19. mars 2019

Vinterlesing: Norsk krim 2018

Nok eit krimsamleinnlegg: Tre kjappe omtalar av fjorårets norske.

Nullpunkt av Jørn Lier Horst og Thomas Enger

Lydbokforlaget 2018
Speletid 11.10
Lånt lydbok biblioteket


Verken Jørn Lier Horst eller Thomas Enger er mellom mine krimfavorittar. På ingen måte; Lier Horst sin krimhelt William Wisting er eg lei av for lenge sidan og Enger sin Henning Juul-serie, som byrja så lovande, enda for meg på ein utilfredsstillande måte. I utgangspunktet var eg såleis skeptisk til dette samarbeidet og til denne boka, men eg ville gjerne gi forfattarane ein ny sjanse. Nullpunkt er fyrste i ein planlagd serie.

Det opnar ganske friskt. Språket er enkelt og boka er greit komponert. Ein skjønnar at dette er ein slags seriemorder-thriller; ein sjanger som eg ofte likar. Etter kvart oppdagar ein likevel at plottet er så oppkonstruert, uverkeleg og lite truverdig at det går ut over den spenninga som forfattarane har prøvd å opparbeida. Hovudpersonane er (stereotypisk nok) ein middelaldrande politimann med ei fortid og ein ung kvinneleg journalist med private utfordringar. Etter kvart som eg nærmar meg slutten av boka merkar eg at det er verken spennande eller nifst, berre dumt. Helge Winther-Larsen gjer på si side ein god jobb som opplesar av lydboka.

Nullpunkt er enno ei av desse lettleste og lettgløymde krimbøkene. Jørn Lier Horst og Thomas Enger tilfører ingenting nytt med denne boka; eg hadde heile tida ei kjensle av at eg hadde lest alt saman før. Terningkast 3-.



Isbjørngåten av Hans Olav Lahlum

Cappelen Damm 2018
349 sider
Lånt ebok eBokBib


Så over til noko heilt anna - og til ein forfattar som faktisk har tilført noko nytt innan norsk krimlitteratur. Med serien om K2 og Patricia har Lahlum laga eit eige og "nytt" univers, med ein heilt eigen skrivestil og med røter i den klassiske kriminallitteraturen. Eg tykkjer han har lukkast godt. At han er litt "ufrivillig morosam" av og til er berre sjarmerande.

Isbjørngåten handlar om to ulike forsvinningar/ kidnappingar med omlag 40 års mellomrom. I 1973, i romanen si notid, vert ein tenåring meldt sakna. Det viser seg at guten sin biologiske far er ein rik og mektig mann - og at han har opplevd å mista ein son tidlegare. Er det ein samanheng mellom hendingane eller er det to ulike saker? Det er berre eitt av dei spørsmåla som Kolbjørn K2 Kristiansen må finna svar på. Saka vert lenge halden hemmeleg, men etter kvart må K2 ty til både media og til hjelparen Patricia.

Dette er bok nummer åtte i serien, men alle bøkene er frittståande og ein treng ikkje nødvendigvis lesa dei kronologisk. Isbjørngåten er ikkje superspennande, men anbefalast til alle som har sans for eit skikkeleg gammaldags kriminalmysterium. Terningkast 4.


Paradisets hjerte av Roar Sørensen

Asiaforlaget 2018
Lånt ebok eBokBib

Bokserien om Stingo er skikkeleg bra. Både Magellans korsSmertens aveny og Mørkets blod ga meg gode leseopplevingar - så dette er bøker som fortener meir merksemd og fleire lesarar. Den forrige boka var mørk, dyster og voldsom. Denne nye er heilt annleis - noko som også kjem tydeleg fram av coverbileta. Med Paradisets hjerte har forfattaren "leika seg"; dette er ei sprudlande og lettlest forteljing, meir som ein krimkomedie. Boka står seg fint åleine og ein må ikkje lesa dei føregåande før denne. Ho er velskriven og velkomponert og byr på opptil fleire overraskingar undervegs.

Handlinga er lagt til eit norsk miljø på Filippinene, og forteljinga startar med at Stingo er vitne til eit tilsynelatande naturleg dødsfall. Det skal imidlertid visa seg at det er enkelte uklare omstendigheiter - og ekspolitietterforskar Stingo får i oppdrag å finna ut kva som egentleg har skjedd. Oppdraget vert farefullt og utfordrande på mange måtar.

Paradisets hjerte er ein underhaldande og befriande "unorsk" actionkrim. Sørensen skriv med engasjement og krydrar historia med vittige metaforar og gode person- og miljøskildringar. Men bak den tøffe humoren og sarkasmen kan ein finna alvor, realisme og aktuell tematikk. Eg gir terningkast 4+. 

13 kommentarer:

  1. Herlig å se hvor samstemt vi er. Isbjørngåten ble en av mine DNF i fjor, mens jeg syntes Nullpunkt hadde mange svakhetspunkter. Historien fra Fillipinene derimot, fenget et par hakk mer enn ditt terningkast tilsier, så denne håper jeg mange får øynene opp for.

    SvarSlett
    Svar
    1. Anita: Eg skjønnar heller ikkje kva DNF betyr.

      Tine: Nullpunkt var skuffande, hadde verkeleg forventa noko betre. Eg likte godt 'Paradisets hjerte' og vurderte å gi betre karakter, men så er eg "streng" og ga nyleg '1793', 'Åpen sjø' og 'De venstrehendtes forening' terningkast 5 - og dei var ærleg talt betre leseopplevingar enn denne. Så dermed landa eg på ein sterk 4'ar.

      Slett
    2. Did Not Finish..
      (sånn som bruker å stå på resultatlista når man avbryter løp -)

      Slett
    3. Takk for oppklaringa, Ingalill. Det burde eg ha skjønt.

      Slett
  2. Lahlum har jeg enda tilgode, men han står på planen. Har ei i hylla, nemlig.
    Men nå har jeg nok med å lese de nye krimbøkene jeg har fått i hus, gjøre meg kjent med Motte og Hjorth&R, samt lese de som ligger igjen fra 2018.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ps. Så din bror på nyheten i går..:)

      Slett
    2. Eg har registrert at du har rikeleg med krimlesestoff på vent. Kos deg med bøkene!

      Det var eit innslag i lokalnyheitene om kampanjen til Helse Vest m.fl. om sjølvmordsforebygging der han var med. Eg reknar med det er det du siktar til? Viktig sak i alle fall!

      Slett
    3. Ja,masse spennende nytt fremover nå. Takk takk. På vei til Oslo nå og Krimfestivalen og tvangslesing også i dag .
      Viktig sak, og ja, d var det innslaget .

      Slett
  3. Ikke lest noen av disse, hverken forfattere eller bøker
    , men gir meg nå norskekrimmen i vold. Damhaug, helt til jeg blir lei.
    (Sliter forresten med Utmarker)

    SvarSlett
    Svar
    1. Damhaug er god på psykologi og psykiatri (og han er jo psykiater) og skriv svært godt. Han er ein av mine norske favorittar. Men boka hans med tittelen Syk rose fann eg aldri ut av - så det vart ei DNF-bok. (Lærte nettopo eit nytt uttrykk, hehe)
      Dumt at du slit med Utmarker, og eg forstår ikkje kva som er så slitsamt med den. Du høyrer på svensk lydbok? Er opplesaren "feil"? Vanskeleg å få tak i det som skjer? Uklare perspektivskift? Eg las boka sjølv, på norsk, og tykte ho var fabelaktig.

      Slett
    2. Det er sikkert meg. Ukonsentrert. Skjønte plutselig ikke hva som foregikk. Måtte spole. Koblet ut igjen. etc og etc. Har lest for mye chic i det siste, kanskje hjernen var på hvilebluss, nektet å koble seg fra romantikken?. Har ca 1 time igjen, og det har tatt seg opp på slutten. Har begynt å høre ETTER, framfor å bare høre FERDIG, fordi jeg kjeder meg.

      (svensken, opplesern og alt det der, fungerer fint)

      Slett