Slik kan ein førebels oppsummering av bokåret 2015 sjå ut. Ikkje alle forfattarane eg har lest dette året er med her, men dei aller fleste. Dei med størst skrift er dei eg har lest mest og likt best. Sånn cirka.
Det som slår meg - med ei viss undring - er at det her er ei nokså stor overvekt av lett aldrande mannlege forfattarar. Desse har det felles at dei er gode forteljarar - og som lesar er eg stadig på jakt etter dei gode forteljingane og dei beste leseopplevingane - men eg plukkar ikkje ut bøker av mannlege forfattarar i 50-60 årsalderen. Ikkje bevisst, i alle fall.
Kvifor er det desse halvgamle mennene som gir meg dei beste leseopplevingane? Det er eg usikker på.
Finst det andre som har liknande forfattarerfaringar?
Eller aller helst; heilt andre erfaringar?
Det var utrolig stilig! Hvor har du lagt deg ordsky? Jeg fikk veldig lyst til å se hvilke forfattere som dominerer hos meg :-)
SvarSlettEg brukte wordle, men la inn orda (namna) og vektinga av dei manuelt. Då vart det sjåande slik ut.
Slett