8. juni 2016

Samleinnlegg: Sommarlesing 2016 del 1

Tre kjappomtalar av tre aktuelle sommarbøker. Her får du vita kva du bør lesa - og kva du bør styra unna.


Broren av Joakim Zander
Gyldendal 2016
441 sider, eBokBib


Denne er knallgod! - så god at boka fortener ein meir fengande/skildrande tittel og eit meir spennande omslagsbilete enn det ein ser her. Originaltittelen er Orten (staden, eller som i dette tilfellet: forstaden) og nettopp; eit søskenpar sin oppvekst i ein sliten og tildels ghettofisert forstad er sentral i handlinga.
Broren er skremmande aktuell, frykteleg spennande og uhyre velskriven. Boka er eit frittsåande framhald av Svømmeren, men det er egentleg ikkje naudsynt å lesa den på førehand.

Ein får følgja tre parallelle historiar som heng nøye saman og der informasjonen vert porsjonert ut i akkurat passe dosar. Ikkje spesielt lettlest, men sidene flyg av garde likevel. Handlinga er tempofylt og intens og føregår i Stockholm, New York, London - og i Syria. Terningkast 5.
Sjå boktrailer
Les utdrag frå boka


De som fortjener det av Peter Swanson
Cappelen Damm 2016
317 sider, 
biblioteklånt papirbok 

Ei bok som har fått ganske mykje merksemd og som fortener det. Sidan omslaget er "pryda" med blurbs frå folk som Tom Egeland, Ingvar Ambjørnsen og Asbjørn Slettemark, var eg skeptisk-spent då eg starta lesinga.

Historia fengar frå fyrste stund og interessa vert halden oppe gjennom heile boka, ikkje minst fordi forteljarstemmene og synsvinklane er så skiftande. Boka endrar stemning alt etter kven som fortel. Det at lesaren ikkje heilt kan stola på forteljaren gjer at boka har høg sidevendarfaktor.
De som fortjener det er ein krimthriller som - ikkje utan grunn - er blitt samanlikna med andre bøker med "upålitelege" forteljarstemmer, t.d. Flink pike, Piken på toget og Sannheten og andre løgner. Men denne er betre enn dei her nemnde!
Avslutninga er noko forutsigbar, men alt i alt vart dette ei god leseoppleving til terningkast 5.


Boka om Baltimorefamilien av Joël Dicker
Lydbokforlaget 2016
Speletid 13:56, opplesar Bendik Østbye Johannessen. Lytteeksemplar.


Enno ei bok som har fått ei viss merksemd - men denne innfridde ikkje på nokon måte forventningane mine. Etter den geniale Sannheten om Harry Quebert-saken gledde eg meg til å ta fatt på denne - og vart skikkeleg skuffa. Dette er tregt, saktegåande og lite spennande - at eg ikkje skjønnar at eg har klart å fullføra. Eg gjekk og venta på at boka "skulle ta seg opp" etter kvart - noko som berre skjedde til ein viss grad. Boka er sikkert meint som - og kan oppfattast som - ei gripande familieforteljing, men for meg vart dette ein meiningslaus og melodramatisk såpeopera. Slutten er så klissete at eg vrir meg i ubehag. Trass i at forfattaren er sveitsisk er handlinga grusomt amerikansk.
Lydboka baud likevel på ei positiv oppleving: Opplesaren har ei behageleg stemme, han les i eit passe tempo og med god innleving. Men boka fortener berre terningkast 2.

8 kommentarer:

  1. Takk for gode tips av de to første. Kikket litt på utdraget av Broren som du linket til. Virker som den er skrevet i en spesiell stil..interessant. Enig i at både cover og tittel er lite innbydende. At både du og Ingalill ble kjempeskuffa over Dickers andrebok tilsier at jeg også styrer unna den.. Kjekt å vite. Hadde sett frem til denne, men skjønner det ikke er noen vits i..

    SvarSlett
    Svar
    1. Bruk heller tida di på andre og meir meiningsfulle bøker! Som Broren f.eks.

      Slett
  2. Ja, Herregud til Dicker.
    Hva var det som skjedde her lizm. Ingenting av det som fenget i enern var til stede, bare dårlig språk og pjatt. Dette er så langt den første boka jeg avbryter iår, på flere år. Pleier normalt tvinge meg gjennom alt påbegynt, men her går grensa. Siden vi begge reagerer som vi gjør, så ulik smak som vi egentlig har, betyr det sannsynligvis at den er enda dårligere enn vi tror!

    (noterer meg Zander)

    SvarSlett
    Svar
    1. Baltimoreboka vart ein nedtur, det er sikkert. Eg trur ikkje forfattaren har hatt heilt godt av suksessen med Quebertboka.

      Slett
  3. Jeg var ganske ensom om å ikke like Harry Quebert, så denne andre boken hans har jeg ikke tenkt å lese. Ser ikke ut som jeg går glipp av noe. Svømmeren og Broren derimot var veldig bra, så den anbefalingen stiller jeg meg bak :) Ha en nydelig sommer-fredag Berit!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ein forsinka takk - eg har vore "avlogga" nokre dagar.

      Slett
  4. Broren fikk jeg veldig lyst til å lese. Og kanskje Svømmeren også. Biblioteket her i byen stengte i går og åpner igjen i september. De skal flytte inn i det nye kulturhuset. Derfor sparer jeg på titler jeg har lyst til å låne på biblioteket når det åpner igjen. Og Broren og Svømmeren havnet på den listen :-)
    De andre to står i bokhyllen min og kan virkelig bli lest nå når jeg må konsentrere meg om hva som finnes der :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Både Svømmeren og Broren er gode bøker, underhaldande og samstundes meiningsfulle.

      Slett