1. juli 2016

Oppsummering juni og halvårsrapport

Påbyrja i mai, fullført i juni:
Joël Dicker - Boka om Baltimorefamilien - Sveitsisk roman - Lytteeksemplar
Joakim Zander - Broren - Svensk krim - eBokBib

Lest i juni:
Britt Karin Larsen - De usynliges by (Tatertrilogien 2) - Norsk roman - Lånt papirbok privat
Carl-Johan Vallgren - Svin - Svensk krim - Lytteeksemplar
Jan Ove Ekeberg - Den siste vikingkongen: Krigens læregutt - Norsk historisk roman - eBokBib
Nele Neuhaus - Snøhvit må dø - Tysk krim - Lytteeksemplar
Torgrim Sørnes - Bøddel - Norsk biografisk/historisk/dokumentar - eBokBib
Tor Edvin Dahl - Det mørke huset - Norsk roman - eBokBib

Påbyrja i juni, fullførast i juli:
C.J. Sansom - Mørk ild - Britisk historisk krim - Lånt papirbok privat
Belinda Bauer - Mørke dager - Britisk krim - Lydbok Storytel


Oppsummert:
  • 4 ebøker, 3 lyd, 1 papir
  • 5 lånt, 3 lytteeksemplar, 0 abonnement
  • 3 krimromanar, 1 historisk roman, 3 andre romanar, 1 biografisk dokumentar
  • 4 norske, 2 svenske, 1 tysk, 1 sveitsisk
  • 6 menn, 2 kvinner 
  • "Nye" forfattarar: Neuhaus, Sørnes
Som ein ser har eg hatt ein svært variert lesemånad i juni sidan eg har brukt nesten alle sidene på terningen. Månadens høgdepunkt og månadens nedtur seier seg sjølv denne gongen.
I juli har eg planar om å lesa Vera Henriksen, Hilary Mantel, Tom Egeland, Cecilie Skog, Jon Michelet, Terry Hayes og Stefan Ahnhem.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Oppsummering januar - juni

Sola har snudd og me har i skrivande stund akkurat starta på andre halvår av 2016. Som dei fleste andre tykkjer eg at tida går skremmande fort. Eg har alt starta sommarferien og har brukt litt tid på å gå gjennom halvåret me har lagt bak oss, bokmessig sett.
Pr. 30. juni har eg lest 57 bøker. Storparten av dei er romanar inkl. kriminalromanar. Dei aller fleste har eg lånt, anten privat, på biblioteket eller eBokBib. Når det gjeld format fordeler dei seg slik: 21 ebøker, 20 lydbøker og 16 papirbøker.

I januarinnlegget Lesemål og leseplanar for leseåret 2016 presenterte eg måla og retningslinjene mine for året. På biletet som illustrerer innlegget ser ein 11 dåverande ventebøker. 6 av dei har eg lest og 1 er tilbakelevert til biblioteket ulest. Dei resterande 4 skal lesast ved høve.

Korleis har det elles gått? Ligg eg framføre skjema? Eller langt etter?
La meg ta det punkt for punkt:

1. Lesa mindre enn i 2015. Det ser ut til at målet på 120 bøker (mot 142 i fjor) er oppnåeleg sidan eg no etter halvt år og 57 bøker er temmeleg nøyaktig etter skjema.

2. 3/6 bøker på minst 600 sider. Her er eg i rute.

3. Årets norske utgivingar; 8/24 - og eg forventar mykje lesbart utover bokhausten.

4. Samlesing av kortlista til BBP 2015. 4 av 7 lest, dei resterande 3 vert neppe lest av meg.

5. Eldre litteratur; 6/20. Eg har framleis (for?) mykje fokus på nye bøker; eg har ikkje lest så mange bøker utgitt før 2000 i år.

6. Gjenlesing. Eg byrja friskt med 4 repriselesingar i løpet av dei tre fyrste månadene, sidan har det dabba av.

7. 6/10 biografiar. Full deltaking i biografisirkelen (3 rundar) og 3 i tillegg. Eg er framføre skjema på dette punktet.

8. Annan sakprosa; 6/12 bøker til no i år. Nøyaktig etter skjema.

9. Bokhyllelesing. Inga deltaking til no i år.

10. Skriva bokomtalar av ein tredjedel av lest bøker; 18/40. Her er eg også omlag etter planen.


Konklusjon: Å ha ein målretta plan - og å vera bevisst på å følgja denne planen - har vist seg å vera nyttig for meg. Eg føler faktisk at eg på denne måten "les betre" enn eg har gjort føregåande år.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Denne bloggen kjem ikkje til å bli oppdatert nokre veker framover, men eg kjem plutseleg tilbake med oppsummeringsinnlegg og samleomtalar i slutten av juli.

Eg vil difor nytta dette høvet til å ynskja alle blogglesarar og bokelskarar ein god (lese)sommar!

8 kommentarer:

  1. Ja, tiden går fort, det er aldeles sikkert.:) :(
    Jeg har lest 52 bøker så langt i år, så vi er ganske jevne. Hadde som mål å lese litt mindre enn i fjor og det virker slik så langt. (ikke at jeg har fått skrevet noe mer, som jeg tenkte, men andre faktorer som jobbskifte har nok virket inn)
    Av dine har jeg lest kun Vallgrens Svin. Larsen frister stadig, men jeg aner ikke når jeg skal komme i gang med dem. Nye bøker hoper seg stadig opp..
    Er det Hayes sin nye eller Pilegrim du skal lese i juli? Egelands nye har jeg ikke fått enda, men den skal jeg lese en dag... ingen stress, så mye som ligger på vent her.

    Ønsker deg en riktig god sommer Berit.:) Kos deg med natur, ferie og bøker.:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er Pilegrim-boka som skal lesast, har hatt den på leseplanen leeenge - men så kjem det andre ting og andre bøker i vegen - du skjønnar "problemet".. men som du seier; det er ikkje noko å stresse med.

      Takk det same:) Eg kosar meg, det gjer eg, sjølv om veret er grått. Her er det inneliv med lesing, hekling og fotball-EM på tapetet.

      Slett
    2. Ok, ja den Pilegrimboka var kjempebra, En av mine høydare i sommerferien i fjor:) Kos deg.:)

      Slett
  2. Den eneste målretta planen jeg har er at slutten av hver måned skriver jeg opp en liste over bøker jeg rekker å komme over i løpet av neste måned. Slik gjør jeg hver måned slik at man har litt oversikt.

    Den eneste boka jeg har lest fra din liste er Bøddel, men har ikke skrevet om den ennå. Fin oppsummering og god sommer:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det virkar som du har greie planar og er bevisst på kva du les. Å skaffa seg oversikt ved hjelp av månadsppsummeringar er nyttig, tykkjer eg.
      God sommar, Ina! :)

      Slett
    2. Ja, det er det eneste systemet jeg har og det er bedre enn ingenting:)

      Slett
  3. Her krysses det over lave sko ser jeg.
    Lister og planer og prosjekter og mål er moro. Jeg følger de selvfølgelig aldri, men har de uansett i bakhodet som ei rettesnor, også hender det seg av og til at jeg ting faller på plass. 2016 derimot skal mye til å hente inn. Har hatt for mange perioder med netflix og apati. Leser mye mer enn jeg skriver, men det er greit -)

    SvarSlett
    Svar
    1. For meg er leseplan og lesemål noko nytt som eg testar ut. Det funkar så langt og det er fint, dersom eg "mislukkast" når året er omme er det også greit. Då er eg ein erfaring rikare.

      Slett