14. november 2018

Bokomtale: Når barnet ditt ikkje vil leve lenger av Knut Røneid

Sjølvpublisert 
176 sider
Kjøpt papirbok

Dette er utan tvil den boka som har gjort sterkast inntrykk på meg - nokon gong. Grunnen er personleg: Forfattaren er min eigen bror. Det handlar om sonen hans Kristoffer som tok sitt eige liv i 2015, 18 år gammal. Knut har i denne boka fortalt historia om korleis han som far har opplevd tida før og etter.

Det er utfordrande å skriva om boka sidan saka er så trist og når ein står forfattaren så nær, men eg har lova bror min å skriva ein ærleg omtale - og det skal han få. Eg gir ikkje terningkast. I dette tilfellet er det meiningslaust. Eg er på ingen måte nokon "nøytral" lesar.

Å mista eit barn er det verste ein forelder kan oppleva, det er det ingen tvil om. Å finna sin eigen son død må vera ei sjokkerande oppleving som ein aldri kjem over. Å få vita at guten tok livet av seg sjølv er hjerteskjerande.

Når barnet ditt ikkje vil leve lenger er ein svært personleg dokumentar. Det handlar likevel lite om private forhold: Dei einaste som vert namngitt er ektefellen Reidun og Kristoffer sjølv. Me som kjenner familien veit godt kva og kven det handlar om. Andre - som ikkje kjenner dei involverte - kan likevel ha stor nytte av boka.

Sjølv om eg var førebudd på mesteparten av innhaldet vart det utruleg sterk lesing; eg brukte lang tid på dei 176 sidene. Ikkje fordi boka er tung og vanskeleg, men fordi det vart så intenst og nært - og eg følte difor behov for pausar. Knut legg ikkje skjul på noko og fortel ope og ærleg om sine eigne kjensler, om familien si enorme sorg og om kor vanskeleg tida etterpå har vore - spesielt høgtider og merkedagar - men også kvardagar. Om tunge tankar og om meiningslause byråkratiske problem. Om kor lite som skal til før sorga set ein ut av spel. Om alle spørsmåla som melde seg i ettertid: Burde me ha skjønt? Burde me ha sett? Og dernest; kvifor? Kva var årsaka til at ein velfungerande og omtenksam ungdom kunne gjera noko slikt mot dei han var glad i?

Boka gir svar på kvifor Kristoffer ikkje orka å leva lenger. Det heile er djupt, djupt tragisk. Knut gjer greie for detaljane i saka - og rettar skarp kritikk mot dei som etter hans meining fortener det.

Mykje av innhaldet er vondt og vanskeleg å lesa om, men boka gir framfor alt eit rørande bilete på sorg og foreldrekjærleik. Knut gir uttrykk for stor takksemd for støtta han og familien har fått frå mange hald; frå bygdefolk og nærmiljø, frå kollegaer og arbeidsgjevar - og trekker spesielt fram organisasjonen LEVE.

LEVE driv informasjonverksemd og arbeider for openheit omkring sjølvmord. Kvart år er det omlag 600 menneske som tek sitt eige liv her i landet, så det er i høgste grad eit samfunnsproblem det er snakk om her. Knut og Reidun valde óg å vera opne om kva som hadde hendt med Kristoffer - fyrst og fremst for at andre skal unngå å oppleva det same som dei. Auka kunnskap og større openheit rundt sjølvmord er eksempel på sjølvmordsførebyggande tiltak.

Det finst elles ingen "rett" måte å sørga på. Eg vil tru at det er like mange måtar å sørga på som det finst sørgande. Sorgarbeid tek i alle fall TID og det går gjerne i bølger. Nokre ser ut til å takla det "fint", det vil altså sei at dei ber sorga inni seg. For Knut har skrivinga av dette bokmanuset og å slita seg ut på sykkel vore rett "medisin".  Livet gå vidare, som det heiter. Sjølv når alt ser som mørkast ut, finst det lyspunkt.
"Ein kan sørge og sakne i veker, månader og år, men ein MÅ holde ut, fordi det er alltid nokon som treng deg. Kanskje det ikkje kjennest slik ut, men dersom du har eit barn som har begått sjølvmord, så har du alltid nokon andre som treng deg. Du MÅ holde det gåande, enda så vondt det er, fordi nokon andre treng deg."
Ein føler seg gjerne usikker og hjelpelaus i møte med etterlatte etter sjølvmord. Kva kan ein sei liksom? Vel - ein treng ikkje sei så mykje. Eit handtrykk eller ein klem er nok.

Sjølv om Når barnet ditt ikkje vil leve lenger omhandlar ei ufatteleg trist sak, er det ei lettlest og godt komponert bok. Kapitla er korte, logiske og oversiktlege, språket er ganske flytande. Nokre få korrekturleifar finst, men sjølv ein rettskrivingsnazist som meg overser det. Knut er sakleg, fornuftig og forbausande open. Han skriv med snert og formulerer seg godt. Det syner han jamnleg óg på bloggen 1-2, 1-2, testing, testing der han m.a. skriv om sykkelturar og fjellturar, om musikk og film - og om norsk narkotikapolitikk.

Det er ikkje så enkelt å gi ut ei bok for ein amatørforfattar. Knut har teke kontakt med både store og små forlag, men vart avvist. Som kjent er det kun ein brøkdel av dei manusa forlaga får inn som vert tekne inn i varmen og utgitt. Løysinga var å gi ut boka sjølv - og eg meiner det er berre positivt. Ved å gi ut boka sjølv har ho blitt akkurat slik forfattaren har ynskt. Dersom ein forlagsredaktør hadde fått kloa i Knut sitt manus ville nok vedkommande ha bearbeida og omstrukturert ein god del - men eg trur at leseopplevinga dermed ikkje ville ha blitt så bra - så ekte.

Kristoffer var eit stille og snilt barn og ein høfleg og sympatisk ung mann. Eg skulle gjerne sett at det fantest eit bilete av han i boka slik at folk som ikkje kjende han kunne sjå kor flott han var.

Knut har skrive ei leseverdig bok til ettertanke for nokon kvar. Temaet er viktig og dessverre: stadig like aktuelt.

- - - - - - - - - -

Vil du lesa meir om temaet? Har du eller nokon du kjenner opplevd noko liknande? Då er du kanskje interessert i å kjøpa og lesa denne boka. Ta i tilfelle kontakt med underteikna på beroene@gmail.com eller skriv i kommentarfeltet så skal eg formidla kontakt.

Slik ser forfattaren ut. Foto: sognavis.no 

10 kommentarer:

  1. For en tøff bror du har som våger å dele historien sin. Godt å høre at denne personlige historien ikke er privat, det er en fin balansegang. Sender deg en mail jeg, denne har jeg lyst å lese :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, Knut er ein tøffing.
      Ei slik bok kunne lett blitt sentimental, klein og navlebeskuande. Det er ikkje denne.
      Takk for at du vil lese boka, Tine. Er spent på kva ein utanforståande meiner.

      Slett
  2. Kjære Tante Berit.

    Dette var sterkt. Du skriver nøkternt om boken, og desto sterkere er det å lese, nettopp fordi det rommer et hav av sorg, fortvilelse, bitterhet, savn og - kjærlighet. Akkurat som i boken, vil jeg anta.

    Det er synd at forlagene ikke anser markedet stort nok for en slik utgivelse, for det ER et marked der ute. Kanskje ikke like mange lesere som Jojo Moyes og Jo Nesbø, men et enda VIKTIGERE marked. Det er alle de pårørende som har opplevd det samme. Alle de menneskene rundt pårørende som famler etter ord og ikke vet hvordan de skal oppføre seg. Alle lærere, sykehuspersonell... alle som er, eller kan komme i, situasjoner der man må håndtere mennesker i krise.

    Jeg er glad pappa Knut orket å gjennomføre og gi ut boken. Den kommer til å være til hjelp for mange. - Og så tenker jeg at det er en fin måte å forlenge Kristoffers liv på. Gi det meningsløse mening.

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for den fine tilbakemeldinga, Eli.

      Slett
  3. Det var trist å lese Berit. Føler hvor vanskelig både boka og omtalen må ha vært å skrive.

    SvarSlett
    Svar
    1. Du har heilt rett. Det var vanskeleg. Eg brukte ualminneleg lang tid på omtalen óg. På den eine sida måtte/burde eg vera nøktern og sakleg, og på den andre sida måtte eg ta omsyn til alle kjensler og minner som vart fornya og forsterka medan eg las.

      Slett
  4. Skjønner veldig godt at det må ha vært vanskelig å lese bok, skrive omtale- og at broren din har våget dette å skrive bok, skal han ha all honnør for.
    Jeg vil gjerne kjøpe boka, så formidle gjerne det til din bror. Min adr: artesblogg@gmailcom

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har vidaresendt kommentaren din til Knut. Han tek kontakt.
      Takk for at du vil lese boka.

      Slett
  5. Hei Berit. Kjempetøft av Knut å skrive denne boka for veit kor tøft dette må være. Å miste eit barn er det tøffaste ein kan oppleve og skjønnar godt det måtte være å skrive anmeldelse her. Vil gjerne kjøpe den så formidle korleis eg får kjøpt den. Klem frå meg

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei, beklagar sein tilbakemelding. Du kan bestille boka ved å sende ein mail til knut.roneid@gmail.com.

      Slett