14. mars 2022

Bokomtale: Fedrenes misgjerninger av Åsa Larsson

Gyldendal 2022
533 sider
Lånt papirbok privat

Eg vart veldig glad då eg oppdaga at det skulle komma ei ny bok i serien om Rebecka Martinsson. Den forrige kom ut i 2013, så denne boka har vore etterlengta. Fedrenes misgjerninger er den sjette og (mest truleg) avsluttande boka i serien. 

Sidan eg likte alle dei tidlegare bøkene i serien så godt hadde eg høge forventningar til denne - men eg trur nok at eg hadde skrudd forventningane mine for høgt. Det er trass alt mange år (og mange bøker!) sidan sist, og eg er sikkert blitt meir kresen med åra. Eg tykkjer boka er for lang/tjukk og at handlinga i enkelte deler av boka er altfor saktegåande.

Når det er sagt: Fedrenes misgjerninger er ei velskriven og gjennomarbeida bok og eit verdig punktum for ein bra serie. Naturskildringane er flotte og karakterane er så "heile" og "ekte" som dei kan få blitt.

Dette er nordkalottkrim, med ei handling lagt til det fascinerande landskapet i og rundt Kiruna. I notidshistoria er det vårvinter, eit begrep som seier mykje om natur og klimatiske forhold. Larsson viser eksempel på korleis endringar i naturen påvirkar menneska. Vidare fortel ho om samiske og finske tradisjonar og kulturinnslag i området. Ho nemner òg dette med sentralisering og sosiale tilhøve, utan å gå altfor djupt inn i slike problemstillingar. For boka er fyrst og fremst ein kriminalroman. 

Ein mann vert funnen død i heimen sin. Dødsårsaka ser ut til å vera rusrelatert, men så vert ein annan mann også funnen død - i frysaren til den fyrste døde mannen. Dermed vert det sett i gang grundigare etterforsking, og det viser seg at liket i frysaren har lege der i lang tid. Rebecka Martinsson vert etter kvart involvert. Det er ikkje heilt uproblematisk sidan mor hennar ein gong var fosterbarn i den eine døde mannen sin familie. 

Så går drapsalarmen på nytt, ikkje langt frå den fyrste funnstaden. Er det ein samanheng? (Sjølvsagt, sidan dette er ein kriminalroman. Men ingen andre enn Rebecka ser ut til å forstå at sakene heng saman..)

Eg hugsa veldig lite frå dei tidlegare bøkene, men mykje - både folk, stader og samfunn - kom tilbake til meg medan eg las. Eg "kjende att" både Anna-Maria, Sivving og Krister. Eg hugsa Rebecka sine problematiske forhold til menneska rundt seg - og det tilsvarande nære forholdet hennar til hundar. Ho tek ofte uforståelege og risikable val, men når me er blitt kjend med ho forstår me kva ho tenkjer og kvifor ho handlar som ho gjer.

Gjennom tilbakeblikk vert me kjende med Börje Ström, om den vanskelege oppveksten hans og om boksekarrieren hans. Tilbakeblikka er tildels nyttige for å forstå enkelte hendingar og handlingar i notid, men eg tykkjer dei tek litt mykje plass. Detaljerte scener frå boksetreningar og -kampar har ei begrensa interesse, for å sei det slik.

Fedrenes misgjerninger
er i det heile meir interessant enn spennande. Det handlar mykje om vanskelege familieforhold og andre kompliserte relasjonar, om gammal og ny kjærleik, og om at livet kan by på nye sjansar sjølv når utgangspunktet er mørkt og vanskeleg. 

Dersom boka hadde vore redigert betre, kunne det blitt ein ekstra prikk på terningen.

4 kommentarer:

  1. Og jeg som liker at krim er spennende.... Her i Bergen er det lang kø på biblioteket, men jeg står i den, så jeg får nok lest boken om en stund. Gøy å lese omtalen din :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Samla sett er det ikkje så veldig spennande, men det er mykje dramatikk samt spenningstoppar innimellom.
      Dersom du har lest dei foregående bøkene bør du få med deg denne òg.

      Slett
  2. Jeg ville lese denne boka etter jeg leste anmeldelsen i Adressa, der den fikk en sekser. For meg er det helt ok med rolig krim ala Stina Jackson. Synes det er ekstra spennende at den er fra Kiruna, ved grensa til Norge/Narvik, og gruvearbeidet, husker jeg rett. Var i Narvik i født og ble nysgjerrig på gruve- og jernbanesluskenes virksomhet. Og så er farslekta mi fra traktene der oppe.
    Her står jeg langt nede i bibliotek-kø, ti mnd.
    Har fått låne lydboka på Bookbites, men orker ikke så mye lydbok for tiden.

    SvarSlett
    Svar
    1. Terningkast 6 er i overkant, men ein 5'ar kan vera forståeleg. Enig i at det er mykje interessant historie frå Kiruna. Det er også interessant det som skjer no, - heile byen skal flyttast fordi det er fare for at han kan rasa saman. Dette vert det også fortalt litt om i denne boka.

      Slett