7. november 2019

Bokomtale: Djevelens øyne av Roar Sørensen

Asiaforlaget 2019
343 sider
Lånt ebok eBokBib

Handlinga i den femte boka i serien om Stingo er (som dei føregåande) lagt til Filippinene. Det eksotiske miljøet og det (for oss) framande samfunnet er ei interessant ramme for ein velskriven og underhaldande krimserie.

Stilmessig er bøkene ganske ulike. Sjølv har eg meir sans for dei mørke og dystre (Smertens aveny, Mørkets blod) enn den forrige; den fartsfylte og nesten muntre Paradisets hjerte, men dette er naturlegvis ein smakssak.

Djevelens øyne har høgt tempo og rikeleg med action. Plottet er forholdsvis enkelt og boka er difor rask å lesa. Stingo framstår som ein blanding av MacGyver og inspektør Clouseau - og litt Philip Marlowe. Sjangermessig har boka mest til felles med tradisjonell hardkokt krim der den tøffe detektiven med dei vittige replikkane ordnar opp i tøffe og farlege omgjevnader.

Samstundes tek Sørensen opp reelle problemstillingar i det filippinske samfunnet; forhold som kunne vore henta frå den verkelege verda. Ein får eit visst innblikk i levekåra der, og fleire eksempel på at fattigdommen kan få folk til å utføra dei mest uhyrlege handlingar. Forfattaren peikar på korleis moral og etikk forvitrar når kampen for tilværet er så tøff som her. Det er enkelt å vera moralsk når ein er rik, som ein av karakterane i boka seier.

Denne gongen er Stingo på ferie, men det blir lite avslapning, for å sei det slik. Ein tysk turist som held til i nabohytta hans vert arrestert, anklaga for valdtekt og mord på ei ung jente. Stingo kan gi tyskaren alibi, men "nokon" ynskjer ikkje at dette skal bli kjent. Litt seinare tek den fengsla turisten sitt eige liv - og mykje tyder på at han har fått "hjelp". Stingo får så i oppdrag av familien i Tyskland å finna ut av saka.

Det vert ei farefull, einsam og utfordrande sak for Stingo. Etter kvart vert situasjonen desperat, konfrontasjonane mange og valdsskildringane tilsvarande tøffe. Spenninga ligg ikkje i om Stingo klarar seg, men korleis - og om han tidsnok klarar å redda to barn frå pedofile overgriparar.

Tematikken i boka er verkeleg opprørande; kidnapping, overgrep og drap - på barn. Boka har ingen detaljerte skildringar av desse overgrepa altså; enkelte ting bør og skal overlatast til lesaren sin fantasi. Men ein kjenner jo til at på Det mørke nettet finst det, rundt omkring i heile verda, sjuke folk med perverse lyster. Folk som etterspør bilete og filmar der det vert vist valdtekter og drap på barn og anna liknande innhald.

Sidan tematikken er så vond, er det befriande for lesaren at det er lagt inn litt humor, galgenhumor og sarkasme innimellom - slik at ein får nokre pustepausar.

Denne lesaren er kresen og kravstor, og eg tykkjer som sagt innleiingsvis at eit par av dei føregåande bøkene er betre enn denne. Men for all del - Djevelens øyne anbefalast. Boka er sjølvstendig og avsluttande og kan godt lesast åleine sjølv om ho er del av ein serie.

Andre bloggmeiningar: Tine sin blogg

4 kommentarer:

  1. Takk for lenke Berit, synd denne ikke gikk til topps hos deg :) Er enig i at litt humor i språket gir en fin kontrast til de grusomme skildringene av livet på skyggesiden.

    SvarSlett
    Svar
    1. Dette er så absolutt ei bra bok og ein sterk 4'ar. Sidan eg gav Smertens aveny og Mørkets blod terningkast 5, vart det logisk for meg å gå ned eit hakk med denne.

      Slett
  2. Takk for hyggelig anmeldelse.
    Fornøyd med den siden jeg også denne gangen har gjort alt selv: språkvask, korrektur, redaktør, ombrekking, trykking osv.
    Skrevet på ca. to måneder, i likhet med Paradisets hjerte.
    Vanskelig å få tid og overskudd til mer.
    Boka er faktisk bygd på en virkelig historie.
    https://en.wikipedia.org/wiki/Peter_Scully

    SvarSlett
    Svar
    1. Kjekt med tilbakemelding frå forfattaren. Det er imponerande at du gjer alt arbeidet sjølv.

      Har googla denne Peter Scully. Skrekk og gru. Så motbydeleg. Det som skjer i den verkelege verda overgår dei mest bestialske og utspekulerte kriminalforteljingane.

      Slett