Kazinski

Lydbokforlaget 2016
Speletid 15:06
Opplesar: Haakon Strøm
Kjelde: Lytteeksemplar


Bok nummer tre i serien om og med gisselforhandlar Niels Bentzon er vanvittig spennande, tildels interessant - og uhyre usannsynleg. Det kan vera lurt å leggja forventningar om realisme og naturlege forklaringar til side før ein startar lesinga av boka. Ver førebudd på ei fantasifull krimforteljing utanom det vanlege!

Utgangspunktet for historia er - sært nok kanskje - Sokrates' død. Den kjende filosofen fekk dødsstraff i år 399 f.Kr., då vart han dømt til å begå sjølvmord ved å innta gifta skarntyde. I Den gjenfødte morderen møter me to andre menn som har døydd av skarntydeforgiftning. Om det er sjølvmord eller mord er uklart. Den eine er ein ung student ved Oxford-universitetet i 1939, den andre er Christian Paludan, psykiater og overlege ved instutisjonen Sikringen - og ein god ven av Niels Bentzon.

Når me møter Bentzon i innleiinga er han i ferd med å bli innlagt på Sikringen, eit psykiatrisk sjukehus der dei farlegaste og mest sinnsjuke forbrytarane vert sperra inne. Etter kvart får me ei forklaring på kvifor dette skjer: Bentzon går undercover for på den måten å finna ut kva som egentleg skjedde med Paludan. Han skiftar identitet, får ei bakgrunnshistorie, vert innlagt og behandla som den farlege valdsforbrytaren han liksom er. Han har kontakt med omverda via ein øyrepropp (som ser ut som eit høyreapparat), men stort sett lyt han klara seg åleine. Han befinn seg i ein kontinuerleg farleg situasjon fordi han ikkje veit kven han kan stola på, verken av dei innlagde/innsette eller dei tilsette.

I handlingstråd nummer to får ein følgja Hannah Lund, astrofysikar og gift med Niels Bentzon. Via sine intellektuelle og analytiske evner (samt flaks og telepati) hjelper ho mannen sin og dei andre i etterforskarteamet frå ein heilt annan kant av kloden. I ein liten landsby i Guatemala finn ho ein person som har sterke band til personar tilknytta Sikringen. Seinare oppsøker ho ei eldre dame busett i England som har opplevd noko svært dramatisk i fortida si. Kva dette er får me gradvis greie på i ein tredje handlingstråd. Den er lagt til Oxford og London i tida rundt inngangen til 2. verdenskrig.

Miljøskildringane, særleg tilhøva ved den psykiatriske institusjonen Sikringen, er barske og presise og gjer inntrykk. Eg har ikkje særleg kjennskap til forholda på slike institusjonar i den verkelege verda, men det som vert fortalt om medisinering, fastspenning og elektrosjokk virkar realistisk, i alle fall i denne samanhengen.

Som i Den siste gode mann og Søvnen og døden går mykje av handlinga  i Den gjenfødte morderen ut på det åndelege, det kvasifilosofiske, det uforklarlege og det overnaturlege. Om grensa mellom liv og død, udødelege sjeler og reinkarnasjon. For meg personleg er slike tankar berre sprøyt, men eg er ikkje negativ til at det kan vera tema i ei forteljing som dette. Alt heng saman og får si "naturlege" forklaring dersom ein kan godta dei spesielle premissane for boka.

Tidvis kan boka lesast som ein normal kriminalroman, men her finn ein nokså uortodokse etterforskingsmetodar og samarbeidsformer. Boka inneheld mange tankesprang som omhandlar livet, døden og det eventuelle livet etter døden. Dersom ein skal pirka på noko, må det vera at enkelte av desse filosoferingane blir vel langdryge og at overgangane mellom handlingstrådane av og til kjem noko brått på. Avslutninga er også litt rar, men eg meiner at løysinga likevel er passande for denne spesielle historia.
Eit anna sentralt emne er kjærleiken; ein kjærleik i livet som er så sterk at den "overlever" døden. Forholdet og kjærleiken mellom Niels og Hannah vert også sett på prøve sidan dei begge vert utsette for store utfordringar.

Eg likte boka veldig godt, sjølv om - og trass i - at mykje av det som blir fortalt er urealistisk og lite truverdig. Ho er godt komponert, har naturlege temposkifte, eit språk som flyt lett og fint - og som opplesaren av lydboka formidlar på ein god måte.
Til slutt må det nemnast at boka, trass i eit heller alvorleg og dystert tema, også inneheld masse lun humor.
Den gjenfødte morderen byr på mange timar med god underhaldning!

Andre bloggmeiningar:
Anita - som er særdeles positiv
Tine - som likar boka men er litt meir avmålt
Bjørnebok - som ikkje kjøper det overnaturlege

4 kommentarer:

  1. Flott omtale, ser du er hakket mer begeistret enn meg, selv om det må sies at jeg likte det jeg hørte. Det overnaturlige i handlingen "plaget" ikke meg, det var heller det at konen til Niels Bengtson irriterte meg, også syntes jeg det handlet litt for mye om henne. Ikke liker jeg at konene kommer inn fra sidelinjen og løser alle problemer heller :) Takk for linking Berit!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg ser poenget ditt vedk. Hannah si rolle i det heile - og det stussa eg også litt på undervegs. Men forfattarane har nok hatt ein plan, og historia hadde vel ikkje landa såpass som ho gjorde utan at nokon utanfrå - nokon med slike spesielle "evner" - hadde hjelpt til? Eg "trur" ikkje heilt på Hannah-karakteren, men meiner likevel at ho har ein viktig funksjon i serien.
      Berre hyggeleg å lenke til innlegget ditt. Eg prøver å bli flinkare til akkurat dette; å lenke til andre bloggomtalar. Det fell naturleg å lenka til dine innlegg fordi du ofte har lest dei same bøkene som meg - før meg.

      Slett
  2. Herlig at du likte denne godt. Jeg var virkelig spent før jeg begynte på innlegget ditt. Men det er som du sier, hvordan man skrur sammen en slik historie, om elementene passer inn og gjøres troverdig i historien som sådan ( i all sin galskap og uavhengig om man selv tro på slike ting som reinkarnasjon eller ikke) , som er viktig.. og det greier forfatteren å gjøre. Enig forsåvidt at det var det noen brå overganger noen ganger... Takk for linking.:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Nettopp. Sjølv om ein som person er rasjonell og fornuftig (som eg vil påstå at eg er) kan ein leve seg inn i ein alternativ verden eller ei forteljing med overnaturlege element. Det kjem an på utføringa - og på den enkelte lesar sine forventningar. Dette var den fjerde boka eg har lest av Kazinski (3 x Niels Bentzon og ei frittståande som eg ikkje likte så godt) , så eg hadde ei aning om kva som venta meg.

      Slett