18. april 2013

Bokomtale: Menneskets natur av Jørgen Brekke

Dette blogginnlegget er ein test og er kopiert inn frå den gamle bloggen.

Lydbokforlaget 2013
Opplesar: Trond Brænne
Speletid: 09:39
Lydfil fått frå Lydbokforlaget 
 
Jørgen Brekke har skrive ei ny god og ganske så spennande bok i serien med Odd Singsaker og Felicia Stone i hovudrollene. Eg har lytta til lydbokversjonen, men har samstundes hatt papirboka tilgjengeleg. Det har vore nyttig i dette tilfellet, fordi forfattaren gjennom heile boka skiftar tids- og forteljarperspektiv. Slike skifte er krevjande og gjer det vanskeleg å konsentrera seg om ein berre "les" lydboka, - men om ein i tillegg har ei fysisk bok å bla litt i, er det ikkje vanskeleg å halde tråden.
Det var svært spesielt og ganske vemodig å høyra Trond Brænne som opplesar av boka; han døydde for kort tid sidan, berre 59 år gammal. Opplesinga av Menneskets natur vart utført på ein framifrå måte.
Dei to fyrste bøkene i serien, Nådens omkrets og Drømmeløs, har handling frå notida og inneheld interessante - og skumle - parallellhistoriar frå ei fjern fortid. Menneskets natur har handling kun frå notida, og det einaste historiske i romanen er at forfattaren med jamne mellomrom refererer til Hippokrates og teoriane hans. Boka er inndelt i fire deler med namn etter Dei fire temperament; blod, slim, gul og svart galle. I kvar del møter me så personar som representerer desse temperementa.
Handlingane er fyrst og fremst lagde til Trondheim og Hitra, med avstikkarar til Oslo, til Østerdalen og til Horten (der Brekke flettar inn ein hyllest til forfattarkollega Jørn Lier Horst. Stilig!)

Dette er bok nummer tre i serien, og i starten av boka forstår me at Odd Singsaker ved Trondheim politikammer er ute i hardt vêr og at han har opplevd noko dramatisk. Akkurat kva som har skjedd, får me ikkje greie på. Det vert gradvis avslørt utover i boka, - dette er effektfullt og held spenninga oppe sjølv om det ikkje er like mykje action heile tida. I tid går handlinga går føre seg nokre veker etter der handlinga i Drømmeløs sluttar. I slutten av den boka forsvann Felicia Stone rett og slett, og når me møter henne att i Menneskets natur er ho på rangel, - men i ferd med å finna tilbake til seg sjølv - og truleg til Odd. Men så vert ho vikla inn i svært så dramatiske hendingar..
Persongalleriet i boka er mangfaldig. Me møter ein politimann på flukt med eit barn, ein torpedo og dei to torpedoassistentane Lars og Lars, ein student i trøbbel, og mange mange fleire. 
Jørgen Brekke er ein dyktig forteljar, og utfordrar lesaren når han i denne boka gjev oss fleire parallelle historiar, ukronologisk og med ulike forteljarstemmer. Eg likar å bli utfordra, og er fascinert over korleis forfattaren skifter spor og hoppar fram og tilbake i tid med overskriftene "før det skjedde", "etter det skjedde" og "da det skjedde." Dei fleste lause trådane som forfattaren har strødd om seg med i løpet av boka, vert fletta saman på ein snedig og dyktig måte til slutt.
Boka inneheld ein del humor av det underfundige slaget og sluttar på ein slik måte at lesaren forventar ei ny bok i serien. - Og den kjem sikkert.
Konklusjonen er at dette er ei spennande, godt komponert og lesbar krimbok. Anbefalast!
Takk til Lydbokforlaget som sende meg gratis lydfil.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar