19. januar 2017

Bokomtale: Amundsen av Espen Ytreberg

Sidan eg ikkje får betalt av Freia for å halda bloggepause, kjem det også i dag eit blogginnlegg frå meg..
. . . . . . . . . . . . . . . . .

Tiden 2016
234 sider
Kjelde: eBokBib

Verkeleg ei interessant lita bok om ein berømt polarhelt. Eg har lest fleire biografiar i det siste der Amundsen har vore bifigur, men her er han altså hovudperson. Og det er ingen biografi, men ein roman.

Det handlar for ein stor del om den bragden som Amundsen er mest kjent for; erobringa av Sydpolen - kappløpet som han "vann" framfor engelskmannen Robert Scott og hans mannskap.
Det handlar om førebuingar, planlegging, gjennomføring og etterspel. Om store visjonar, vanskelege vertilhøve, ekstremt slit og utfordrande konfliktsituasjonar. Om ambisjonar, eventyrlyst, mot og pågangsmot. Om korleis Nordpol-planar vart til Sydpol-planar. Om korleis Roald Amundsen manipulerte omverda, skaffa seg økonomiske midlar på falske premissar og "lurte" Fridtjof Nansen slik at han fekk dra med polarskipet Fram. Om kor opptatt han var av at erobringa skulle kunna dokumenterast.

Amundsen sitt store ideal og førebilete var Fridtjof Nansen. Ein innbiller seg gjerne at dei var jamngamle i og med at dei var samtidige og fordi dei ofte vert nemnde i same andedrag, - men i innleiinga i denne boka møter me barnet Roald Amundsen som deltek i hyllesten når den unge Nansen kjem tilbake frå Grønlands-ekspedisjonen. Der og då vert draumane om framtidige bragder lagde hos Amundsen, skal ein tru Ytreberg. (Nansen vart fødd i 1861, Amundsen i 1872)

Det som fungerer best i denne boka er skildringa av Sydpol-ekspedisjonen, tredje Fram-ferd. Ytreberg får fram kor vanvittig dristig og ambisiøs denne ferda var. Ein kjenner kulden, svolten, smertene og uvissa gjennom alle dei 99 dagane sjølve marsjen til polpunktet varte. Forfattaren får også fram kor spesielt, farleg og vakkert landskapet på Antarktis er. Den kyniske bruk- og kast-tankegangen av alle hundane er ei anna sak som gir sterkt inntrykk. Eg fann det også interessant å bli meir "kjend med" dei øvrige ekspedisjons-deltakarane. Samhandlinga, samtalane og samarbeidet mellom dei er skildra på ein truverdig måte. Ytreberg fortel om kor stor rolle Roald Amunsen sin storebror, Leon Amundsen, hadde i samband med ekspedisjonen; som forretningsførar, planleggjar, mediekontakt (som det heiter i dag), økonomikontakt og - på ein måte; "støttekontakt" for broren etter heimkomsten.

Slik Ytreberg framstiller Amundsen, var det ingen stolt og lukkeleg mann som vende heim etter sydpolferda. Han var sjølvsagt nøgd med at han nådde målet sitt, men her virkar han usikker, sur og tverr. Kvifor? Ei av forklaringane er at han ventar på anerkjenning frå Nansen, ei anna at Hjalmar sin lagnad plagar han, - men eg tykkjer ikkje boka gir klart nok svar på kvifor Amundsen ikkje er heilt i balanse.
Det forundrar meg at Amundsen vert skildra på den måten. Eg har, på grunnlag av Ragnar Kvam sine biografiar om Hjalmar Johansen og De fire store og Per Egil Hegge sin biografi om Otto Sverdrup, fått eit heilt anna bilete av mannen. Men igjen; dette er ein roman og ein kan difor ikkje sei at Ytreberg tek feil. Korleis Amundsen egentleg var som person er det vanskeleg å vita noko sikkert om i dag.

Amundsen - en roman (kjedeleg tittel, vil eg påstå) er ein biografisk roman der forfattaren baserer seg på mange ulike skriftlege kjelder, ikkje minst dagbøkene til Hjalmar Johansen, Kristian Prestrud, Olav Bjaaland, Helmer Hanssen, Sverre Hassel og Oscar Wisting. (Sistnemnde er forresten liksom oldefar til den fiktive William Wisting, kjend frå Jørn Lier-Horst sine kriminalromanar.) Eg skulle ønska at boka hadde vore meir omfattande. Denne boka handlar om ein avgrensa periode av Roald Amundsen sitt liv, men eg skulle gjerne lest meir om resten av livet hans, om Maud-ekspedisjonen og særleg den dramatiske avslutninga.

Andre bloggmeiningar: Moshonista, GroskroPervoluto

Frå høgre: Amundsen, Bjaaland, Hassel og Wisting framfor teltet "Polheim" på Sydpolen
den 14. desember 1911. Hanssen var fotograf. (Skjermbilete frå http://frammuseum.no)
I boka vert det fortalt om kor viktig denne fotograferinga og poseringa var for Amundsen.

11 kommentarer:

  1. Pause? - i kvart fall ikkje frå Freia
    Eg skjøner'kje mykje av greia
    Ei bok, litt raudvin og sjokolade
    Kvar einaste kveld, eg må berre ha det

    SvarSlett
    Svar
    1. Ah, så vakkert og poetisk ;-)

      God helg!

      Slett
  2. Jeg stupte inn i blogginnlegget ditt og ble sittende å undre meg over Bjørns dikt, helt til jeg scrollet meg til topps igjen og ble mye klokere :)
    Det ser ut som det har blitt populært å skrive om sakprosa til roman. Litt lettere kanskje, å slippe å dokumentere og få lov til å tilegne karakterene både tanker og følelser vi ikke ved for sikkert at de hadde?
    Uansett gir det leserne en "lettere" lese opplevelse, og det er jo ikke å forakte, så lenge vi tar fakta med en klype salt.
    Fikk lyst å lese denne, siden jeg holder meg på begynnelsen av 1900-tallet for tiden :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hehe, eg kan liksom sjå deg der du sit og les Bjørn sitt "dikt" - og ser ut som eit spørsmålstegn..!

      Eg likar både biografiar og dokumentarar, men har også etter kvart fått stor sans for biografiske og dokumentariske romanar. Du har nok rett i at romanane er lettare tilgjengeleg for mange.

      Slett
  3. Dette høres ut som en interessant roman, men jeg ser ikke for meg at det blir en jeg plukker opp i nær framtid. Selv om jeg kanskje burde, jeg kan fryktelig lite om både Nansen og Amundsen, kanskje aller minst om Amundsen for jeg har en kort innføring i deler av Nansens liv fra den tegnede sakprosaen "Nansen over Grønland" av Bjørn Ousland.

    Uansett så var det veldig interessant for meg å lese dine tanker om boka, Berit, litt klokere ble jeg også.

    Sukk, ingen har tilbudt meg verken penger eller sjokolade for å ta en bloggpause ;) Ha en fortreffelig aften!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg tykkjer polarhistorie er kjempeinteressant, men har lagt min elsk på dei som er mindre kjende, dvs. dei som hjalp Nansen og Amundsen slik at dei vart nasjonalheltar.
      Stuntet frå Freia og fotballfrua bør ein vel egentleg berre oversjå, evt. sjå det komiske i det.

      Slett
    2. Det høres ut som du har rettet oppmerksomheten mot noe viktig, uten god hjelp blir man neppe nasjonalhelt.

      Jeg ser både det komiske og det problematiske med stuntet med bloggpause (og forstår veldig godt hvorfor det har blitt kritisert).

      Slett
  4. Interessant å høre hvordan 'romanen' sammenlikner med Kvam. Jeg, som hadde svært begrenset kunnskap om mannen (annet enn biosirkelinnlegg) slukte alt rått. Leste vel ubevisst en eller annen diagnose inn i humørsvingningene, men det er samttida, alt har en diagnose, de plasserer sømløst = høyt og lavt og sur = bipolar (stakkars mann).

    Foretrakk (som deg) slitet mot sydpolen over fordragsturneen, og var (som deg?) forundret over hvor stor plass broren hadde. Kanskje naturlig, noen er bare flinkere til å administrere enn andre...

    (Jeg skulle gjerne hatt Amundsen på langlista)

    SvarSlett
    Svar
    1. Kunne godt tenkt meg Amundsen på langlista, for å få fleire synspunkt og meir blest om boka. Enig i det.
      Om ikkje Amundsen vart bipolar, så i alle fall deprimert - og muligens det som i dag heiter posttraumatisk stressyndrom. Det trur eg var tilfelle med Hjalmar også, i tillegg til dei problema han hadde med rus, samlivsvanskar og økonomi. I dag ville det vore naturleg med bearbeiding, debriefing og oppfølgjing hjå psykolog/psykiatri i etterkant av ein så ekstrem og langvarig ekspedisjon.
      Eg tenkjer at Nansen må ha vore ekstremt sterk både fysisk og psykisk, i tillegg til at han hadde sjølvinnsikt nok til å avslutta deltakinga i dei mest krevjande ekspedisjonane.

      Slett
  5. Takk for link Berit :)

    Jeg lot meg også overraske over hvor sur og mutt han virka i boken. Trodde han skulle være kjempeglad for å oppnå det han gjorde, men var han ikke. Uansett en interessant bok, selv om mye er oppdiktet :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Boka er interessant og har ei annleis vinkling på historia om Amundsen.

      Slett