14. januar 2023

Norsk krim 2022 del 5

Eg kan ikkje sleppa heilt tak i fjoråret: Her kjem eit nytt samleinnlegg med krimbøker utgitt i 2022.

Hund uten grav av Torkil Damhaug
Cappelen Damm 2022
459 sider
Lånt ebok BookBites

Eg har alltid store forventningar til Damhaug sine bøker, og vart ikkje skuffa denne gongen heller. Hund uten grav er ein velskriven og velkomponert thriller frå mannen som har fått Rivertonprisen to gonger. Kan han bli den fyrste som får prisen for tredje gong? Han er i alle fall i ein annan divisjon enn dei fleste andre norske krimforfattarar. 

Handlinga foregår rundt eit avgrensa tal personar. Den fyrste er TV-journalisten og talkshow-verten Gina Witt. I eit program inviterer ho ei ung kvinne som har anmeldt eit overgrep og den unge mannen som er blitt anklaga for det. Programmet vekkjer ei viss oppsikt og får alvorlege konsekvensar. 

Den neste er den mest sentrale personen i boka: Fred Rivers, tidlegare profilert advokat, no ferdigsona for drap på ei kvinne. Me har møtt han tidlegare, i boka Glasshjerte. Eks-kona til Rivers er syster til Gina Witt. Rivers si dotter Silje har ikkje kontakt med far sin, men er nær knytt til tante Gina. Og så vert det Silje som finn tanta si drept..

Rivers har opphalde seg i same omådet som drapet vart begått og er redd for å bli mistenkt og innblanda. Samstundes er han bekymra for at Silje kan vera i fare. Ytterlegare komplisert vert det av at han har eit hemmeleg forhold til politikvinna Nina Jebsen, sentral i etterforskinga av drapssaka.
Av andre karakterar i boka er det vesle Leon som gir mest inntrykk på meg som lesar. Leon har nemleg sett noko den dagen drapet vart begått. Damhaug klarar å formidla kva ein liten gut tenkjer og trur om hendingar som han er altfor ung og umoden til å forstå. 

Tittelen peikar på noko hemmeleg, ein bakanforliggande årsak til det som skjer. Men det viser seg at tittelen også har ein heilt konkret forklaring; nemleg ein hund i nabolaget som er sporlaust vekke. 
Hund uten grav er ei svært spennande bok. Litt treg start kanskje - sidan det er ein del som skal byggjast opp innleiingsvis - men etter kvart vert det heilt umuleg å leggja frå seg boka.
Terningkast 5.


Det siste stykket hjem av Ørjan N. Karlsson
Gyldendal 2022
Speletid 9:55
Lånt lydbok BookBites

Eg trudde Karlsson var ny forfattar for meg, men fann ut at eg faktisk har lese ei bok av han tidlegare; Kongens råd, i 2019. Men eg hugsar absolutt ingenting av innhaldet. 
Uansett; Det siste stykket hjem er fyrste bok i det eg reknar med/ håpar kan bli ein serie. Hovudperson Jacob Weber ga eit solid fyrsteinntrykk. 

Boka ga meg assosiasjonar til Frode Granhus sin populære Lofotkrimserie. Noko av det skuldast omgivelsane og naturskildringane, men det er òg andre ting: Stødig språk, gjennomarbeida plott og truverdige karakterar. Samt at forteljinga er bygd opp rundt uoppklarte saker i fortid og mystiske hendingar i notid.

Politietterforskar Jacob Weber ved Bodø politistasjon får ein ny kollega; Noora, som tidlegare har jobba ved Kripos i Oslo. Saman skal dei etterforska ei sak der ei ung dame er blitt vekke medan ho var på joggetur. Ei tid etter vert ei anna kvinne sakna under liknande omstendigheiter, denne gongen på Røst. Sakene er kompliserte og ytterlegare vanskeleg vert det sidan begge, kvar på sin måte, har private utfordringar. 
I ein parallell tråd møter me ein person som køyrer rundt i ein bubil. Det denne personen tenkjer - og gjer - er skikkeleg ubehageleg å lesa om. Ei anna forteljarstemme er bygdeoriginalen Peder. Me forstår at han - og mor hans - har ei rolle oppi det heile, men kva? 

Det siste stykket hjem er, trass i eit noko komplisert plott, ei lettlest og grei krimbok med aktuell tematikk. Litt treg start, men desto bra tempo mot slutten. Om noko skal innvendast er det tendensane til overforklaringar, samt at det blir vel mange tilfeldigheiter undervegs. Dei uventa tvistane på slutten er overraskande, men som krimlesar forventar ein også at det skal skje noko uventa.

Opplesar av lydboka Christoffer Staib gjer ein grei jobb; han har god diksjon og les med passe innleving.
Terningkast 4+.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - 

Fleire innlegg:
Norsk krim 2022 del 1
  - Lazarus av Kjell Ola Dahl, Rødt kort av Kurt Aust, Formørkelsen og dens lys av Jørgen Brekke
Norsk krim 2022 del 2
  - Metusalem-prosjektet av Tom Egeland, Ut av tiden av Jan Mehlum, Natteløperen av Karin Fossum
Norsk krim 2022 del 3
  - Blodmåne av Jo Nesbø, Fremmedlegeme av Unni Lindell, De nakne av Øistein Borge
Norsk krim 2022 del 4
  - Cassandra-saken av Jan-Erik Fjell, Søskenmysteriene av Hans Olav Lahlum

Eg har altså lest 13 av dei norske krim- og spenningsromanane som kom ut i fjor. Det er eit lite fåtal av alt som blir gitt ut.
Ingen av forfattarane er debutantar. Tvert imot, dette er "gamle travarar" som i mange tilfelle har gitt ut utallige bøker tidlegare. 

1 kommentar: