19. juli 2013

Ei grei veskebok

Nyskrivne noveller av Aslak Nore, Stein Morten Lier, Birger Baug, Kurt Aust og av sjølvaste Chelsea Cain. Samt tidlegare publiserte noveller av Kim Småge, Unni Lindell og Tom Egeland. OG nokre eldre perler frå André Bjerke, Torolf Elster og P.D. James.
Sommerkrim frå Aschehoug er ein fin blanding, til sals i daglegvarebutikkar. Før opp kaffi, juice og krimbok på handlelista!

15. juli 2013

Bokomtale: Stormen av Frode Granhus

Schibsted forlag 2012
331 sider

Naturen og naturkreftene gir ei effektfull ramme til denne stemningsfulle og svært spennande kriminalromanen. Boka er veldig lettlest og fortlest, med korte kapittel og eit ikkje så altfor omfattande persongalleri.

Handlinga i Stormen er lagt til Reine i Lofoten og det vert veksla mellom to tidsplan. Under ein kraftig storm skjer eit stort jordras som gjer at nokre gamle knoklar vert avdekka. Det viser seg at levningane tilhøyrer ein gut som budde i området for omlag 50 år sidan, og som ein har trudd drukna ved eit uhell den gongen. Når undersøkingar syner at vedkommande har vore utsett for grov mishandling, må saka takast opp på nytt.

På pleieheimen i bygda ligg ein sterkt brannskadd ukjend person. Dei tilsette kallar han Hero, fordi han vert oppfatta som ein helt. Åndsfrisk, men utan i stand til å kommunisera, oppdagar Hero at nokon prøver å ta livet av han, og det på ein sakte og smertefull måte.

Boka er godt komponert, der lesaren får avdekka stadig nye glimt frå dei tragiske og dramatiske hendingane i fortida. Perspektivet skiftar ofte. Historiane vert fortald gjennom hovudpersonen politimannen Rino Carlsen, den gamle politibetjenten Berger Falch, den brannskadde Hero, samt gjennom ein ukjend person sitt brev til Aline.

Stormen er ei spennande bok med gode miljøskildringar og godt driv, og har dessutan ein uventa vri på slutten. Dei nye og dei gamle historiane vert knytt saman på ein forståeleg og truverdig måte. Om noko skal innvendast når det gjeld sjølve handlinga, må det vera tilhøva på den lokale pleieheimen.

Trur forresten eg må ta meg ein tur på biblioteket og låna Malstrømmen, boka som føregår før Stormen reint kronologisk sett. Boka gav meirsmak og Granhus er ein forfattar eg skal halda auga med i framtida.

14. juli 2013

Smakebit på søndag: Det som ventet meg

Parinoush Saniee er iransk psykolog, pedagog og forfattar. Boka Det som ventet meg kom ut i Iran i 2004, og er den best selde samtidsromanen i landet - trass i at ho i periodar har vore forboden. Tema er kvinner og islam; om tvangsekteskap, undertrykking og overgrep. Boka kom på norsk i 2012.

Me er i Iran på 60-talet. Familien til eg-personen Masoumeh flyttar frå ein strengt religiøs liten by til storbyen Teheran. Masoumeh er skuleflink og får lov av foreldra sine til å gå på skule, noko dei strenge brødrene hennar er sterkt imot. Når Masoumeh møter den unge mannen Said, fører det til varme og svært forbodne kjensler. Sjølv om det egentleg er heilt uskuldig, får Masoumeh juling av brødrene. Det hastar med å få gifta bort Masoumeh før ho skaffar familien meir skam og vanære. At Masoumeh protesterer og ber om å sleppa, nyttar ikkje. Ho vert gift: 
Jeg kan ikke huske at jeg svarte "ja" under bryllupssermonien. Mor klemte meg hele tiden hardt i overarmen og sa:
"Ja, si ja."
Til slutt var det noen som sa "ja", og alle sammen klappet.
 
Min bror Mahmoud og noen av mennene som satt på rommet innenfor, ropte ut velsignelsesfrasen Salawat. Noen ord ble utvekslet, men jeg fikk dem ikke med meg. Det hang et slør foran øynene mine. Jeg så alt flyte i dis og tåke, stemmene var bare mumling og ga ingen mening. Forhekset stirret jeg fremfor meg. Det var overhodet ikke viktig for meg hvem denne mannen som satt ved siden av meg var, selv nå som han var ektemannen min! Hvordan så han ut? 
Alt var over, og Said hadde ikke kommet. Drømmene og fantasiene mine hadde fått en bitter slutt. Å, Said, hva har du gjort mot meg?

Det som ventet meg er lydboka eg les akkurat no. Anne Ryg formidlar stemningen i boka på ein fin måte.

Smakebitar frå mange ulike bøker finn du kvar søndag hos Mari og den fine bloggen Flukten fra virkeligheten.

12. juli 2013

Mengele Zoo - Folkets favoritt

Ei bok som ikkje går i gløymeboka med det fyrste..

Mengele Zoo vart kåra til "Folkets favoritt" av Dagbladet og NRK i samband med Litteraturfestivalen på Lillehammer i 2007. Ganske overraskande vann Gert Nygårdshaug framføre forfattarar som Ibsen, Undset og Hamsun. Boka kom ut på Solum forlag i 1989, og trass i gode kritikkar, tok ikkje salet av på nokon måte den gongen. Fyrst då Cappelen ga ut boka på nytt i paperback-versjon i 1995 tok interessa av, fortalde forfattaren til NRK då den nemnde kåringa fann stad. I desse dagar er det 20. opplaget på veg ut - Mengele Zoo får stadig nye lesarar. Deriblant underteikna.

Gert Nygårdshaug har gitt ut mangfoldige bøker i mange ulike sjangar. Sjølv har eg stor sans for krimserien om hobbydetektiven, kodeeksperten og gourmetkokken Fredric Drum. Spesielt likte eg den fyrste boka, Honningkrukken, som har eit plott og ei løysing som er hinsides alle andre krimbøker eg har lese. Elles har bøkene i Drum-serien etter mi meining ulik kvalitet.
Eg har også lest Dverghesten og Søthjerte, - dei likte eg rett og slett ikkje. Boka Nullpluss byrja eg på ein gong, men avbraut. Ei Nygårdshaug-bok som eg likte veldig godt er Chimera. Eg høyrde lydboka i fjor, og gav den då ein femmar på terningen. Handlinga i øko-thrilleren Chimera er lagt til ei nær framtid og tema er m.a. miljøvern, klimakrise og befolkningsauke.
Korleis me menneske forvaltar ressursane på jorda, er også hovudtemaet i Mengele Zoo.


Mino Aquiles Portoguesa veks opp i ein liten landsby i regnskogen ein stad i Latin-Amerika. Jungelen er full av vakre og sjeldne sommarfuglar, og far til Mino lærer sonen å fanga og preparera desse. Så ein dag, når Mino kjem attende frå sommarfugljakt, er landsbyen borte og alle innbyggjarane slakta ned. Mino er 11 år og åleine i verda. Han bestemmer seg for at han ein dag skal hevna seg - og går ut på vandring.

Boka er politisk og samfunnskritisk; forfattaren rettar eit kraftig angrep mot kapitalisme og imperalisme, mot undertrykking og utbytting av Den tredje verda, mot utnytting av naturressursar. Fokuset er miljøvern og berekraftig utvikling, fortalt på ein lettfatteleg og naiv måte gjennom augene til Mino. Eg likte best den fyrste delen av boka, der me føl barnet Mino gjennom eit omflakkande liv med ufattelege utfordringar og fantastiske eventyr. Han møter fattigdom, ondskap og brutalitet, men òg venskap og kjærleik. Ein omreisande tryllekunstnar tek seg av Mino ei tid, han vert kjæreste med den vakre Maria Estrella og får ein ven for livet i Orlando. Mino er ein gløgg gut, og gjennom den leseglade Orlando finn Mino fram til verda av bøker. Orlando fortel Mino om nazilegen Josef Mengele som flykta til Sør-Amerika etter krigen og som hadde planar om å gjera heile Latin-Amerika til sin eigen private zoologiske have; Mengele Zoo.

Etter fleire år på flukt sler Mino og Orlando seg saman med to andre medstudentar og dannar ein organisasjon dei kallar Mariposa-bevegelsen. (Mariposa er spansk og betyr sommarfugl) Dei fire har ulike bakgrunner, men har ei sterk fellesskapskjensle og idèen om at dei skal redda verda: For at verda skal kunna reddast må regnskogane reddast. For at verdas befolkning skal reddast, må maktpersonar og andre som har utøvd miljøkriminelle handlingar - drepast. Aksjonane - terroren - vert gjennomført over heile verda, dei fire i organisasjonen er listige, heldige og dyktige. Akkurat denne delen av boka er litt ubehageleg å lesa - ein føler med eitt ein sterk sympati med terroristar. Men Mariposa-gruppa sine terroraksjonar er målretta og "rettferdige" og råkar kun dei ansvarlege for grove overgrep og miljø-øydeleggingar. Ja, så dyktig utført at verdsopinionen er i ferd med å snu. Folk og media skjønnar kvifor gruppa handlar som dei gjer: Motivet er å redda verda, redda regnskogen, redda jungelen og sommarfuglane.

Eg trur ikkje Nygårdshaug oppfordrar til terrorisme gjennom denne boka, men han set ting på spissen og får lesaren til å sympatisera med dei fire "prektige" terroristane - og med saka.
Mengele Zoo vekkjer mange ulike kjensler: beundring og sympati, men også avsky og skrekk. Alt i alt er dette ei viktig bok - og ei bok til ettertanke. Ei bok som er både skremmande og fascinerande, men som også er ei eventyrbok. Skildringane av natur, miljø, menneske og relasjonar er glimrande. Og sjølv om tematikken og handlinga er blodige og alvorlege, finst det mykje å humra over i boka òg. Her er rikeleg med humor, sarkasme og ironi.
Anbefalast varmt!

Oppfølgingsbøkene til Mengele Zoo; Himmelblomsttreets muligheter og Afrodites basseng, vert sett på leselista for hausten.

Eg har lytta til lydbokversjonen av Mengele Zoo, og har med vilje brukt lang tid. Ei slik bok kan ein ikkje berre "fossa gjennom".

9. juli 2013

Stormen på vent

Heldigvis ikkje i bokstavleg forstand. Rett nok ausregnar det her no, men Yr.no lover godvêr att i morgon. Eg er åleine heime, midt på dagen, midt i ferien, og utan spesielle planar for dei næraste dagane. Ein perfekt feriedag med andre ord, trass i at veret er grått.

Stormen eg siktar til i overskrifta er sjølvsagt ei bok; Stormen av Frode Granhus, - ei bok som kom ut i 2012, som eg har hatt på vent ei stund og som eg ser fram til å lesa. Granhus vart nominert til både Bokhandlerprisen og Rivertonprisen for Stormen. Forlaget presenterer boka på denne måten:
Med sin særegne evne til å skape uhygge, har Frode Granhus nok en gang skapt en krim det er umulig å legge fra seg.
Under en stormnatt i Reine i Lofoten løsner en diger steinblokk og pløyer en dyp renne i fjellet. Raset avdekker det som ved første øyekast ser ut som små bein og knokler.
En forbrent skikkelse ligger på pleiehjemmet i bygda. Ilden har fratatt ham synet, taleevnen og størstedelen av bevegelsesevnen. Smertene er konstante, men han lever. Uheldigvis er han ikke i stand til å fortelle noen at smertene tiltar, at en ukjent fiende sørger for at han får det enda litt verre, dag for dag. At faren er størst nettopp her, hvor han burde være tryggest..
Handlinga er lagt til Lofoten og det vert veksla mellom to tidsplan; ei historie frå fortida og ei frå notida. Eg har ikkje lest noko av Granhus tidlegare, men satsar på at kronologi ikkje er så naudsynt i dette tilfellet. Stormen er den fjerde kriminalromanen hans.

Dersom du har lyst til å sjå andre ventebøker - og kanskje få eit boktips eller to - ta ein tur innom Beathesbokhylle og Boken på vent.

7. juli 2013

Smakebit på søndag: Inferno

Søndag kveld alt, kvar vart denne helga av tru..?

Søndag betyr eit besøk innom bloggen til Mari, Flukten fra virkeligheten for å sjå kva andre bokbloggarar byr på av smakebitar frå bøkene dei les. Som regel plukkar eg med meg eit tips eller fleire når eg er innom spalten En smakebit på søndag.

Inferno på hytteterrassen..



Eg les Inferno. Dan Brown er attende slik som eg likar han. Professor Robert Langdon med vakkert og genialt kvinneleg reisefølge - heseblesande på leit - og på flukt - rundt omkring i kunst- og kulturbyar, denne gongen er handlinga lagd til Firenze, Venezia og Istanbul. Historia liknar på Da Vinci-koden og Engler og demoner, - så eg storkosar meg :-)

Turistinfo og konspirasjonsteoriar. Kunsthistorie og symbolikk. Mellomalderlitteratur og hemmelege dørar. Skjærseld og helvetes pinsler. Alt i ei einaste graut av ei bok, - men dette er stor underhaldning!

Til høgre ser du eit glimt frå side 298 i boka.

Klikk på biletet så vert det såpass stort at du kan lesa teksten. Om du då orkar å lesa teksten som går rundt og rundt og rundt..


4. juli 2013

Bokomtale: Elskede Sputnik av Haruki Murakami

Lydbokforlaget 2010
Opplesar: Duc Mai-The
Speletid: 7 t 32 min

Eg har tidlegare i år lese 1Q84 bok 1, 2 og 3 - og vart med dette bokverket både bergtatt og betatt av Haruki Murakami sitt univers. Elskede Sputnik byr på mykje av den same tematikken; einsame menneske i storbyen, som kretsar rundt kvarandre - nesten som satelittar -  i kvar si verd. Den sære humoren, som eg likte så godt i 1Q84, er ikkje tilstades i same grad. Det alternative, absurde og surrealistiske tek heller ikkje fullt så stor plass i denne boka.

Den ytre handlinga er kort sagt slik:
Forteljaren K er lærar på ein barneskule og elskar Sumire. Men Sumire har ingen slike kjensler for K, så han lyt nøya seg med å vera den trufaste venen hennar. Sumire på si side elskar Miu, som er ei sytten år eldre gift kvinne. Men Miu elskar ingen, - ho har opplevd noko i fortida som gjer at ho ikkje er i stand til det. Miu vert Sumire sin arbeidsgjevar og ven, og etter ei tid reiser dei saman til Europa. K vert oppringd av Miu og bedt om å komma til den greske øya dei har opphalde seg: Sumire er sporlaust vekke.

Språket er fantastisk og poetisk, enkelt og melankolsk, stemningsfullt og magisk. Setningar og samanlikningar som ikkje kan - ja, samanliknast med noko eg ikkje har lese før. Personskildringar og karakteristikkar som gjer at du "ser" menneska det vert fortalt om. Skildringar av sex, kropp og begjær som er litt kleine og naive og på grensa til å vera pinlege. Hovudhistoria som stadig vert avbroten av digresjonar, samtalar, dokument og sidehistoriar.

Når språket er så vakkert; kvifor då ikkje høgre terningkast enn fire?
For det fyrste: Handlinga. Historia heng ikkje heilt saman og er litt kjedeleg. Heldigvis er boka tynn/kort.
For det andre: Slutten. Den er skuffande, trur eg. Kanskje. Eg skjønte den ikkje. Dessverre. Eg lytta om igjen dei siste avsnitta fleire gonger, men vart like forundra kvar gong.

På plussida: 
Lydbokversjonen. Fabelaktig lest. Eg trur ikkje eg hadde fullført boka om eg ikkje hadde høyrt ho. Duc Mai-The maktar å få fram stemningar som eg hadde gått glipp av om eg hadde lese boka på eiga hand.

Konklusjonen blir at Elskede Sputnik er ei sær og rar, men vakker bok.

Trass i nedturen med Sputnik-boka: Eg er ikkje "skremd" frå å lesa/lytta til fleire Murakami-bøker. Den neste eg skal prøva meg på - kanskje til hausten? - er Kafka på stranden - i lydbokformat. Det vert litt av eit prosjekt, boka varer i over 21 timar - så om eg skal bli ferdig reknar eg med at eg lyt låna meg ei papirbok i tillegg.

3. juli 2013

Akklimatisering pågår

Det går nokre dagar å venja seg til at ein har ferie. Når ein pleier å gå etter klokke og kalender mesteparten av døgnet store deler av året, treng ein gjerne litt tid før ein maktar å leggja frå seg kvardagsrutinane. Tilvenning og akklimatisering - ikkje til tynn luft og høge fjell - men til å kjenna på at ein har tid til å gjera det ein har lyst til å gjera.

Av og til har ein kan hende berre lyst til å ta ein tur i hagen og kikka på blomar og vekster..







Oi! Sjå der! Der er ei bok! Wow!


Det får vera nok hagevandring for i dag. Godstolen ventar.

1. juli 2013

Ordsky - bloggsky - boksky

Slik ser ei ordsky av denne bloggen ut pr. i dag:

wordle.net

Oppsummering juni


Påbyrja i mai, fullført i juni
Sommerperler 2013 - Novellesamling - Papirbok fått frå Juritzen forlag
Gillian Flynn - Flink pike - Amerikansk thriller - Digikort lånt på biblioteket

Lest i juni
Peter Temple - Mørk kyst - Australsk spenning - Papirbok lånt på biblioteket
Helga Flatland - Reis hvis du kan. Bli hvis du må. - Norsk roman - Lydbok lånt på biblioteket
Aslak Nore - En norsk spion - Norsk spenningsroman - Lydbok lånt på biblioteket
Jo Nesbø - Politi - Norsk krim - Fått papirbok
Astrid Loraas (red.) og Mona Pedersen (red.) - Geriljabroderi - Norsk humor/dokumentar - Papirbok lånt på biblioteket
Tom Kristensen - Korsbæreren - Norsk krim - Lydfil fått frå Lydbokforlaget
Belinda Bauer - Blacklands - Britisk krim - Papirbok lånt på biblioteket
Lars Mæhle - Den mørke porten - Norsk krim - Meldareksemplar, papirbok fått frå Samlaget
A. J. Kazinski - Den siste gode mann - Dansk krim - Lydfil fått frå Lydbokforlaget
Tom Kristensen - Dypet - Norsk krim - Lydbok lånt på biblioteket

Påbyrja i juni, fullførast i juli
Cecilia Samartin - Drømmehjerte - Roman - Papirbok lånt av mor
Jens Lapidus - Cash - Svensk krim - Papirbok lånt på biblioteket

Skjermdump frå bokelskere.no

Denne månaden har eg kun lest bøker som eg har lånt eller fått. Lesing treng ikkje vera nokon dyr hobby! Månadens høgdepunkt var naturlegvis Politi. Av bøker som ikkje heilt innfridde mine høge forventningar denne månaden, må eg trekka fram både Mørk kyst, Flink pike og Korsbæreren. Ingen av bøkene er dårlege (i mitt personelege karaktersystem betyr terningkast 4 at boka er god), men ut frå omtalar og anbefalingar eg hadde lest på førehand, hadde eg forventa at eg skulle få noko meir, noko ekstra. Det fekk eg ikkje. Eller kan hende er eg kresen.

To bøker som overraska positivt var Reis hvis du kan. Bli hvis du må og En norsk spion. Begge var veldig bra og - kvar på sin måte -  handlar dei om den norske "innsatsen" i Afghanistan.

Håpar alle får mange fine lesestunder i juli!

Dersom du ønskjer å sjå kva andre bokbloggarar oppsummerer for juni månad, kan du klikke på lenkene nedanfor. Her kan ein snappe opp gode lesetips! Det er Anette i anettesbokboble som har teke initiativ til dette blogghoppet.