Kva skulle eg gjera? Eg var i gang med Bruce Springsteen sin sjølvbiografi, - kunne den passa? Kan den seiast å vera skriven av ein mann "mett på suksess"? Vel - ingenting tyder på at Springsteen har nådd noko metningspunkt. I ein alder av 68 held han stadig koken. Men ein kan sei at han er såpass mett at han har funne plass og tid til å skriva si eiga historie om sitt eige liv. Han skreiv jo også i si tid ein låt med tittelen 'Hungry Hart'... Med desse (tynne) grunngjevingane fann eg ut at Born to run kan kvalifiserast og kategoriserast som litt mett.
Cappelen Damm 2016
Lydbok Storytel
Opplesar: Håvard Bakke
Born to run er, som så mange andre sjølvbiografiar, svært omfangsrik; papirboka er på 526 sider. Den norske versjonen på Storytel er tredelt; bok 1 har speletid 7t 50 min., andre del er på 6:21 og tredje og siste bok varer i 5t 20 min. Eg trur det er smart å dela opp lyttinga slik at ein ikkje blir "overmett" ;-)
Håvard Bakke si stemme passar svært godt til boka, men på Storytel kan du også finna boka på originalspråket lest av forfattaren sjølv. Hadde eg vore god nok i engelsk hadde eg naturlegvis valgt det alternativet.
Springsteen har brukt lang tid på boka, heile sju år. Det har ført til at boka er gjennomarbeida og grundig, men i tillegg; unødvendig detaljert.
At Bruce Springsteen kan skriva, veit me frå før. Han har skrive låtar og gode sangtekstar som 'Born to run', 'The River', 'Born in the U.S.A.', 'My Hometown', 'I'm on fire', 'Human Touch', 'Streets of Philadelphia', 'Radio Nowhere' - for å ta nokre av dei mest kjende.
Forfattaren Springsteen er dyktig; sjølvbiografien er både velskriven, ryddig og interessant - og han er overraskande open og personleg. På same måte som han gir alt på konsertane sine, gir han alt i denne boka.
Eg ser det som vanskeleg/umuleg å gi noko handlingsreferat; det kan fort bli altfor oppramsande sidan boka er så innhaldsrik. Når det gjeld karrieren hans viser eg til Wikipedia-artikkelen (som truleg er blitt ekstra lang grunna opplysningar som stammar frå denne sjølvbiografien).
Musikken går som ein raud tråd gjennom livet til The Boss og i denne boka. Ein kan lesa om korleis 'Born in the U.S.A.' vart ein av tidenes mest misforståtte sangar og om korleis systera sitt liv vart til sangen 'The River'. Springsteen fortel om kva og kven som har inspirert han og behovet han har hatt for å endra/fornya det musikalske uttrykket sitt. Store musikalske opplevingar saman med The E Street band og som soloartist vert skildra med glød og engasjement. Fleire av låtane hans gjenspeglar røttene og oppveksten i Freehold, New Jersey. I stikkordform handla barndommen om: enkle kår, irsk og italiensk herkomst, arbeidarklassemiljø, katolsk oppdragelse og ein heim der det vart dansa og spelt musikk - men der det også ofte var dårleg stemning.
Familien har likevel betydd svært mykje for Springsteen gjennom heile livet. Det same har vener og kompisar - og i biosirkelsamanheng er det interessant å lesa om venskapet med Steven van Zandt og Patti Smith. Og så er det alle damene! Etter det ein forstår var det mange forhold, kjærestar og one night stands. Med Bruce Springsteen sin karisma og popularitet var det ikkje vanskeleg å skaffa seg kvinneleg selskap, men han trakk seg vekk når det byrja å bli alvor og snakk om varige forhold. Han var nok heller ikkje klar for ekteskapet då han gifta seg fyrste gong i 1984. Den einaste skandalen han har forårsaka/gjennomlevd var då det vart kjent at han hadde eit forhold til bandmedlem og noverande kone Patti Scialfa medan han var gift med si fyrste kone. Omsider fann han ekte kjærleik - og ro: No har Springsteen og Scialfa vore gifte i 26 år og dei har tre vaksne barn.
Bruce Springsteen såg fleire av venene sine på 1960- og 70-talet gå til grunne av narkotikamisbruk og hadde ein far som oppførte seg skremmande når han drakk alkohol. Han valde difor å vera - om ikkje heilt edru - så i alle fall måtehalden. I boka er han open om sine tunge stunder og fortel at han har gått til samtaleterapi i årevis. Det skal fansen vera glad for. Utan hjelp hadde nok ikkje denne mannen blitt noko superstjerne.
Eg tykte som nemnd over at biografien er interessant, men at det tidvis blir litt for pompøst og svulstig, i tillegg til at det er vel deltaljert - og dermed langtekkeleg. Frå før hadde eg eit inntrykk av at Bruce Springsteen er ein usedvanleg sympatisk person og artist - og dette inntrykket er blitt forsterka gjennom lesinga av denne boka.
Eg set stor pris på det Springsteen syner av integritet, vitalitet og musikalitet. Eg har aldri vore nokon blodfan, men eg har likt musikken hans og har t.d. LP-plata 'The River' frå 1980 liggjande ein plass..
Karrieren hans har vore langvarig og suksessrik og det finst uendeleg med konsertopptak og videoklipp på Youtube. Eg har plukka ut eit klipp som syner kor fin type Springsteen er. Dette er frå ein konsert i London i 2013 der mora og den yngste systera hans får vera med på scenen:
Fin omtale Berit. Jeg visste egentlig ikke så mye om Bruce S , jeg har vel heller ikke brydd meg så mye om det, ikke lest en eneste bio om mannen, men så har han fremstått som rimelig traust i rockesammenheng, ingen skandaler, dop, bipolare lidelser, sjelelige skavanker av ymse slag og eksentrisk adferd som jeg kan huske å ha fått med meg. Musikken er ok, men jeg er heller ingen blodfan. Men Bruce har altid vært der, sangene har rullet og gått, vi har sunget med..
SvarSlettJeg leser Food Junkie av Mons Kallentoft, den er veldig innanfor kategorien. Jeg syslet også med ideer om bøker i grenseland fordi jeg fant så lite; Min far Pablo Escobar, Mr. Tourettes. Hadde ikke lyst til å lese om kokkekjendiser, ei heller flere bøker om spiseforstyrrelser, da jeg har lest nok av dem, i alle dem om anorexia.
Det er sant det du seier om at Bruce "alltid har vore der". Eg har fleire bekjente som er superfans og reiser avgarde på konsertar og greier, men eg er ikkje _der_.
SlettOm ikkje akkurat "sjelelege skavankar" så har Springsteen til tider vore depressiv og tungsindig. Han har stadig vore redd for at han arveleg belasta; far hans var alvorleg psykisk sjuk og fekk etter kvart diagnosen paranoid schizofreni. Dette skriv han utførleg om i boka.
Kjenner noen sånne jeg også. Folk betalte gladelig over 1000 for en konsert i Granåsen i Trondheim i fjor, ikke jeg. Og de som reiser med hotell og alt i tillegg, ja ja, dem om det. Jeg har gjort det ift andre artister, men ikke Bruce.
SlettÅ vokse opp med en alvorlig psykisk syk far er ikke bare bare, ikke å ha tilbakevendende depresjoner heller.
Ikke blodfan her heller. Har ett album. Born in the USA. Det albumet alle har/hadde, kanskje mer fordi jeg var musikkkjøpende ungdom på den tida. I ettertid liker jeg eldre Springsteen bedre. Har lenge tenkt å lese engelskversjonen av denne boka (høre), men det er alltid andre bøker, andre folk som frister mer. Muligens har det med denne antatte traustheten å gjøre. Selv om jeg egentlig er svak for dette elementet hor 'rockere'. JonBonJovi feks, som har vært sammen med sin første kjæreste ever i hundrevis av år, uten skandaler (vi vet om).
SvarSlettGodt innlegg. Men passende?
(fniste litt til overmett-heta, syltynn metthetsargument, ville vært bedre om han innrømmet burgerproblemer i terapien, en aldri så lite snev av milkshakeoverdrivelser?)
Heilt enig. Dette innlegget passar ikkje inn i kategorien i det heile tatt. Grunngjevinga er syltynn og eg legg meg paddeflat.
SlettMen gjort er gjort og spist er spist og det er lettare å få tilgivelse enn tillatelse osv. osv.