23. september 2016

Bokomtale: Du er så lys av Tore Renberg

Lydbokforlaget 2016
Speletid 6:32
Opplesar Tore Renberg
Kjelde: Kjøpt lydfil


Eg har nettopp hatt ei svært sterk og god leseoppleving. Tore Renberg sin nyaste roman gjorde verkeleg noko med meg og rørte ved heile kjensleregisteret mitt. Det er likevel vanskeleg å skriva noko om kvifor Du er så lys gjorde eit uvanleg sterkt inntrykk på meg - fordi det er så djupt personleg - og fordi det er fare for å avsløra mykje av handlinga i boka.

I utgangspunktet er eg Tore Renberg-fan og ser fram til kvar einaste utgjeving frå denne forfattaren med store forventningar. Jarle Klepp-serien er eg veldig begeistra for - særleg Kompani Orheim, ei bok som også greip tak i meg på ein slik godvond måte. I ettertid har Renberg "avslørt" at enkelte karakterar og hendingar i boka byggjer på eigen familie og eigne opplevingar.

Det virkar som om Du er så lys også byggjer på eigne opplevingar og ekte personar og hendingar. Forteljinga er nærgåande og intens og Renberg er dessutan ein forfattar med god innlevingsevne og sterk empati med romanfigurane sine, noko han får formidla på ein god og sjarmerande måte for lesarane sine. Han skriv enkelt om vanskelege tema. Stilen er kvardagsrealistisk og slentrande på typisk Renberg-vis, men boka er mykje meir ettertenksam og stillfarande enn dei bøkene eg har lest av han tidlegare. "Det er en roman skrevet av rein nødvendighet", har Renberg uttalt - og så kan ein jo velja å spekulera i kva det betyr - eller ikkje.

Kor mykje - eller lite - veit me egentleg om naboane våre? I boka møter me Jørgen og Vibeke som får nye naboar. Dei to familiane vert gode vener, men noko skurrar med faren i nabohuset meiner Jørgen, som er forteljarstemma i boka. Naboen Steinar er så sprudlande, så overveldande; han er som eit lys i og for omgjevnadene sine - men det er også noko slitsamt, merkeleg og urovekkande med han. Kva er det med kona hans; kvifor trekk ho seg vekk frå det sosiale livet i nabolaget? Og kvifor er sonen deira så stille? Den velmeinande Jørgen skjønnar ikkje kva som gjer han så uroleg.
For lesaren byggjer det seg opp ei forventning om at noko vondt og vanskeleg skal skje. Og det gjer det, - men i ein annan retning enn det eg undervegs såg føre meg - og det skuldast sikkert at eg les mykje krim. Meir vil eg ikkje røpa av handlinga i boka. Det handlar om vanlege menneske som må takla meir eller mindre uvanlege utfordringar. Det handlar om at det ikkje er så lett å forstå det som er i ferd med å skje - ikkje eingong om det føregår rett framfor augene våre.

Du er så lys er Tore Renberg sin trettande roman - og handlar om noko heilt anna enn dei to føregåande bøkene hans, dei om den elleville Teksas-gjengen i Hillevåg.

Boka kom ut i dag, men lydboka har alt vore tilgjengeleg nokre dagar. Ho er skriven på nynorsk, men det at forfattaren har endra skriftspråk er knapt merkbart når ein lyttar til bøkene. Renberg les bøkene sine sjølv, på ein storarta måte og på si eiga dialekt - ei dialekt som ligg nærare opp til nynorsken enn bokmålet. Så valet av nynorsk burde vera heilt naturleg. Renberg sjølv seier til bok365.no at det har vore befriande å skriva nynorsk. Ei slik melding gledar ein nynorskbrukar.

Du er så lys kjem heilt sikkert til å bli nominert av meg i samband med Bokbloggerprisen 2016. Eg er ikkje enig med Brynjulf Jung Tjønn i VG som meiner at boka er ujamn. Etter mi meining er avslutninga "riktig" og logisk - og ikkje minst; til ettertanke.

Her kan du bla litt i boka:

13 kommentarer:

  1. Denne fikk jeg lyst til å lese! Og så er det bra at det er en frittstående bok, for da er det mulig at den kan bli nominert til Bokbloggerprisen, er det en serie så krever det mer for at den skal bli nominert. God omtale Berit :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det. Og så fint at du fekk lyst til å lese boka.

      Slett
  2. Takk for at balanserte den noe skuffende VG - anmeldelsen.men så er ikke Tjønn den anmelderen jeg bruker å være mest enig med heller... Tror jeg skal lese denne boka. Høsten er ennu ung 🍁

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg tykte boka var knallbra, men eg set pris på ulike meiningar. Boka er frittståande og ulik andre bøker frå Renberg. Ein del - flyten, intensiteten og nærleiken - er likevel gjenkjennbart.

      Slett
    2. Adresseavisen ga den fire i dag, og anmelderen synes den er både og, og at han mener han sliter litt med troverdigheten..

      Slett
    3. Ok. Det skjønnar eg ikkje, boka er svært truverdig etter mitt syn.
      Dagsavisen og Morgenbladet gir positive kritikkar. Det gir også NRKs Hoem, men han skriv at han må ha ein ekstra runde med seg sjølv og andre når det gjeld avslutninga.

      Slett
    4. Jeg har nå lest boka Berit, og jeg er enig at den er troverdig, selv om dagboknotatene kan virke litt lettvinte å en måte, men hvordan skulle han ellers få frem tematikken så godt? Jo, mulig, men det fungerte dette også.

      (meninger om mangel på troverdighet kan muligens handle om mangel på kunnskap/erfaring fra anmelder om tematikken? )

      Jeg synes det var en meget sterk roman på måter, fornøyelig, spennende og emosjonellt sterk.
      Det skal komme mange gode romaner min vei før 7.januar for at jeg ikke skal nominere denne til BBP.:)

      Slett
    5. Eg er oppriktig glad for denne tilbakemeldingen, Anita. Eg har eit ynskje om at fleire skal forstå kor bra Renberg skriv.

      Slett
  3. Jeg leste første setningen - og så sekseren, så scrollet jeg i full fart ned hit. Sitter her med papirutgaven, men er fast bestemt på å vente på lydboka, så får vi se hvor lenge biblioteket somler. Var litt skeptisk etter jeg så noen på goodreads klage på slutten, men fikk nå trua tilbake.

    SvarSlett
    Svar
    1. Lydboka er vel verdt å vente på. Eg veit du er like begeistra for opplesaren Renberg som meg.
      Avslutninga av boka kan diskuterast, eg ser og skjønnar det. Tjønn i VG mislikte den, og Knut Hoem i NRK stiller også spørsmål ved måten forteljinga landar på. For meg vart det altså "riktig", men her har eg kanskje andre preferansar enn dei to kritikarane. Spent på kva du tykkjer når du kjem så langt.

      Slett
  4. Som deg elsket jeg Kompani Orheim, og fulgte serien helt til den nest siste boken, da datt jeg av lasset. Hvis dette er en frittstående roman, og vi er ferdige med den der Hillevåg-gjengen, så kanskje jeg skal våge meg frempå. Nå er valget lydbok (uæææ for en dialekt!) og å lese nynorsk selv :) Vel, vel... nynorsk på bygda passer jo bra og i Buzz Aldrin boken til John Harstad savnet jeg at det var en rogalending som leste, så her blir det valgets kval :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hehe, Hillevåg-gjengen lever enno og Renberg er godt i gang med ny Teksasbok. Til glede for somme og til ergrelse for andre.
      Du er så lys er sjølvstendig og noko heil anna.
      Dialekt er så mangt og me har alle våre subjektive oppfatningar av kva som er "fint" og "stygt". Eg elskar f.eks. stavangerdialekt og mislikar østfolddialekt og enkelte nordnorske dialektar. Heil tullete å ha slike oppfatningar egentleg, for alle må få snakke på det språket som er naturleg for dei. Og knoting er vel det aller verste..

      Slett
  5. Enig med din reflekterende omtale - denne var topp. Lyttet den for et år siden, men nå først kom den i bloggen.

    SvarSlett