28. mars 2022

Bokomtale: Isløsning av Arne Dahl

Cappelen Damm 2022
398 sider
Kjøpt papirbok


Det er med noko bortimot skrekkblanda fryd eg byrjar på ei ny bok i denne serien. For eg veit på førehand at det er mørkt, makabert, skummelt og nervepirrande. 

Isløsning er den femte boka om Berger & Blom, etter 1. Utmarker, 2. Innland, 3. Åpen sjø og 4. Friheten. Bøkene bør lesast kronologisk. Dersom du klikkar deg inn i bokomtalane mine, ser du at eg er veldig begeistra for både serien og forfattaren.
Handlinga tek til ei tid etter den sjokkerande avslutninga i forrige bok. Plottet er også denne gongen av det innfløkte og usannsynlege/urealistiske slaget, men boka er som alltid frå denne forfattaren; velskriven og velkomponert - og med mange overraskingar undervegs.

I Isløsning handlar det nok ein gong om seriedrap, men det er ikkje fullt så bloddryppande som i Friheten. Det er greitt nok, for i forrige bok vart det litt i overkant. 

Tematikken "evig liv", medisinske eksperiment og avansert genforsking er interessant. Tittelen "isløsning" kan spela på vårløysing og opptining. Utan å røpa for mykje kan eg sei at den opptininga som finn stad her er av eit heilt anna slag. 

Forteljarstemmene tilhøyrer vekselvis dei to tidlegare politifolka, no privatetterforskarane, Sam Berger og Molly Blom, samt politikvinna Desiré «Deer» Rosenkvist. Ei anna forteljarstemme i kursiv tilhøyrer ein annan ukjent person. Det er uklart om det er gjerningsperson, offer eller vitne og det er heller ikkje sagt noko om det er notid eller fortid. Kva som er samanhengen her vert gradvis avslørt for lesaren. 

Deer slit med store fysiske (og kanskje psykiske?) skadar etter opplevingane i forrige bok då ho vart utsett for grov vald frå russisk mafia. For Sam og Molly er situasjonen annleis. Dei har etter kvart fått det bortimot normalt, med felles barn og firmaet Båthuset Security som dei driftar i lag. Når Deer kontaktar dei i høve nokre uoppklarte drap tek dei villig på seg nye utfordringar.

Den 5. mars vert ein eldre mann funnen død på ein strandkant i nærleiken av Stockholm. Han er utan tvil drepen; mengder av knivhogg tyder på eit voldsomt raseri. Den døde mannen kan ikkje identifiserast og er ikkje mellom dei som er registrert sakna. Den 5. april skjer eit nytt mord og enno eit mord den 5. mai. Fellesnemnaren, i tillegg til dato, er at dei er uidentifiserbare, har eit merkeleg DNA og at funnstadane er veldig like.
Ingen andre enn Deer ser samanhengen og ho møter motstand frå overordna. Ho vert pålagd å jobba med ei anna sak; eit par tilfeller av øksedrap. I skjul arbeider ho likevel vidare med strandmord-sakene saman med Berger og Blom. Kan det vera snakk om to ulike seriemordarar på same tid i det same området? Vel - lesaren blir ikkje spesielt overraska når det viser seg at det er ein samanheng. Men korleis sakene heng saman vert ei stor overrasking. 

Eg veit ikkje om eg har møtt ein tilsvarande spektakulær og utspekulert antagonist nokon gong tidlegare. Gjerningspersonen (eller -personane?) liksom leikar seg og strør om seg med spor og villspor medan våre folk" - Sam, Molly og Deer - vert meir og meir frustrerte. Puslespelbitane er mange og fleire av brikkene manglar. Eller kanskje det heller er for mange bitar i puslespelet? 

Isløsning er ei kompleks, opprørande og skikkeleg spennande bok, meir thriller enn politikrim.

Som sagt innleiingsvis er ikkje handlinga særleg realistisk og truverdig, så dersom du er ein krimlesar som har høge krav til realisme og logikk vil du kanskje likevel bli skuffa over boka. Har du derimot evne til å sjå vekk frå tilfeldige, overdrevne og usannsynlege hendingar og heller sjå på boka (og serien) som eit slags eventyr - då vil du få ei bra leseoppleving. 

Eg vart reint varm om hjertet heilt mot slutten av boka, for då får me eit overraskande gjensyn med ein kjær gammal kjenning. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar