10. mars 2017

Bokhyllelesing: Haren med øyne av rav

Forlaget Press 2011
334 sider
Kjøpt papirbok 

Etter kvart vart dette ei forholdsvis leseverdig bok - men ho gav ikkje meg så veldig mykje. Deler av boka er fengande, medan andre deler er kjedelege og trege. Det er muleg at eg er for lite engasjert i kunst og har for dårlege kunnskapar i kunsthistorie til å få fullt utbytte av denne forteljinga.

I Haren med øyne av rav fortel forfattaren Edmund de Waal historia om sine eigne forfedre; den ein gong så velståande og mektige jødiske familien Ephrussi. Utgangspunktet er ein arva samling med japanske miniatyrar, netsuker: små figurar laga av hardt tre eller elfenbein. Desse gjenstandane arva Edmund de Waal frå grandonkelen sin, og dei hadde vore eigd av familien i fleire generasjonar. Korleis kunne samlinga framleis vera intakt og bevart - med tanke på alle omveltningane familien hadde vore gjennom i løpet av alle desse åra? De Waal bestemmer seg for å følgja netsukane - og dermed familien - si ferd rundt om i verda.

Familien Ephrussi kom frå Odessa i Russland, men de Waal startar forteljinga si i Paris i 1871. Då flytta Charles Ephrussi, yngste son i familien, til Paris. Denne Charles busette seg i eit herskapeleg hus og levde eit nesten vulgært luksuriøst liv. Han kjøpte og investerte mykje i kunst, mellom anna denne samlinga med netsuker. Netsukesamlinga vart etter kvart gitt vekk i bryllaupsgåve til forfattaren sine oldeforeldre i Wien. Ein får følgja desse miniatyrfigurane gjennom ulike eigarar og arvingar, i tjukt og tunt, i krig og i fred, frå kontinent til kontinent, frå generasjon til generasjon. Forteljinga er litt for saktegåande og omstendeleg etter min smak. Fyrste del av boka handlar for ein stor del om kunst, kultur og arkitektur - noko som berre kjeda meg - og eg var sååå nær å avbryta heile greia.

I del to fortel De Waal om framvekst av nazisme, antisemittisme og jødeforfølgelsar. Vidare får ein følgja familien gjennom fyrste og andre verdenskrig, om depresjon og inflasjon, om motgang, fornedrelsar og tap. Ein kjem i denne delen mykje nærare personane det fortalt om, og dermed vert forteljinga meir levande og meir interessant. Det gir inntrykk å lesa om at familien mista bortimot alt dei eigde i løpet av andre verdenskrig. Også avslutninga av boka er fascinerande og sterk lesing. Dermed justerer eg også terningkastet mitt; frå den svake 3'aren eg i utgangspunktet hadde tenkt å gi - opp til ein 4'ar.

Boka er, i tillegg til dei kulturhistoriske skildringane, ei biografisk framstilling av eit familiedynasti, ei slags reiseskildring - og truleg også ein del oppdikta hendingar. Ein vert kjend med mange ulike personar og miljø og får mange detaljerte og fine tidsbilete. Dersom du er interessert i historie er dette ei brukbar bok. Dersom du er interessert i kunst og kunsthistorie i tillegg, får du ei enno større leseoppleving.

Eg har lest Haren med øyne av rav i samband med runde to i årets Bokhyllelesing. Eg kjøpte boka for eit par år sidan, men ho har berre blitt liggjande. Eg byrja på (det unormalt lange) forordet eit par gonger, men kom aldri skikkeleg i gang med lesinga. Denne gongen hoppa eg over forordet - for liksom å gå "rett på sak" - men det tek altså si tid før boka vert verkeleg interessant.

6 kommentarer:

  1. Det er godt med bokhyllelesning, da får en svi for gamle synder. Ser du leser Dragsug nå, gleder meg til omtalen din :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hehe, det er ikkje alt som er like bra i bokhylla mi heller.
      Har nettopp starta på Dragsug, forventar "høgspenning" og puls av den.

      Slett
  2. Så synd at "Haren med øyne av rav" ikke falt helt i smak! For meg er dette en av de beste bøkene jeg har lest. Ikke først og fremst fordi jeg er opptatt av kunst, men fordi jeg opplevde denne boka som en skildring av hvordan jødene ble behandlet både før, under og etter andre verdenskrig. Netsukene ble bildet på alt som var igjen etter mange levde liv i en hard tid. Men boka er krevende! Den krever mye av oss lesere.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg trur du har rett i at boka er krevjande. Difor vart det heller ingen innertiar for meg, men eg er glad for at eg fullførte.

      Slett
  3. Dette er nok en bok som vokser når man leser den på nytt.

    Boka gjorde et solid inntrykk på meg, og i forbindelse med en tur til Wien oppsøkte jeg Ephrussi-familiens hus, det som er skildret i boka. I dag er bygningen et kjøpesenter, og kun en bitte liten plakett røper dens forhistorie.

    Her er linken til mitt blogginnlegg om boka - i fall du skulle være interessert (😊):

    http://rosemariechr.blogspot.no/2014/01/edmund-de-waal-haren-med-yne-av-rav.html?m=1

    SvarSlett
    Svar
    1. Interessant å lesa omtalen din. Velskrive og grundig som alltid😊. Kan berre slå fast at eg ikkje fekk den same leseopplevinga som andre har hatt.

      Slett