Opplesar: Axel Aubert
Speletid: 11 t 20 min
Lånt på biblioteket
Imponerande og underhaldande spionthriller
En norsk spion - i lydbokformat - er krevjande lesing, særleg i starten. Det er mange detaljar, framande faguttrykk, ukjende miljø og person- og stadnamn som skal på plass. Ei papirbok å bla i, eit kart og ei notisbok og penn hadde heilt klart vore gode hjelpemiddel, - men er du konsentrert nok når du lyttar, går det greitt likevel. For boka fengar heilt frå starten, lesaren skjønnar at forfattaren verkeleg meiner noko med det han skriv om. Her er driv og tempo samstundes som det er plass for det ettertenksame:
"Frykt og fare er ikke det samme. Fare er en relativt objektiv størrelse – den kan kalkuleres og estimeres av all verdens analytikere og risikoeksperter nesten slik meteorologene snakker om været. Risiko settes opp mot gevinst, og du kan sette to streker under svaret. Frykt er noe annet: Den handler nettopp om mangel på kontroll, en følelse av kaos. For en etterretningsoperatør er det avgjørende å kunne balansere de to. Frykt og fare, hjerte og hjerne."Peter Wessel (Jepp, ein namnebror av sjølvaste Tordenskjold, sjøhelten - og Zapffe, filosofen) er hovudperson og einaste forteljarstemme. Det handlar om norsk etterretning og hemmelege operasjonar i Afghanistan, og handlingane går stort sett føre seg her og i Dubai, og via tilbakeblikk andre stader i verda, særleg Libanon.
Ein "skikkeleg" romanspion (tenk på James Bond) skal vera litt for god, litt for pen og litt for smart til å vera sann. Peter Wessel er òg ein slik figur, men han har noko alvorleg, melankolsk og tenksamt ved seg i tillegg.
Som bakteppe til hendingane i boka har me storpolitikken; Den kalde krigen, Sovjet si krigføring i Afghanistan, framveksten av Taliban og Al-Quaida. USA og FN si rolle når det gjeld dei kompliserte tilhøva i Afghanistan, Iran og mange andre land i Midt-Austen og den arabiske verda vert også nemnde i boka. Forfattaren framstiller slett ikkje situasjonen i denne delen av verda i "svart/kvitt", her er alle gråtonane også med. Her er ikkje alle muslimar "skumle og slemme". Nore tek ikkje parti, han skal ha ros for at han ser nyansert på det heile. Og han ser med kritiske auge på Noreg si internasjonale rolle som både fredsmeklar og krigsdeltakar.
Språket i boka flyt lett trass i at handlinga er noko kompleks. Boka kan oppfattast som "macho" og full av testosteron, som om ho fyrst og fremst skriven for menn, med alle dei militære omgrepa og detaljerte skildringane av våpen og militært utstyr. Samstundes er boka "feminin" på den måten at ho er så full av kjensler; venskap, kjærleik, sorg, skuldkjensle, moral, forvirring, fortviling. Miljø-, natur- og kulturskildringane er levande og er prega av at forfattaren er kunnskapsrik og har brukt mykje tid på research. Boka er både underhaldande, tankevekkjande og opplysande, - den einaste innvendinga eg har er at det kanskje vert for flinkt, for belærande, for ambisiøst. Kan hende hadde boka vore enno betre med litt stripping; om noko av dei mange detaljane hadde vore kutta ut.
Hendingane og personane i boka virkar å vera truverdige og stilen er tidvis dokumentarisk. Spenningsnivået er stigande utover i boka - akkurat slik som ein spionroman skal vera. I yngre år las eg mange agent-/ spionromanar; eg slukte bøkene til Ian Fleming, John Le Carré og Alistair MacLean. Seinare har eg lese mange av bøkene i Jan Guillou sin serie om Carl Hamilton. Det er overraskande, imponerande og gledeleg at Aslak Nore og En norsk spion kan samanliknast med desse.
Andre bokbloggarar som har sagt si meining om En norsk spion:
Lines bibliotek, Bokbloggeir, Hysj! Lesing pågår, Krimbloggeren, ebokhylla mi.
Atter en kjempefin bokomtale Berit, jeg fikk lyst å låne meg boken selv om jeg ikke er så veldig fan av spionromaner. Synd en ikke kan laste ned lydfiler direkte fra biblioteket til iPadden :) Det kommer vel det og.
SvarSlettTusen takk. Det er like kjekt å gi tips som å motta tips!
SlettHar denne liggende på vent, kjøpt og fått signert i fjor høst. Minner med om Richard Spetz`Allahs tårer..ang testosteron ..
SvarSlettOi, signert til og med?! Ei god og utfordrande bok var det.
SlettAllahs tårer har eg høyrt litt om, kanskje den skal lesast seinare ein gong. Men det kan jo bli for mykje testosteron..
Kjekt du likte boka - jeg syns den var veldig god, og fantastisk at en nordmann kan konkurrere med de gamle spion-traverne som jeg også har lest "alt" av. Som Anita syns jeg Nore og Spetz har veldig mye til felles, selv om jeg nok kanskje holder en knapp på Spetz.. Jeg gav imidlertid begge full score, og det er sjelden jeg gjør med norske action thrillere! FLott omtale!
SvarSlett