1. november 2022

Oppsummering oktober 22

Påbyrja i september, fullført i oktober:
Øistein Borge - De nakne - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Bo Svernström - Lekene - Svensk krim - Lyd Storytel

Lest i oktober: 
Hans Olav Lahlum - Søskenmysteriene - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Pascal Engman - Rottekongen - Svensk krim - Lånt papirbok privat 
Tomm Kristiansen - Mørk safari - Biografi/dokumentar - Lyd Storytel
Levi Henriksen - Ned ned ned - Noveller - Lyd Storytel
Jan-Erik Fjell - Cassandra-saken - Norsk krim - Lånt lydbok BookBites
Tove Alsterdal - Synkehull - Svensk krim - Lånt ebok BookBites
Påbyrja og ikkje fullført
Nina Lykke - Full spredning - Norsk roman  [avbraut]

Påbyrja i oktober, fullførast i november:
Gert Nygårdshaug - Quintessence - Norsk roman - Lånt ebok BookBites
Jens Henrik Jensen - Gladiator - Dansk krim - Lånt lydbok BookBites

4 lyd, 3 ebøker, 1 papir
5 lånt, 3 abonnement
6 krim, 1 biografi, 1 novellesamling
5 norske, 3 svenske
7 menn, 1 kvinne
"Nye" forfattarar: Kristiansen, Engman (+ Lykke)

Høgdepunkta i oktober vart (noko overraskande) ei bok av ein (til no) ukjent svensk krimforfattar, ein biografi utgitt fyrste gong i 1998 og ei novellesamling frå 2004.

Rottekongen er nummer to i serie, men den fyrste eg har lest av Pascal Engman. Den ga meirsmak.
Eg hadde heller aldri lest noko av Tomm Kristiansen før, men kjenner godt til han som journalist og tidlegare Afrika-korrespondent. Mørk safari er biografien om Henry Stanley (han som kom med den velkjende replikken «Dr. Livingstone, I presume?») og er interessant, grundig, lærerik og velskriven. Samt godt opplest av forfattaren sjølv.
Den tredje boka som får terningkast 5 av meg denne månaden er novellesamlinga Ned ned ned av Levi Henriksen. Eg likar romanforfattaren Henriksen, men er enno meir begeistra for novelleforfattaren. I novellene i denne boka vert det fortalt om dei nære ting og om store og små utfordringar livet gir. Også denne lydboka vert lest av forfattaren.

Eg kan anbefala både Cassandra-saken, Synkehull, Lekene og De nakne, men tykkjer nok at både Fjell, Alsterdal, Svernström og Borge har levert betre ved tidlegare høve. Søskenmysteriene av Hans Olav Lahlum er mellom dei beste i retrokrimserien om K2 og Patricia, men eg kan likevel ikkje strekka meg lenger enn til terningkast 4+. 

Nina Lykke har gitt ut ny bok no i haust, og det har fått ei viss merksemd. Eg fann då ut at det var på tide for meg å lesa Full spredning - Brageprisvinnar i 2019. Eg var skeptisk på førehand, for norske samtids- og samlivsromanar er ikkje akkurat mi greie. Vel - eg gjorde eit forsøk, men det viste seg at skepsisen var på sin plass. Eg likte rett og slett ikkje den masete og klagande forteljarstemma/hovudpersonen og den dårlege humoren - så eg ga opp.

I november skal eg prøva å få litt meir liv i denne bloggen. Det har vore lite aktivitet dei siste månadene.
(Eg skriv dette her for å leggja litt press på meg sjølv)

6 kommentarer:

  1. Fatter ikke at du avbrøt Lykke. En av mine favorittforfattere. Hun er morsom og tar ting så på kornet. (vel, vel, hver sin smak;))
    Har lest Pascal og Alsterdal av dine denne gang. Jeg synes serien til Pascal er knallbra. Liker også Alsterdals bøker godt, og denne.
    Borge sin har jeg på vent her.
    Spent på hvordan du liker Quintenssence- /vanskelig tittel- , usikker på om jeg skal lese den.
    Ønsker deg en fin november Berit:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har fått med meg at Lykke er både populær og kritikarrost, men den boka passa ikkje meg. Då er det like greit å gi seg.
      Har ikkje komme så langt i den nye av Nygårdshaug, så kan ikkje sei så mykje om den enno. Enig i at tittelen er vanskeleg, reknar med at ein får ein forklaring på det undervegs.

      Slett
  2. Jeg sitter også med en spontan what?! etter å ha lest at du avbrøt Lykke. Jeg venter på den, og blir enda mer nysgjerrig på den romanen nå. Det er bare Cassandra-saken jeg har lest av dine, men kjenner igjen krim-smaken din på dine valgte titler.
    Tove Alsterdal har jeg fulgt, men Synkehull har jeg ikke fått med meg. Var heldig, den var ledig på biblioteket, så da får jeg lest den snart. Skal sjekke ut Eggum-bio, etter jeg har sett ferdig forfatterintervjuet jeg følger med på på Deichman akkurat nå :)
    Ha en fin kveld Berit!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ingen bøker passar for alle, og Full spredning passa ikkje for meg.
      Så eg held meg til det eg veit eg kan lika; mest krim og litt dokumentarar og biografiar.

      Slett
  3. Tomm Kristiansen sin leste jeg for mange år siden, husker den godt (før jeg begynte å blogge). At man ikke liker de samme bøkene er fint og utfordrende for da må man finne ut av det selv. Jeg er ikke glad i krim bøker (En sjelden gang) men full spredning likte jeg. :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Veldig bra at lesesmaken er ulik egentleg. Om alle las og likte det same ville det blitt meiningslaust å driva med bokblogging :-)

      Slett