5. desember 2019

Bokomtale: Drapet på Entry Island av Peter May

Goliat forlag 2019
428 sider
Lånt ebok

Entry Island ligg i øygruppa Magdalen Islands som ligg mellom dei meir kjende stadene Nova Scotia og Newfoundland og er ein del av den kanadiske provinsen Quebec. Den vesle øya (6 km²) er eit engelsktalande samfunn med omlag 130 innbyggjarar, medan resten av øygruppa, i likskap med størsteparten av denne provinsen, er fransktalande.

Dette språklege er grunnen til at Sime Mackenzie vert ein del av etterforskargruppa når det har skjedd ein mord på Entry Island. Den drepte var rik og mektig og kan ha fleire potensielle fiendar, men alt tyder på at ektefellen, den vakre og eksentriske Kirsty, er den skuldige. Som engelsktalande er Sime ansvarleg for dei fyrste avhøyra av den mistenkte, men alt frå fyrste stund føler han at det er noko som ikkje stemmer. Han får dessutan umiddelbart ei kjensle av at han kjenner Kirsty, sjølv om han ikkje kan ha møtt henne tidlegare. Korleis kan dette forklarast?

Hovudpersonen Sime er ein noko tung og dyster karakter; deprimert etter samlivsbrot og prega av ei personleg krise som forverrar seg i løpet av etterforskinga. I tillegg vert han uforklarleg betatt/besatt av den mistenkte. Og som ikkje dette er vanskeleg nok vert det heile ytterlegare komplisert ved at eksen hans er med i etterforskarteamet. May skildrar Sime sine frustrasjonar, draumar og tankar på ein overbevisande måte. Overbevisande er óg skildringane av miljø, verforhold og samfunnsforhold på ein slik aude plass.

Notidssaka, som altså handlar mest om dette drapet på Entry Island, er ei heller tradisjonell og forutsigbar kriminalgåte. Men, som i Svarthuset, får lesaren ei parallell historie frå fortida. Den er interessant og godt fortalt og gjer at leseopplevinga totalt sett vart så god for meg. I den historiske delen av boka skal me til eit anna fascinerande øysamfunn; til dei Ytre Hebridene - til Harris og Lewis som me kjenner att frå Lewistrilogien. Det handlar om fattigdom, utnytting, fordriving og ulukkeleg kjærleik. Ei dramatisk og velskriven forteljing basert på faktiske historiske hendingar.

Midten av 1800-talet var ei tid prega av sosial naud for mange, både i Irland, Skottland og dei tilhøyrande øysamfunna. Stikkord er potetpest, hungersnaud (the Great Hunger) og fordriving/utrensking (the Highland Clearance). Ullprisane var høge, så godseigarane trong beitemark til sauene sine. Dermed vart småbønder, husmenn og familiane deira brutalt jaga vekk frå svarthusa sine. Mange bukka under av sjukdom og svolt, andre vart rett og slett drepne. Atter andre emigrerte til fjernare himmelstrøk fordi livsgrunnlaget og kulturen deira vart borte. Mellom dei som havna i Canada finn me Sime Mackenzie; ein forfader av "vår" Sime Mackenzie, politietterforskaren. Slik vert notids- og fortidshistoria i boka fletta saman.

Eg hadde store forventningar til denne boka, og dei vart i stor grad innfridde. Styrken i boka ligg i den historiske delen. Her briljerer forfattaren med stemning, kunnskap og innleving. Når det gjeld notidssaka er han farleg nær å gå "over streken" når det gjeld dramatiske hendingar og tilfeldigheiter. Det blir ikkje særleg truverdig når plottet er så tydeleg oppkonstruert. Eg konkluderer difor med terningkast 5 minus.

Andre bloggmeiningar: Bjørnebok, Artemisias verden

4 kommentarer:

  1. Denne har jeg også lest, ser ut som vi flesket til med bloggomtale på samme dag :) Ser at jeg var hakket mer lunken enn deg til denne.

    SvarSlett
    Svar
    1. (Ilar inn i bloggen din for å lesa)

      Slett