13. oktober 2016

Kort om: Syndefall i Wilmslow av David Lagercrantz

Gyldendal 2016
423 sider
Kjelde: lånt ebok eBokBib

David Lagercrantz er forfattaren bak bestseljarane Jeg er Zlatan og Det som ikke dreper oss. Eg likte begge desse godt, og var difor spent og nysgjerrig på Syndefall i Windslow. Eg tenkte at eg no skulle få sjå korleis forfattaren egentleg skreiv; ikkje berre vera eit "mikrofonstativ" for Zlatan eller ei forlenging av Stieg Larssons Millennium-trilogi.

Boka er basert på faktiske hendingar og verkelege historiske personar. Dette er historia om Alan Turing (1912 - 1954), mannen som var hjerna bak den aller fyrste datamaskina og som var med på å knekka nazistane sine Enigma-kodar under 2. verdenskrig. Turing var eit geni; matematikar, logikar, kryptoanalytikar og ein pioner innan informatikk og matematisk biologi.
Men livet hans vart ein tragedie. Han var homofil - og på denne tida var det kriminelt. I 1952 vart han dømt for brot på homofililovgivinga og "behandla" med østrogen.

Handlinga i Syndefall i Wilmslow tek til i 1954. Alan Turing er funnen død - og det virkar som om han har teke sitt eige liv: Ved sidan av liket vert det funne eit eple innsett med cyanid - blåsyre - som det er tatt ein bit av. (Då eg las dette måtte eg sjekka om Apple-logo'en hadde samband med Turings død, men det har eg verken fått stadfesta eller avkrefta..)

Den unge kriminalassistenten Leonard Corell ledar etterforskinga av sjølvmordet, og han anar ugler i mosen. Corell vert som besatt av Turing sitt hemmelege og mangfaldige arbeid. Også Corell føler ei dragning mot matematikk, logikk og vitenskap. Etter kvart vert han motarbeida frå ulike kantar då det syner seg at saka har forgreiningar til farlege, skjulte og mektige krefter. Corell er ein truverdig hovudperson; skildringa av korleis han strevar både fysisk og mentalt med Turing-saka gjer inntrykk på meg.

Syndefall i Wilmslow er ein fengslande og interessant roman. Boka er så mangt; ein biografisk roman, ein populærvitenskapeleg roman og ein historisk roman. Men stilmessig er det litt tungt og tregt og difor kan ein ikkje sei at det er ein pageturner. På omslaget kan ein lesa at det er ein ein "thriller" og ein "spenningsroman", men det meiner eg er å villeda lesaren. Boka byr egentleg på lite spenning, men ho har ein nerve som er til stades heile vegen. Språket er noko omstendeleg og gammaldags - og det passar i denne forteljinga frå 1954. Det er i det heile gode tidsbilete og fine miljøskildringar i boka.

3 kommentarer:

  1. (Ser du lytter til Knight, spent på å se om du synes det samme som jeg, kan hende har jeg slamret med leppa i kommentarfelt, med holder tett uansett.)

    Jeg tenkte akkurat det samme, som deg, da jeg så du hadde skrevet omtale om lagergrantz, - nå får vi se hvordan han egentlig skriver -. Fint da at han innfridde.

    SvarSlett
    Svar
    1. (Eg er ikkje komen skikkeleg i gang med Avslørt og Knight enno, har hatt lite tid til samanhengande lytting i det siste og er vel etter halvannan times lytting noko avventande og sånn passe forvirra over dei to forteljarstemmene. Eg reknar med det blir meir oppklarande etter kvart)

      Lagercrantz er ein god forteljar, og eg er imponert over alt arbeidet han har hatt med bakgrunnsstoff og research-arbeid. Han er på ein måte for flink.

      Slett
  2. Har denne liggende, men er ikke klar for "tregt" for tiden :)

    SvarSlett