26. april 2013

Bokomtale: En usynlig av Pontus Ljunghill


Dette blogginnlegget er ein test og er kopiert inn frå den gamle bloggen.

Pantagruel forlag 2013
Oversetjar: Solveig Moen Rusten
571 sider

Krimdebutanten Pontus Ljunghill har skrive ein kriminalroman utanom det vanlege. Eit alternativ til det heseblesande, actionfylte og bloddryppande. En usynlig er nemleg ei langsam og lågmælt bok. I form og stil - i det melankolske og ettertenksame - minner Ljunghill meg om Håkan Nesser - men humoren og ironien, som er så bra hos Nesser, manglar.

Sidetalet kan virka avskrekkande, men boka er svært lettlest - med korte kapittel og mykje "luft". Språket har på ein måte "avstand" i høve til handlingane. Det fungerer fint, då ein i tidsepoken det vert fortalt om, var noko meir formelle enn i dag. For me skal attende i tid, til 1928 og 1953.

Ein haustdag i 1928 vert ei lita jente funnen drepen på eit nedlagd verftsområde. Den unge og lovande politifullmektigen John Stierna vert sett til å leia etterforskinga. Mordet fører til stor merksamd i pressa, så politiet - og spesielt Stierna, føler presset frå alle kantar frå fyrste stund. Augevitne har sett både ein mann og ein bil på staden, men det er få spor etter mordaren. Jakta på den skuldige vert svært så innfløkt og langvarig. For Stierna personleg vert saka svært krevjande - saka gneg i han og han føler han ikkje kan sleppa taket. Han vert som besett av drapssaka - og er meir gift med jobben enn med kona. Men tida går og det ser ut som om saka aldri vil få noka løysing.

I 1953 sit ein sliten John Stierna på eit hotell på Gotland og summerer opp karriera si for ein journalist. Mordet på den vesle jenta har han aldri gløymd. Saka er i ferd med å bli forelda, men Stierna har framleis eit ørlite håp om ei oppklaring.
Handlinga i boka pendlar mellom desse to tidsplana.

Noko av det viktigaste i ein kriminalroman er spenningsmomentet. Trass i den langsame (ja, til tider direkte trege) handlinga, er det ei uvisse, ei uhygge og ein nerve som er til stades gjennom heile boka. Forfattaren brukar grepet med at han parallellt med hovudforteljinga gir oss mordaren sine tankar og motiv i kursiv. Mordaren er den usynlege velkledde mannen i hatt. Han føl med på kva som skjer - han står på avstand, som ein skugge.

En usynlig er, som mange påpeikar, ei stemningsfull bok. Ljunghill gir oss mange bilete på korleis folk på 1920-talet levde og arbeidde. Ein kan lett sjå føre seg korleis politiet jobba den gongen - utan avansert DNA-testing, mobiltelefonar og overvåkingskamera. Forfattaren har lagt mykje arbeid i research, og for folk som er kjende i den svenske hovudstaden, er det sikkert svært interessant å lesa dei detaljerte miljøskildringane frå den tidas Stockholm. Sjølv har eg aldri vore i byen, så akkurat dette gjekk eg litt "glipp av".

Pontus Ljunghill har lukkast med å skapa ei annleis krimbok, men mykje kan ein likevel kjenna att frå den klassiske kriminallitteraturen: Den mørke og dystre stemninga, det tidkrevjande og detaljerte etterforskingsarbeidet, den smarte mordaren som ligg eit steg framfor politiet og den hardtarbeidande og einsame etterforskaren som aldri gir opp.

Eg likte boka ganske godt. Medan eg las tykte eg at handlinga gjekk for tregt, men i ettertid ser eg at det nettopp er det omstendelege og ettertenksame som gjer boka så lesverdig.
Konklusjon: Ein sterk firar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar