17. august 2022

Norsk krim 2022 del 2

Tre av våre mest røynde krimforfattarar har nyleg gitt ut bøker. Tom Egeland kom med den 10. boka i Bjørn Beltø-serien, Jan Mehlum med den 20. boka i Svend Foyn-serien og Karin Fossum med bok 2 i den nye serien hennar om Eddie Feber.

Metusalem-prosjektet av Tom Egeland
Bonnier norsk forlag 2022
456 sider
Lånt papirbok privat

Arkeologen Beltø leiar eit utgravingsprosjekt der det vert gjort opptil fleire overraskande funn. Ikkje lenge etter vert ein av deltakarane i prosjektet drept - og ein heilt spesiell gjenstand forsvinn. Og så skjer eit nytt drap..
Dermed er me i gang med ei ganske så underhaldande og interessant forteljing. Eg har lest alle dei tidlegare bøkene i serien og er blitt veldig glad i antihelten Bjørn Beltø - sjølv om bøkene har variert, både i kvalitet og innhald.

I Metusalem-prosjektet handlar det om norrøne gudar, om bibelske mystiske kjempar og om oppdaginga av Vinland. Mellom mykje anna. Handlinga går føre seg rundt omkring i fleire land på kloden.
Boka kan karakteriserast som ei eventyrforteljing og eg likte godt det eg las - lenge - men etter mitt syn held det ikkje heilt til mål. Årsaka kan eg ikkje sei her fordi eg då røpar noko vesentleg av handlinga. Boka er også minst 100 sider for lang.

Eg likar at boka er krydra med tørr humor og sjølvironi og at sceneskifta og perspektiva er tydelege for lesaren. Eg er også imponert over all researchen forfattaren må ha gjort på førehand. For forbausande mykje av det som vert fortalt er historisk og vitenskapeleg korrekt. Eg kosa meg egentleg meir med etterordet/oppslagsverket på slutten enn sjølve boka.
Terningkast 4.


Ut av tiden av Jan Mehlum
Gyldendal 2022
Speletid 9:22
Lånt lydbok BookBites

Svend Foyn er ein annan serie-/antihelt som eg er blitt godt kjent med etter kvart. Den fyrste boka i serien (Gylne tider) kom ut i 1996, men Foyn er ikkje blitt stort eldre på desse åra. Slik er det i bokverda.
Advokat Foyn sine faste følgesvener Hulda (hunden, som heller ikkje er blitt så veldig gammal), Jaguaren (bilen) og Alice (tilogfrå-kjæresten) er sjølvsagt med. Men ein annan kjenning frå tidlegare bøker - overrettssakførar Salvesen - går ut av tida i denne boka. Det er Foyn sjølv som finn han, knivstukken og drept. (Dette skjer heilt i starten av boka, så det er ingen spoiler)

Det viser seg at Salvesen har hatt kontakt med folk frå fleire ytterleggåande miljø. Kan motiv for drapet finnast i desse ekstreme miljøa eller er det ein heilt annan forklaring?
Som alltid jobbar Foyn på sida av den offisielle etterforskinga og gjerne med alternative metodar, heilt på grensa av det som er lovleg. Forteljarstemma er sakleg, men også herleg sarkastisk når det passar slik. Andre kjenneteikn med denne boka (og serien) er samfunnsaktuelle tema og høg grad av realisme. 

Eg likte boka, men kunne nok ønskt meg meir driv og spenning.
Det er sjølvaste Nils Nordberg som er opplesar av lydboka. Han gjer jobben på ein strålande måte.
Terningkast 4+.


Natteløperen av Karin Fossum
Cappelen Damm 2022
186 sider
Lånt papirbok privat

Eg vart veldig paff då eg fekk boka i hende. Ho er så tynn! 
Men er det nokon som er i stand til å fortelja ei stor historie med få ord - så er det Karin Fossum.
Her finst ikkje fyllstoff, her er ikkje ein einaste overflødig setning eller replikk. Boka - ein psykologisk thriller meir enn ein krim - er altså truleg grundig gjennomarbeida.

Fossum har lagt bort Konrad Sejer og presenterte den nye etterforskaren sin, Eddie Feber, i forrige bok. Me vert litt betre kjend med han denne gongen. Han framstår som ein spesiell, sjarmerande og dyktig politimann, men framleis tykkjer eg at han er litt "vag". Eg vil tru at det kjem fleire bøker etter kvart slik at me får sjå ein meir tydeleg Feber, for å sei det slik. 

I Natteløperen er det forbrytaren lesaren får eit nærgåande bekjentskap med. Fossum er flink til å spela på kjensleregisteret til lesaren; vekselvis tykkjer ein veldig synd i denne personen og andre gonger kjenner ein meir på ubehag, skrekk og frykt. Og eg kan godt sitera meg sjølv frå ein tidlegare omtale: "Eg veit egentleg ikkje om nokon som skildrar skakkøyrde personar på ein så overbevisande måte som nettopp Fossum."

Eg klagar ofte på at bøker er for tjukke, for omstendelege og/eller langtekkelege. Det er absolutt ikkje tilfelle her. Denne er heller litt for kort. Handlinga er ikkje superspennande, men har ein nerve og noko foruroligande som ein kjenner på heile vegen. Og avslutninga? Den er trist, men i ettertid ser eg at historia faktisk ikkje kunne ha enda på ein annan måte.
Terningkast 5-.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar