Kjelde: Lånt papirbok privat
Unni Lindell er ein dyktig og produktiv forfattar. Sjølv har eg vore stor fan av henne sidan ho krimdebuterte med Slangebæreren i 1996. I tillegg har ho gitt ut både lyrikk og noveller, barne- og ungdomsbøker - samt dei morosame barnesitatbøkene.
Gjennom ti kriminalromanar har politietterforskar Cato Isaksen vore gjennomgangsfigur og hovudperson. I den sjette boka i serien, Honningfellen (2007) fekk Isaksen ein ny kollega, Marian Dahle. I dei påfølgjande bøkene har ein kunna lesa om korleis dei to har samarbeida i fleire kompliserte kriminalsaker. I forrige bok, Brudekisten, vart Dahle utsett for ei brutalt og dramatisk hending der ho vart redda i siste sekund.
I Jeg vet hvor du bor har Cato Isaksen kun ei birolle; her er det Marian Dahle som har hovudrolla. Etter mi meining er dette eit spennande og riktig grep frå forfattaren si side.
Marian er nemleg heilt annleis - og dermed mykje meir interessant - enn den forholdsvis (etter kvart) så trauste Cato. Ho har hatt ein vanskeleg oppvekst som har gjort ho sterk - men også sårbar. Ho er smart, opprørsk og utradisjonell. Når me møter Marian i starten av denne boka er ho langtidssjukmeld etter dei nemnde opplevingane ho vart utsett for i forrige bok. Saman med hunden Birka har ho flytta inn i eit nytt husvære i ein eldre villa, der ho dempar dei fysiske og psykiske skadane sine ved "hjelp av" piller og alkohol. Sjefen Cato Isaksen kjenner ikkje til kor alvorleg det faktisk står til med Marian og gir henne ei gammal forsvinningssak som ho kan "pusla med". Dette skal visa seg å bli noko heilt anna enn ein aktiv sjukmelding - for den gamle saka har samanheng med meir aktuelle saker.
Lindell triggar lesaren si eventuelle mørkeredsle og paranoia og spelar på uhygge, frykt og uvisse i denne boka. Miljøskildringane er glimrande med skremmande kulissar som gir den rette "gode" uhyggekjensla. I tillegg får me fine skildringar som dette:
"En tynn sølvtråd av høst hadde spunnet seg rundt trærne i oppkjørselen, og fasaden var tatovert av skyggene fra dem. Gresset langs bygget var høstskarpt i fargen, som om det lyste litt ekstra før forråtnelsen og frosten ville sette inn."Korte kapittel, skummel stemning, raske sceneskift og tilsvarande kjappe endringar av synsvinkel gjer boka drivande og spennande. Overraskande hendingar, truverdige karakterar og aktuelle problemstillingar gjer boka interessant.
Jeg vet hvor du bor er Unni Lindell på sitt beste.
Andre bloggmeiningar:
Tine sin blogg
Bjørnebok
Reading Randi
Rita leser
"Den andre" Berit
Flott omtale, Berit, og takk for link :-)
SvarSlettTakk for det, dette er ei bok som eg gjerne framsnakkar. Då er det også greit å visa til andre positive omtalar.
SlettSå gøy at du likte den så godt og flesket til med en 5`er :) Takk for linking!
SvarSlettJa, denne likte eg veldig godt, og eg deler dine vurderingar av boka.
Slett