19. desember 2019

Kort om: Miraklenes natt av A.J. Kazinski

Lydbokforlaget 2019
Speletid 12:28
Kjøpt lydfil


Bok nummer fem i serien om Niels Bengtson er langsam og omstendeleg, men svært spennande likevel. Det er sanneleg godt gjort av forfattarane å halda spenninga og intensiteten oppe gjennom heile boka.

Døden er eit sentralt tema i Miraklenes natt. Døden - men også livet - samt jakta på mirakelet. Hannah er dødssjuk og har lagt ut på ei siste reise, i eit desperat forsøk på å bli frisk, å finna eit mirakel. Ho reiser fyrst til Lourdes, deretter til Jerusalem. Her i denne heilage byen oppsøker ho dei stadene som er så sentrale i kristendommen, som Via dolorosa. Samstundes jobbar Niels heime i København med ei spesielt grotesk sak der ein ung mann er blitt torturert til døde - på eit kors.

Niels og Hannah sitt privatliv og dei utfordringane dei står ovanfor er eit ekstra spenningsmoment i forteljinga. Den kjærleiken dei kjenner for kvarandre er så vakker - og står i sterk kontrast til dei ugjerningane den hakkende gale mordaren utfører. Sjølv om denne gjerningspersonen i eigne auge gjer noko vakkert og riktig når han "ofrar".

Eg har lest dei fire foregåande bøkene som lydbok, og valde det denne gongen óg. Haakon Strøm si stemme er heilt perfekt for denne serien, tykkjer eg. Men tidvis kjenner eg at eg mistar konsentrasjonen når eg lyttar til boka: Dei svevande tankane og dei mange religiøse fabuleringane gjer meg ein smule utålmodig og uinteressert. Samstundes er det viktig å få med seg resonnement og tankerekker som er relevante for den etterforskinga det vert fortalt om.

Bak forfattarnamnet A.J. Kazinski står dei to danskane Anders Rønnow Klarlund og Jacob Weinreich. Med Niels Bengtson-serien har dei to skapt ein original krimserie med ein heilt særeigen stil; ein slags blanding av etterforskarkrim, eventyr og mystikk. Eg likar krimdelen best, men "heng med", i alle fall til ein viss grad, når det gjeld dei avsnitta som har med teologi/mytologi og vitenskap å gjera.

Sjølv om eg var førebudd på ei urealistisk handling vart det litt mykje denne gongen, så boka nådde ikkje heilt til topps hos meg. Likevel må eg konkludere med at Miraklenes natt er ein fantasifull, underhaldande og tankevekkjande roman. 

2 kommentarer:

  1. Spent på hvordan du likte denne, ja. Jeg likte den også godt. Håper ikke det blir slutt på serien, men det kan jo virke slik med den slutten og etterordet spesielt.
    Jeg har vært i Lourdes og Jerusalem og gått i disse pilgrimsfotsporene og sett "galskapen" og det gjorde det ekstra interessant. Særlig Lourdes var vanvittig med alt turistnipsbutikkene med Jomfru Maria-figurer og flsker til å helle hellig vann på, og lange køer med syke og deres pleiere som ønsket å bli helbredet ved brønnen der Bernadette fikk sin åpenbaring.
    Jaja..
    Jerusalem er også vanvittig, men der er det så mye annet- en smeltedigel av kulturer og reilgioner og interessant på en helt annen måte.

    SvarSlett
    Svar
    1. Om ikkje det er siste bok, så blir i alle fall den neste heilt annleis, tenkjer eg. Med den avslutninga, som du seier.
      Eg hadde ikkje ein gong høyrt om mirakla i Lourdes før. Skjønnar at det er meir interessant når ein har vore der. Jerusalem er så mangt. Ein heilag by for både kristne, jødar og muslimar.
      Spent på omtalen din!

      Slett