7. januar 2016

To kjappe og greie

Kistemakeren av Frode Granhus
Lydbokforlaget 2015
Speletid: 9:21
Opplesar: Nils Johnson
Kjelde: Lånt på biblioteket

I den fjerde boka i Rino Carlsen-serien er handlinga igjen lagt til Lofoten. Eg likar godt det ein kan kalla bygdekrim - og lofotkrim er vel ein form for bygdekrim? I alle fall; kontrastane mellom det storslagne i naturen, dei uhyggelege forbrytelsane og det elles rolege lokalsamfunnet skapar ein heilt spesiell stemning - og Frode Granhus formidlar alt dette på ein bra måte.

Framleis er det Stormen frå 2012 eg likar best av bøkene til Granhus, men ein kan finna att mykje av det same i Kistemakeren; dei same kjenslene av uhygge, den same klaustrofobien og den like uventa tvisten på slutten.
I boka vert det stadig skifta perspektiv og veksla mellom fortid og notid. Då skulle ein jo tru at forteljinga hadde eit voldsomt driv - men eg sakna faktisk spenning og intensitet undervegs i lesinga. Mot slutten vert det rett nok ganske så spennande: Den siste fjerdedelen av boka gjekk unna i eitt strekk.

Kistemakeren handlar om nokre born som vert utsette for grusomme overgrep; å bli kidnappa, levande begravd i ei kiste, tappa blod av - og deretter sette fri. Det merkelege er at hendingane vert filma - og at eitt av desse opptaka vert funne. I ei parallellhistorie frå 1950-talet møter me ein person som vart utsett for store påkjenningar då vedkommande skulle behandlast for den frykta sjukdommen tuberkulose.

Rino Carlsen slit med kjærleikssorg når han no er kommen tilbake til Reine som lensmann, og er egentleg oppteken med ei sak om eit likfunn - men han finn ut at dei ulike sakene heng saman på eit vis. Medan eg las kjende eg meg ganske så trygg på at Rino skulle finna ut av både barnekidnapping-sakene og saka med det ukjende liket. At (den potensielle) kjæresten Guro får ei avgjerande rolle i oppklaringa var litt søkt, men gjer vel det heile ekstra dramatisk.

Kistemakeren er ei grei krimbok, verken meir eller mindre. Anbefalast om du har bruk for lettlest og småspennande lesestoff. Velg gjerne lydboka; Nils Johnson er ein glimrande opplesar.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Det er du som er Bobby Fischer
av Christer Mjåset

Kagge forlag 2015
198 sider
Kjelde: Lånt ebok, eBokBib

Enno ei ny norsk krimbok som er heilt grei. Ingen tradisjonell kriminalroman, men meir ein slags thriller.

Handlinga er lagt til Lillehammer i notid, med tilbakeblikk på hendingar som fann stad i den same småbyen på 1980-talet. Ein kameratgjeng har ikkje sett kvarandre på mange år og møtest igjen; ikkje til ein hyggeleg reunion, men til ei gravferd. Det er barndomsvenen Kristoffer som er død.
Forteljaren Håkon har ikkje hatt kontakt med nokon frå vennegjengen på fleire år; ikkje sidan han flytta frå byen som tenåring. Håkon og Kristoffer var ei tid gode vener og hadde sjakk som felles interesse. Spesielt var dei opptekne av den legendariske VM-kampen mellom Boris Spasskij og Bobby Fischer. Her får tittelen på boka si forklaring.

Gradvis vert det avdekka at alle i denne gamle vennegjengen har ei felles mørk fortid; ei forsvinningssak som har prega dei og plaga dei gjennom heile livet. Ei forklaring og eit endeleg oppgjer er uunngåeleg.

Miljøskildringane i boka er gode. Eg budde sjølv på Lillehammer ein periode og kjende meg godt att i landskapet og miljøet der medan eg las.

Ifølge blurb'en på omslaget er dette "en mesterlig fortelling", men eg er ikkje heilt enig i det. Eg tykkjer boka, trass i lengden på berre 198 sider, er for langsam - på grensa til å vera treg.
Boka har ein gjennomgåande dyster stemning. Forteljarstemma er klar og truverdig, men ein kjem ikkje skikkeleg inn på dei andre karakterane. Dermed mistar ein litt av nærleiken til det som blir fortalt.

3. januar 2016

Lesemål og leseplanar for leseåret 2016

Eg ynskjer meg mange gode leseopplevingar i 2016 - og dei kjem forhåpentlegvis av seg sjølv når eg har lystlesing som eit rettleiande utgangspunkt. Deretter vert det litt meir tilfeldig; til dømes spelar det som til einkvar tid er tilgjengeleg på biblioteket og eBokBib inn. Det same gjeld lesetips og boktips som skulle dukka opp, anten i bokbloggverda eller i media elles.

Eg har også eit ynskje om å å lesa betre, det vil sei å ta meg betre tid med bøkene og leseopplevingane mine, noko som er litt vanskeleg sidan det er så mange bøker "der ute"..

Litt av ventebøkene pr. 3. januar 2016. Likt og ulikt, hummer og kanari.

Eg har ingen erfaring med detaljerte leseplanar, og ynskjer heller ikkje å ha for rigide lesemål for det kommande året. Likevel - eg har notert meg nokre punkt og har tankar omkring dette med planar og mål. Det vil sei; dette er meir ei rettesnor enn ein leseplan. Eg strekkjer meg ikkje så veldig langt; eg kjenner meg sjølv godt og veit at det ikkje er vits i å setja opp uoppnåelege mål.

**** **** ****

1. Eg skal lesa litt mindre i år enn i fjor. Sjølv om lesing av bøker er den kjæraste "hobbyen" eg har, er det eit faktum at ein blir noko usosial og litt lat når ein les så mykje. Dei siste to åra har eg lest omlag 140 bøker - pr. år. For 2016 satsar eg på 10 bøker pr. månad, som då blir 120 til saman. For å få dette til (!) må eg finna på andre aktivitetar og gjeremål, - og det trur eg at eg skal lukkast med.

2. Eg skal lesa minst 6 bøker på meir enn 600 sider. Dette heng saman med det fyrste punktet. Eg skal prøva å finna meir omfattande bøker og muligens litt meir utfordrande lesestoff.

3. Eg skal framleis ha eit særleg fokus på nye norske utgivingar, men eg ynskjer å tona det litt ned. Stresslesing og tvangslesing i samband med nominering til Bokbloggerprisen er litt morosamt, men også litt slitsamt. Eg har som mål å lesa 24 norske bøker utgitt i 2016.

4. Eg skal prøva å få lest bøkene som vert kortlista til Bokbloggerprisen 2015. Trur eg. Eg skriv dette opp som eit mål, men dette kan endrast undervegs - for eg har erfart eit par gonger at somme av kortlistebøkene er milevis frå min lesesmak og mi leseinteresse og som følgje av dette: leseopplevingar under middels - eller ingen lesing.

5. Eg skal lesa litt meir eldre litteratur. Opp gjennom åra har eg heile tida lest mest nye bøker, noko som då har ført til at eg har gått glipp av ein del eldre perler og klassikarar. Dette punktet er med for å minna meg sjølv på at bøker ikkje er ferskvare. Eg har sett opp eit lite ambisiøst mål om å lesa 20 bøker utgitt før 2000 i år. Dersom enkelte av bøkene eg skal lesa under dette punktet visar seg å vera ei 1001-bok, blir det ein ekstra "bonus". Det er heller ikkje umuleg at eg kan slå meg med på lesesirkelen til Line i år - det kjem an på tema.

6. Gjenlesing av favorittforfattarar, favorittseriar og favorittbøker. Dette målet heng litt saman med punkt 5. Kven og kva er uklart enno, men eg har så vidt starta gjenlesing av Henning Mankells Wallander-serie som eg skal halda fram med i det nye året.

7. Eg skal lesa minst 10 biografiar. Dette målet skal nåast m.a. gjennom å delta i biografilesesirkelen til Ingalill. Biografilesing er gøy og "sosialt" når ein les på denne måten. 6 biolesesirkel og 4 i tillegg - det same talet som i fjor - bør vera eit mål innan rekkevidde.

8. Eg skal òg lesa meir annan sakprosa og gjerne fleire bøker som er i grenselandet mellom faglitteratur og skjønnlitteratur. Sakprosa, dokumentarar og ulike former for faktabøker treng slett ikkje vera tørt og kjedeleg. Variasjon er viktig, og eg set pris på kunnskap om ulike emne. 12 sakprosabøker utanom biografiar i år er målet.

9. Eg skal delta i Bokhyllelesinga til Hedda, så sant eg finn ei bok som passar inn i den enkelte kategorien der. Sidan eg er ein lånar meir enn ein eigar/kjøpar av bøker, er ikkje denne utfordringa så veldig aktuell, men eg noterer det likevel ned her. Dette punktet heng også saman med punkt 5.

10. Eg skal skriva bokomtale på minst ein tredjedel av bøkene eg les, dvs. 40 omtalar. Å skriva skikkelege omtalar om alle bøker eg les ser eg på som ei umuleg oppgåve. Men alle leste bøker skal bli omtala i samleinnlegg.

                                                                **** **** ****

Lesemål 2016 oppsummert kan då visast som nedanfor, med grafar og det heile. Desse måla skal leggjast i ei eiga fane på toppen eller i høgremargen - og det er meininga/planen at desse grafane skal oppdaterast etter kvart. Og så får me sjå når me kjem til slutten av året; om punkta over let seg gjennomføra og om dette med lesemål har noko for seg.

120 til saman

6 mursteinar

24 norske utgitt 2016

20 utgitt før 2000

10 biografiar


12 annan sakprosa

40 bokomtalar

1. januar 2016

Oppsummering desember og litt statistikksnakk for 2015

Påbyrja i november, fullført i desember:
Nicci French - Blåmandag - Britisk krim - Lånt papirbok privat
Frode Eie Larsen - Englefjær - Norsk krim - Lånt ebok eBokBib
Britt Karin Larsen - De som ser etter tegn (Tatertrilogien 1) - Lånt papirbok privat og lydbok Storytel

Lest i desember:
Bjørn Westlie - Fangene som forsvant - Krigshistorie/dokumentar - eBokBib
Henning Mankell - Pyramiden - Svensk krim, noveller - Lånt frå bokhylla.no
Frode Granhus - Kistemakeren - Norsk krim - Lånt lydbok
Richard Herrmann - Maria Stuart og hennes verden - Historisk/biografisk - Lånt frå bokhylla.no
Christer Mjåset - Det er du som er Bobby Fischer - Norsk krim - Lånt ebok eBokBib
Britt Karin Larsen - Kaldere om natten (Finnskogserien 7) - Norsk roman - Lånt papirbok privat
Charles Dickens - En julefortelling - Britisk klassisk kortroman, 1001-bok - Lydbok Storytel

Påbyrja i desember, fullførast i januar:
Unni Lindell - Min mor har en saks i ryggen - Krimnoveller - Lytteeksemplar
Morten A. Strøksnes - Havboka - Sakprosa, fakta - Lånt ebok eBokBib
Ken Follett - I all evighet - Historisk roman - Lånt papirbok privat



Leseåret 2015 - summering, oppsummering og årsstatistikk

Eg pleier å notera ned bøker og tilhøyrande opplysningar på eit excel-ark etter kvart som eg les. Det gjer det enkelt å henta fram den årlege statistikken - og slik ser den "litterære sjølvmeldinga" ut for meg:

Eg las 140 bøker i 2015, dette er 2 færre enn i 2014 og 10 fleire enn målsetjinga på 130.
Her har eg ikkje rekna med dei 8 bøkene som eg byrja på og avbraut lesinga av.

Sjanger
Dei 140 bøkene fordeler seg slik sjangermessig:
  - 70 krim-, thriller- og spenningsromanar (nøyaktig 50%)
  - 35 romanar inkl. erindringsromanar og dokumentarromanar (25%)
  - av desse 4 stk. 1001-romanar
Dei resterande 25% består av
  - 15 dokumentar-, debatt- og faktabøker
  - 10 biografiar
  - 7 novellesamlingar
  - 3 humor/satire

Format
Det vart mest papir i 2015, men eboka er definitivt kommen for å bli, også hos meg.
  - 57 papirbøker
  - 43 ebøker
  - 40 lydbøker

Terningkast
Det store fleirtalet, 68 bøker (49%), fekk terningkast 4. Elles vart terningkasta fordelte slik:
  - 5 bøker fekk terningkast 6
  - 43 (30%) fekk terningkast 5
  - 23 fekk 3
  - 1 bok fekk 2

Alder
Eg les mest nytt.
  - 77 av bøkene var utgitt i åra 2000 - 2014
  - 51 i 2015
  - av dei 34 norske
  - Eg las 12 bøker utgitt før 2000.

Kjelder
Heile 111 (79%) av bøkene eg las var lånebøker; dvs. anten lånt privat, lånt på biblioteket, via eBokBib eller bokhylla.no
  - 16 har eg kjøpt sjølv
  - 13 har eg fått, anten i gåve eller som lese-/lytteeksemplar

Forfattarar
Dei forfattarane eg las flest bøker av i 2015 var
  - Edvard Hoem (5 bøker)
  - Ragnar Kvam (5)
  - Britt Karin Larsen (3)
  - Arne Dahl (3)
  - Kjell Ola Dahl (3)
  - Jan Mehlum (3)
  - Ken Follett (2 1/2 bok) 'I all evighet' vart med meg inn i det nye året.

Kjønn
Eg visste at det var ei overvekt av mannlege forfattarar, men tala for 2015 vart faktisk så klare som
  - 104 bøker skrivne av menn
  - 39 skrivne av kvinner
(nokre få bøker har både mannleg og kvinneleg forfattar)

Nasjonalitet
Eit punkt eg ikkje hadde fokus på i det heile tatt i fjor, så her er det lite eksotisk
  - 83 bøker (59%) skrivne av norske forfattarar
  - 22 svenske (15%)
  - 15 britiske
  - 8 amerikanske
  - 3 danske
  - 2 franske
  - 2 tyske
  - 2 islandske
  - 1 finsk
  - 1 irsk
  - 1 dansk-norsk

Bloggen
Aktiviteten her på bloggen har vore mindre enn dei to føregåande åra, men har likevel vore jamnt god. Om eg så skal sei det sjølv.
  -  82 blogginnlegg
  -  46 bokomtalar
  -  12 samleinnlegg der 86 bøker er omtalt heilt kort
  -  Statistikken syner over 40.000 sidevisningar siste år
  -  Mest leste innlegg i 2015 vart det same som året før: Bli hvis du kan. Reis hvis du må - som er eit innlegg/bokomtale som får mange treff på Google og andre søkemotorar. Det lever eit heilt "eige liv" og er desidert mest lest (eller klikka på, eg veit egentleg ikkje om det faktisk vert lest); meir enn tre gonger meir enn det innlegget/omtalen som har nest flest treff: Mengele Zoo - Folkets favoritt. Begge desse bloggpostane er frå 2013. Av årets innlegg er det omtalen av De grenseløse av Jussi Adler-Olsen som har flest treff.

Både blogging, lesing - og blogglesing - har gitt meg mange trivelege stunder i 2015. Det kjennest godt å ta fatt på blanke ark i 2016.

29. desember 2015

Årskavalkade: Leseåret 2015 frå A til Å

Det er tid for årskavalkadar, også på bokbloggfronten. Eg kosar meg når eg les andre bokbloggarar sine oppsummeringar av årets leseopplevingar. Ikkje minst er det underhaldande å sjå kor ulik leseinteressa og lesesmaken er! Eitt og anna boktips kan ein også plukka opp.
Utpå nyåret kjem eg nok til å laga eit meir sakleg oppsummeringsinnlegg når det gjeld bøker og lesing i 2015, - og kanskje nokre ord om leseplanar for 2016. Men her og no - i årets siste bloggpost - kjem ein uhøgtideleg gjennomgang av høgdepunkt frå leseåret 2015 - på alfabetisk vis.

----------------------

A for Indriðason, Arnaldur, - islandsk krimforfattar f. 1961. Eg las 'Hjemstavn' og 'Reykjaviknetter' i år, - to stemningsfulle kriminalromanar, typisk Arnaldur.

B for Bjørneboe, Jens, - norsk forfattar (1920 - 76) og Bestialitetens historie, hovudverket til denne forfattaren. Eg fekk med meg avslutninga av trilogien, 'Stillheten', i 2015.

C for Lundekvam, Claus, - tidlegare fotballspelar f. 1973. Sjølvbiografien hans 'En kamp til' er ei brutalt ærleg og sjølvutleverande bok.

D for Dahl, Arne, - psoudonym for Jan Arnald, svensk forfattar, kritikar og litteraturvitar f. 1963. Dette året har eg lest dei to siste i serien om A-gruppen: 'Etterskjelv'og 'Himmeløyet', samt epilogen 'Elva'.

E for Hoem, Edvard, - norsk forfattar f. 1949. 2015 har vore eit stort Hoem-år for meg. Har høyrt forfattaren sjølv lesa både 'Jordmor på jorda', 'Heimlandet. Barndom', 'Mors og fars historie', 'Slåttekar i himmelen' og den nyaste 'Bror din på prærien' dette året. Finfine bøker og store lytteopplevingar! Sistnemnde vart for meg den i særklasse beste norske boka utgitt i år.

F for Follett, Ken, - britisk forfattar f. 1949. Ein av mine gamle favorittar som eg har gjenoppdaga i 2015. Eg las mursteinane 'Stormenes tid - Katedralen' og 'Sverdet og korset' i 2015 og 'I all evighet' blir med meg over i 2016. Mørk middelalder, mystikk, dramatikk og erotikk.

G for Gutten til Gustav, - tittel på Leif GW Persson sin svært gode og djupt personlege sjølvbiografi.

H for hunden Hulda. - Sankt Bernhardstispa til advokat Svend Foyn er ein viktig bikarakter i bokserien til Jan Mehlum. Eg las tre av Mehlum sine kriminalromanar i 2015; 'Straffen', 'Din eneste venn' og 'Et hardt slag'.

I  for Instagram, - sosialt nettverk og fotodelingsteneste. Sigmund Falch har laga verdens fyrste Instagrambok; 'Falcheblikk'.

J for Johannes, - årets verste og mest seigliva antagonist. Eirik Husby Sæthers 'Lobotomisten' og 'Heksedoktoren' er velskrivne og blodige.

K for Kroken og Kolden, forfattarpar frå Lom som skriv om "stuttreiste mord". 'Død manns kiste' er tittelen på årets bok frå duoen.

L for Lydbok, innlest litterært verk. Gode stemmer og gode bøker gjer venting, reising og husarbeid meiningsfullt.

M for Mankell, Henning, - svensk forfattar (1948 - 2015). For fyrste gong vart det skrive ein nekrolog på denne bokbloggen.

N for Nansen, Fritjof, - norsk polfarar og oppdagar (1861 - 1930). Nansen er ein av dei som Ragnar Kvam fortel om i 'De fire store'.

O for for Dahl, Kjell Ola, - norsk forfattar f. 1958. Eg las romanane 'Lindeman & Sachs' og 'Lindemans Tivoli' samt kriminalromanen 'Kureren' i 2015. Sistnemnde vart årets Bragepris-vinnar i open klasse, som i år var krim.

P for Lemaitre, Pierre, - fransk forfattar f. 1956. Slo gjennom med spenningsromanen 'Alex' i år.

Q for Avdeling Q. Jussi Adler-Olsen gav i år ut 'Den grenseløse', bok nummer seks i serien om Carl, Assad og Rose i avdeling Q.

R for Randen, Rolf, - lensmann, hovudperson og gjennomgangsfigur i Rune Timberlid sine krimbøker. Årets Randen-bok Satans mor har handling frå Luster.

S for Salander, Lisbeth, - ein av hovudpersonane i Stieg Larssons Millenniumstrilogi, som i år var gjenskapt av David Lagercrantz i 'Det som ikke dreper oss'.

T for Terningkast, - vert gjerne definert som eit uttrykk for konklusjon av kritikk. Denne bloggen kjem til å halda fram med Terningkast i 2016.

U for Den ubehagelige sannheten, - tittel på debutboka til William Landay. Kan anbefala både denne og boka han slo gjennom med; 'Til Jacobs forsvar'. Krim for vidarekomne.

V for VIP-rommet, tittel på bok av Jens Lapidus. Eg har fått med meg både avslutninga av 'Stockholm noir'-trilogien og starten av den nye serien med denne.

W for Wiik, Øystein, - norsk operasangar, skodespelar, Stjernekamp-deltakar og krimforfattar f. 1956. Avsnitt nummer fem i serien om Tom Hartmann har tittelen 'Rekviem'. Stor underhaldning!

X for Goksøyr, Marte Wexelsen, - norsk samfunnsdebattant, skodespelar og forfattar f. 1982. Boka hennar 'Jeg vil leve' er interessant.

Y for Stenius, Yrsa, - finlandssvensk forfattar, journalist og biograf f. 1945. Eg las 'Tills vingen brister', ein biografi om Jussi Bjørling, i år. Bra bok.

Z for Zander, Joakim, -  svensk krimforfattar f. 1975. 'Svømmeren' er ei spennande ny bok frå denne forfattaren.

Æ er den 27. bokstaven i alfabetet.

Ø for Øen, Morten, - norsk forfattar og fotograf f. 1969. Ein person med same namn er hovudperson i ei av dei særaste bøkene eg har lest i år: 'Tellemarck'.

Å for Helvete åpent, - tittel på årets bok frå Gard Sveen. Ei ganske leseverdig bok, men med ein (for meg) dårleg avslutning.

------------------------------

.. Dette var eit lite utval av det eg las i 2015. Resten finn du her.

Ynskjer alle eit godt nytt leseår i 2016!

22. desember 2015

Julehelsing


De mørkeste dage


Så nådde vi bunnen, igjen går det oppad,
igjen går det fremad mot lys og mot sol. 
I tåkegrå dager og regntunge netter 
skred mørket imot sin ytterste pol.

Og har vi enn knugende trengsler tilbake, 
isnen fra stormenes rungende røst,
Frysende dager da alt er et øde,
så føler vi dog som en lidende trøst:

At dagene lenges, at rommet får farge,
at alt som nu sover i skogenes skjød
kun venter på timen da fritt det skal spire
og blusse med livets og skjønnhetens glød.

Vi føler at alt som nu knuger og gnager
vårt hjerte og gjør det forherdet og trist
skal svinne når solkulens flammende lyshav
får bukt med en vinters dødskolde brist.


                    - Ukjent                                                



Sola har snudd! 
Eg ynskjer alle blogglesarar, 
lesehestar og bokormar ei riktig god jul.

19. desember 2015

Biografilesesirkel: Maria Stuart og hennes verden av Richard Herrmann

Årets siste biosirkelrunde har tema Damer med hatt. Eg hadde i denne samanhengen planar om å lesa Patti Smith sin sjølvbiografi Just kids, men fekk ikkje tak i boka på biblioteket til rett tid, så den lesinga er utsett til eit seinare høve.

Vel. Eg måtte snu meg rundt og finna ei anna hattedame - og enda med repriselesing av boka Maria Stuart og hennes verden av Richard Herrmann. I fjor, då kongelege var tema i biosirkelen, (gjen)las eg Herrmann si bok om dronning Elizabeth I, noko som var svært vellukka. Så medan eg no "burde" ha vore travelt opptatt med rundvask, sølvpuss, stryking, innkjøp, baking og dilling - har eg i staden lege på sofaen og lest om Maria Stuart. Boka er omfattande, så det har teke si tid. Eg kunne ha skumma gjennom enkelte sider og avsnitt sidan eg har lest boka før, for mange år sidan - men eg fall ikkje for den freistinga, heller ikkje då fristen for lesesirkelrunden gjekk ut. Dette er nemleg svært underhaldande og interessant lesing.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Cappelen Damm 1988
499 sider
Kjelde: bokhylla.no

På omslaget kan ein sjå at Maria Stuart har på seg noko som liknar på ein hatt; det er i alle fall eit hovudplagg. Mest sannsynleg var dette høgste mote i royale kretsar den gongen på 1500-talet.

"Mi" dame med hatt er altså Maria Stuart (1542 - 87), dronning Maria I av Skottland, på engelsk ofte kalla Mary, Queen of Scots, som vart dronning seks dagar gammal og som enda sitt liv på skafottet 45 år seinare. Då hadde ho vore dronning Elizabeth I sin fange gjennom storparten av sitt vaksne liv.
På eit tidspunkt - då ho var 16-17 år gammal - var ho dronning i to land; Skottland og Frankrike - og ho kravde også ei tredje krone; den engelske. Det skulle bli fatalt. Ho tapte all makt, alle tre kronene - og sitt eige hovud. Alt dette handla naturlegvis om makt, politikk og religion.

På denne tida hende det ikkje sjeldan at små ungar vart konge eller dronning. Dei kongelege borna, i alle fall dei med arverett, vart brikker i eit storpolitisk spel. Dei vart difor gjerne gifta bort alt i spebarns- eller småbarnsalder. For å skapa alliansar vart det arrangert fornuftsekteskap på tvers av landegrenser - av slike maktpolitiske årsaker. Ein skal også hugsa på at dette var ei tid med sterk religionstrid, reformasjon og motreformasjon. Dronning Elizabeth var, som sin far Henrik VIII, protestant - skotske Maria var katolikk.

Far til Maria var kong James V av Skottland, mora heitte Marie de Guise; ho var franskfødd og adeleg. Richard Herrmann fortel at faren døydde av "melankoli" - han var truleg djupt deprimert etter enno eit nederlag for engelskmennene - og i tillegg fekk han altså "berre" ei dotter - så han sovna inn før Maria var ei veke gammal. Mora vart regent på vegne av den særs unge dronninga - og ho sørga for at dottera vaks opp i Frankrike; i det franske hoffet, saman med den franske tronfølgaren. Desse to borna - den skotske barnedronninga og den franske kronprinsen (dauphinen) - vart gifte med kvarandre - og vart fransk kongepar då dei var tenåringar. Men den stakkars ynkelege kongen (Frans II) døydde ikkje lenge etter giftarmålet. Maria vart enkedronning før ho fylte 18 og deretter forvist i eksil av svigermora. Ho drog tilbake til Skottland - fann seg eit par nye ektefeller og fekk eit barn - og starta, saman med sine støttespelarar, kampen mot den engelske slektningen sin; dronning Elizabeth I.

Maria Stuart hadde nemleg Tudor-blod i årene og såg på seg sjølv som rettmessig arving til den engelske trona. Den katolske kyrkja meinte at Elizabeth var eit resultat av eit utanomekteskapeleg forhold - og at Maria hadde større rett. Slike tankar og meiningar vart det bråk av, for å sei det mildt. Mektige krefter ville Maria til livs og dei to dronningane var fiendar til siste slutt. Dei skreiv likevel overhøflege brev til kvarandre - visstnok på fransk, der dei kalla kvarandre "kjære syster" - men dei møtte aldri kvarandre, ansikt til ansikt. Sjølve maktkampen var det dronning Elizabeth som "vann" i og med at Maria vart sikta for forræderi, sat i fangenskap i nitten år - og til slutt dømt til døden.

Valgspråket til Maria Stuart var "In the End is my Beginning" - og dette stemte utruleg bra for hennar del. For det var etter at Maria var død at Stuart'ane fekk makta i England. Hennar einaste barn, frå hennar andre av tre ekteskap, vart kong James I av England (i tillegg til kong James VI av Skottland) etter at dronning Elizabeth I døydde ugift og barnlaus i 1603. Dette vart starten på den vel hundre år lange Stuart-perioden - ei tid då det engelske samfunnet utvikla seg veldig både kulturelt, industrielt og politisk - men òg ei uroleg tid med blodig borgarkrig.

Richard Herrmann fortel om alt dette - og mykje, mykje meir. Han skildrar Maria Stuart, hennar liv, hennar slekt og tida dei levde i på ein kunnskapsrik, levande og elegant måte.
Ein skulle ønska at det fantest fleire slike formidlarar av tidlegare tiders hendingar; då hadde historiefaget vorte ein favoritt hos mange fleire. Herrmann gjer historia tilgjengeleg for "folk flest". Her er finurlege forklaringar, pussige anekdotar og detaljerte skildringar - og i tillegg har forfattaren overblikk og viser lesaren dei store historiske linjene.

Har du ikkje lest Richard Herrmann sine historiske biografiar? Då har du gått glipp av mykje kunnskap og underhaldning!

15. desember 2015

Forfattar-ordsky 2015

Slik kan ein førebels oppsummering av bokåret 2015 sjå ut. Ikkje alle forfattarane eg har lest dette året er med her, men dei aller fleste. Dei med størst skrift er dei eg har lest mest og likt best. Sånn cirka.


Det som slår meg - med ei viss undring - er at det her er ei nokså stor overvekt av lett aldrande mannlege forfattarar. Desse har det felles at dei er gode forteljarar - og som lesar er eg stadig på jakt etter dei gode forteljingane og dei beste leseopplevingane - men eg plukkar ikkje ut bøker av mannlege forfattarar i 50-60 årsalderen. Ikkje bevisst, i alle fall.
Kvifor er det desse halvgamle mennene som gir meg dei beste leseopplevingane? Det er eg usikker på.
Finst det andre som har liknande forfattarerfaringar?
Eller aller helst; heilt andre erfaringar?

10. desember 2015

Samleinnlegg: Haustlesing del 2

Seinhausten har gått over til tidlegvinter og adventstid - og her kjem ein samleomtale med nokre av bøkene eg har lest i oktober, november og eit stykke ut i desember.

Kalak av Kim Leine
Cappelen Damm 2010
308 sider, papirbok lånt privat

Ei rystande og sterk sjølvbiografisk bok som anbefalast på det varmaste! (..og som egentleg fortener ein grundigare og betre omtale enn dette..)
Eg er som regel skeptisk til prisvinnande forfattarar og bøker, - eg har erfart gong på gong at dei skuffar meg. Kim Leine vart tildelt Nordisk Råds litteraturpris for Profetene i Evighetsfjorden - og då eg skulle prøva meg på forfattaren vart det då naturleg å velja ei anna bok; nemleg debutboka Kalak.
Og for ei fantastisk bok! Eg vart fillerista reint mentalt av kor open og utleverande ho er. Dessutan vart eg skikkeleg imponert over kor elegant og lett Leine skriv. Skildringane av den grønlandske naturen og det grønlandske samfunnet er storarta og lærerik, men det som gir aller størst inntrykk er skildringane av farens omfattande seksuelle misbruk av sonen - og forfattarens eige rusmisbruk og samanbrot. Boka får eit sterkt ternningkast 5.


Jernblod av Liza Marklund 
Vigmostad & Bjørke 2015
372 sider, papirbok lånt privat

Liza Marklund var eit friskt pust innan kriminallitteraturen då ho slo gjennom med Sprengeren i 1998. Ho kombinerte ei spennande kriminalgåte med mediekritikk, kvinnesak og daglegliv på ein måte som ingen andre hadde gjort før. I dag finst det rikeleg med etterlikningar av denne type journalistkrim - men altså; Marklund var den fyrste.

Med denne ellevte og siste boka om Annika Bengtzon får ein tilbakeblikk frå fleire av dei tidlegare bøkene. Det handlar om tidlegare og noverande relasjonar, utfordringar både privat og profesjonellt, uavklarte og uoppklarte brotsverk, om hevn og forsoning.
Du bør ha ein viss kjennskap til serien frå tidlegare (bøkene eller filmane) for å ha glede av Jernblod. Eg tykkjer Marklund med denne boka får avslutta bokserien på ein god og verdig måte. Terningkast 4.


Helvete åpent av Gard Sveen
Vigmostad & Bjørke 2015
492 sider, lånt ebok (eBokBib)


I utgangspunktet var dette ei bok etter min smak; innfløkt plott, sterke historiar, interessante karakterar og mykje psykologi og psykiatri. Ein psykologisk thriller med nerve, parallellhistoriar og handlingar og historiar litt utanom det vanlege. Komposisjon, språk og skildringar er heilt topp.
Men så var det avslutninga då..

Etter mi meining fortener dei omstendelege og sterke historiane ei skikkeleg oppklaring - noko som ein ikkje får her. Tvert imot; forfattaren vel å laga ein open slutt, der lesaren sjølv kan tenkja seg til korleis det går.
Eller kanskje det er meg det er noko gale med - at eg ikkje skjønnar heilt kva forfattaren vil? Eg er usikker.
Terningen hadde landa på 6 dersom avslutninga hadde vore meir skjøneleg. No vart det i staden "berre" terningkast 4.



Eclipse i mai av Gert Nygårdshaug
Juritzen 2015
282 sider, kjøpt ebok frå http://www.gertnyg.com/


To parallellhistoriar, to skjebnar, to menn - som møtest på ein dramatisk måte til slutt.
Ein veit kva ein får når ein les Nygårdshaug sine bøker; ei interessant forteljing, filosofiske og vitenskapelege betraktningar, underfundige tankar, gastronomiske måltider og originale karakterar med sære namn. Likevel les eg kvar einaste bok med undring og - av og til - forundring.
Det samfunnskritiske, som elles pregar Nygårdshaug sitt forfattarskap, ligg ikkje "oppe i dagen" i denne boka.
Her er forfattaren mykje meir melankolsk enn i tidlegare bøker eg har lest. Sjølv om dette er ein underhaldningsroman er det eit djupt alvor som ligg bak. Eclipse i mai er ei lettlest og passe lang bok som inneheld ei sterk og vakker forteljing som gjorde inntrykk på meg.
Terningkast 5.



Offline av Anne Holt
Vigmostad & Bjørke 2015
398 sider, lånt papirbok privat

Eit etterlengta gjensyn med Hanne Wilhelmsen og den tidlegare makkeren hennar, Billy T. Dei to eks-politietterforskarane får litt av kvart å bryna seg på i denne skremmande aktuelle boka som m.a. handlar om terrorisme, ekstremisme, framandfrykt, hat og hevn. Ifølge Anne Holt (og Hanne W) er det dei som ikkje er på nett som er farlegast - dei som er offline kan nemleg ikkje sporast..
Offline startar med ein elegant introduksjon - frå fugleperspektiv - til fleire situasjonar og enkeltpersonar - og med frampeik til dei ulike parallelle historiane som det vert fortalt om seinare. Snedig forteljargrep! Romanen er elles skriven med både innsikt og innleving - og avslutninga fortel oss lesarar at det nok kjem fleire bøker i serien. Bra! Terningkast 4+.




Tilfellet Blumenfeld av Espen Holm
Kagge 2015
367 sider, lånt ebok (eBokBib)

I oktober 1943 vart eit jødisk ektepar rana og deretter drepne av norske grenselosar. Saka vart feia under teppet, men vart til slutt oppklart. Då saka kom opp for retten i 1947 vart gjerningspersonane frikjende, trass i at dei tilsto ugjerningane. Dei fekk kun ein mindre dom for underslag av pengar og verdigjenstandar.
Dette er ei sann historie som du kan lesa meir om her - og det dannar også bakteppet for Tilfellet Blumenfeld.
Tematikken liknar på det som Kjell Ola Dahl fortel om i Kureren og Gard Sveen i Den siste pilegrimen, men Espen Holm har ein litt annan vinkling. Holm problematiserer meir dette med "gode" og "dårlege" nordmenn under og etter krigen. I tillegg vert den skammelege handsaminga av krigsseglarane og tyskerjentene nemnd. Eg likte boka ganske godt; ho er rystande, lærerik og velskriven - men litt treg. Merkelappen "thriller" er noko misvisande. Terningkast 4.



Englefjær av Frode Eie Larsen
Liv forlag 2015
362 sider, lånt ebok (eBokBib)

Den tredje boka eg har lest av denne forfattaren, og den absolutt beste. Dette er mysteriekrim av den klassiske typen der forfattaren legg ut spor og villspor heile vegen.
Etterforskar Eddi Stubb får fleire utfordringar: Det handlar om to mulege "barmhjertigheitsdrap" - ofra er ei gammal dame og eit lite barn - samt ei sak om ei kidnappa jente.
Trådane er mange og perspektivet skifter fort og ofte - for ofte etter min smak; eg fekk fleire gonger kjensla av å bli avbroten i mi eiga tankerekke. Tidvis fører skiftingane til at ein mister litt av tråden og det kan oppfattast som forvirrande å følgja med på kven og kva det gjeld.
Englefjær er likevel lettlest og spennande nok, men eg forsto ganske tidleg kven som var "skurken" her, og det trekker ned. Terningkast 4-.



Blåmandag av Nicci French
Cappelen Damm 2012
365 sider, lånt papirbok privat

Ei knallbok frå eit nytt bekjentskap. Bak namnet Nicci French skjuler det seg eit britisk forfattarpar; Nicci Gerrard og Sean French, som har ein ganske stor produksjon av spenningsbøker bak seg. Dette er fyrste bok i ein serie.
Protagonisten er ein kvinneleg psykoanalytikar som får eit blikk inn i eit merkeleg og mørkt sinn og som med dette opplever eit uhyre vanskeleg dilemma. Samstundes får ein følgja ei pågåande etterforsking som kanskje heng saman med eit såkalla cold case.
Blåmandag er ein psykologisk thriller som handlar om to tragiske hendingar; to forsvunne barn med 22 års mellomrom.
Raske sceneskift og perspektivskift gjer boka til ein pageturner.

Blåmandag er skummelt spennande og har ei overraskande avslutning. Terningkast 5-. ( minusteiknet pga. mange korrekturfeil)


- - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

For fyrste gong har eg lest noko frå bokhylla.no. Det er nesten som å lesa ei ebok, men berre nesten. Bøkene er skanna inn og skrifta er då meir utydeleg enn i ein vanleg eboklesar. Det går likevel heilt greitt å lesa på eit nettbrett. I dette digitale biblioteket er alle bøker utgitt i Noreg eldre enn 15 år, fritt tilgjengelege. Tenesta er gratis for alle med norske IP-adresser og du må vera på internett medan du les. Bokhylla.no er eit brukbart alternativ til dei fysiske biblioteka.
Samleinnlegget vert avslutta med ein "gammal kjenning", Ragnar Kvam jr., og ei bok lest på denne måten.


En sjøreise til Sibir av Ragnar Kvam jr.
Gyldendal 1996
255 sider, bokhylla.no

Før Ragnar Kvam byrja å skriva om andre (Hjalmar Johansen, Knud Bull, De fire store og Thor Heyerdahl) skreiv han tre bøker om sine eigne jordomseglingar. Dette er den tredje og siste.
Store deler av boka har "gått ut på dato", og å lesa om ulike utfordringar ein kan støyta borti når ein fer slik og seglar i årevis har begrensa interesse for dei fleste av oss. Eg vel å tru at det russiske byråkratiet er noko annleis i dag enn for tjue år sidan.
Men Ragnar Kvam er som ein kan sjå ein blid kar, og eg tykte det var fint å bli litt meir "kjend" med han. Han er reflektert og uhyre kunnskapsrik og er ein flink formidlar av denne kunnskapen. I tillegg byr han på seg sjølv.
Terningkast 3.

8. desember 2015

Topp ti: Nye forfattarar i 2015

Denne veka har The Broke and the Bookish følgjande Top Ten Tuesday-tema:

"Top Ten New-To-Me Favorite Authors I Read For The First Time In 2015".

Eg er usikker på om nokon av "mine nye" kan karakteriserast som favoritt forfattarar (til det har eg lest for lite av dei), men eg kan i alle fall slå fast at mange av årets bøker av tidlegare ukjende forfattarar har gitt meirsmak. I framtida skal eg sjå etter fleire bøker av desse (for meg) nye og spennande forfattarane:
  1. William Landay
  2. Kim Leine
  3. Nicci French
  4. Joakim Zander
  5. Pierre Lemaitre
  6. Emelie Schepp
  7. Sascha Arango
  8. Paula Hawkins
  9. Ann Cleeves
  10. Sophie Hannah
Med unnatak av Kim Leine, som er dansk/norsk, er her ingen norske namn. Det er kan hende betenkeleg, for eg har lest mykje nytt og norsk! - men eg har vore oppriktig og sett opp dei som har imponert meg mest dette året og som eg trur har potensiale til å bli framtidige favorittar. 

3. desember 2015

Bokomtale: Banesår av Thomas Enger

Lydbokforlaget 2015
Speletid 8:56
Opplesar Christoffer Staib
Kjelde: Lytteeksemplar


Thomas Enger har endeleg fullført serien om journalisten Henning Juul. Då eg las den fyrste boka Skinndød for nokre år sidan vart eg begeistra og imponert; debutromanen baud på, trass i enkelte logiske bristar og mange klisjéar, ei skikkeleg spennande historie som gav meirsmak og forventningar om framtidige gode leseopplevingar.
Dessverre vart ikkje desse forventningane innfridde. Bok nummer to Fantomsmerte var brukbar, men eg likte ikkje så godt verken Blodtåke eller Våpenskjold. Likevel; når ein fyrst har starta på ein serie, må ein sjå korleis det heile vert rulla opp og avslutta. Difor måtte eg lesa Banesår også, men før eg starta lyttinga av denne lydboka var forventningane mine skrudd ned - mange hakk.

Den raude tråden og hovudplottet i serien er Henning Juul si private tragedie: Jakta på kven som sto bak og kva som egentleg hende då huset til familien vart påtent, sonen mista livet og Henning sjølv vart hardt skada. Denne hendinga fann stad før Skinndød. Etter kvart er det blitt fleire bihistoriar, utallige trådar og innfløkte intrigar - og forfattaren sitt forsøk på forklaringar og å løysa opp litt i flokene i starten av denne boka er ikkje spesielt vellukka.

Boka er ujamn når det gjeld tempo og spenningsnivå. Enkelte kapitlar har brukbart driv, men så fell tempoet att der forfattaren kjem med uvesentlege detaljar og hendingar. Prologen er uhyre dramatisk, med eit blikk inn i framtida og avslutninga av det heile: Henning er i livsfare. Igjen. For han har faktisk vore utsett for utallige drapsforsøk gjennom fire bøker før - så då vert det uspennande - og eg gir litt blaffen, for eg vil jo berre bli ferdig med historia. Undervegs kjenner eg at eg er litt spent på korleis det går til slutt. Men berre litt.

Karakteren Henning Juul er, om ikkje ein truverdig karakter, så i alle fall ein samansett person. Resten av persongalleriet deriomot; dei kunne like godt vore pappfigurar, så eindimensjonale er dei. Stereotype karakterar og personar som "manglar" karaktertrekk er ekstremt kjedelege å lesa om.

Det beste eg kan sei om Banesår er at Christoffer Staib gjer ein god jobb som opplesar av lydboka. Han har ei behageleg stemme og les med akkurat passe engasjement.
Terningen landar på tre - og den tre'aren er svak. Eg føler at eg har kasta vekk tid på ein bokserie som ikkje held mål. Idéen til bøkene var sikkert god, men det virkar som om prosjektet vart for ambisiøst og at plottet vart altfor innvikla og uhandterleg undervegs.

Andre bloggmeiningar:
Tine
Ritaleser
- som begge er betydeleg meir nøgd med boka/bøkene enn meg. Sjølv kan eg ikkje anbefala denne serien, men altså; meiningane er delte.