21. desember 2020

Bokomtale: Felemakaren av Edvard Hoem

Oktober 2020
350 sider
Lånt ebok BookBites

Edvard Hoem har hatt stor suksess med slektsromanane sine. No er han ute med ein ny roman basert på historiske personar (sine eigne slektningar) og verkelege hendingar. Dette er den femte boka i serien om familien i Rekneslia, men denne gongen tek han eit langt steg bakover i tid. Hovudperson er Lars Olsen Hoem (1782 - 1852). Han var grandonkel til Serianna, gift med Knut Hansen Nesje, sjølvaste Slåttekar i himmelen og forfattaren sin oldefar.

Ei hending i 1792 får stor innverknad på livet til Lars. Tenestejenta Guri, som Lars er så glad i, vert vekke. Den siste som såg henne var Lars sin halvbror Pe - han som er far til barnet Guri ventar. Pe vert mistenkt for å ha teke livet av Guri, men vert frifunnen. Lars klarar likevel aldri å kvitta seg med mistanken - og dei to brørne er ikkje på talefot lenger. Forteljinga/sagnet/mysteriet om Guri som forsvann har følgd familien i generasjonar, og har tydeleg også gjort inntrykk på forfattaren.

I Noreg var "folk flest" fattige rundt år 1800. På kontinentet herja Napoleonskrigane, og Danmark-Noreg, som i byrjinga var nøytralt, kom etter kvart på Frankrike si side. Eit av verkemidlane i krigen var gjensidige blokadar som førte til kornmangel og hungersnaud. (ref. Terje Vigen)

Lars vert uroleg, taus og inneslutta etter hendinga med Guri og lengtar vekk og ut. Av eigenskapar kan nemnast at han er skuleflink, musikalsk, netthendt, sterk og som alle andre unggutar på kysten på den tida; flink til å ro. Desse ro-ferdigheitene gjer at han vert beordra til Det romsdalske Compagnie. Saman med 50 andre marsjerer Lars i fleire veker gjennom Noreg og Sverige mot København for å bidra i kampen mot fienden England. Slik hamnar Lars Hoem midt i det blodige slaget på Københavns Red i 1801.

Når Lars vender heim finn han framleis ikkje roa. Han reiser til sjøs, men skipet han er ombord i - galeasen Christina Maria - vert kapra. Det vert starten på fem år i engelsk krigsfangenskap. Forfattaren skildrar tilværet på fangeskipet Brave på ein levande måte; ein føler på kroppen kor uhygienisk, kummerleg og trøysteslaust det er og kor svoltne og utmatta fangane er. Samstundes forstår ein at det vart lagt opp til ei heilt usedvanleg kunstnerisk og kulturell fridom på Brave. Ein av medfangane er ein fransk felebyggar og Lars vert etter kvart handtlangaren hans. 

Vel ute av prisonen er Lars sin utferdstrang stagga, men heime hjå mor og far ser han ingen framtid. Draumen om å segla eiga skute er lagt i grus for alltid, men kanskje han ein dag kan få råd til å kjøpa utstyr til å laga feler? I Kristiansund møter han Gunhild; ho som har venta på han lenge sjølv om ho aldri har sett han. Dei flyttar saman der i klippfiskbyen og med tida gifter dei seg og får heile sju døtre. Det er vel heller tvilsamt om dei "levde lukkelege alle sine dagar", - til det var det nok for mange bekymringar og for mykje slit og strev. Men slik som Edvard Hoem framstiller det, fann dei kjærleiken. Den flittige og grublande Lars og den meir pragmatiske Gunhild passa godt saman. 

Lars laga opp gjennom åra mange feler, men det var vanskeleg å leva av felemakeriet. For å spe på inntekta og for å metta alle munnar måtte både Lars og Gunhild ta seg arbeid der det var å få. Det gjer spesielt stort inntrykk å lesa om kvinnene som hadde den harde jobben med å vaska saltfisk i samband med produksjon av klippfisk. 

Eg likte boka veldig veldig godt! Edvard Hoem har atter ein gong gitt oss ei lærerik og gripande leseoppleving.
Det dokumentariske vert fletta "saumlaust" inn i det diktariske. Forfattaren viser til det som finst av dokumentasjon på felemakaren sitt liv; kyrkjebøker, arkiv, militærrullar og fangeprotokollar. Der det ikkje finst kjelder, har forfattaren dikta fram truverdig hendingar.

Det er ikkje gitt noko hint, men eg anar at det kan komma fleire bøker basert på Hoemske forfedre og -mødre. Kanskje vert ein av døtrene til Lars og Gunhild hovudperson i neste bok? 

Andre bloggmeiningar: Tine sin blogg, Kleppanrova, Øystein Hauge

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar