30. juli 2013

Krimnovellelydbøker på vent

Boken på vent er den faste spalta kvar tysdag hos Beathe og beathesbokhylle. Eg tykkjer det er både underhaldande og inspirerande å sjå kva slag bøker andre bokbloggarar og bokelskarar har på vent.

Denne tysdagen vil eg gjerne back to basic og visa fram to lydbøker eg har lånt på biblioteket.


For Agatha Christie er liksom basic for meg. Sidan eg vart introdusert for bøkene hennar då eg var ung, har eg lest - og likt - veldig mange av bøkene hennar. Kosekrim med Hercule Poirot og Miss Marple er verkeleg avslappande og fornøyeleg underhaldning. Dame Agatha er sjølve Krimdronninga med stor K: Ho ga ut 66 romanar, 154 noveller og 20 skodespel. Bøkene hennar er selde i ufattelege to milliardar eksemplar og oversette til meir enn 60 språk. Det er òg laga utallige filmar og TV-seriar basert på romanane og novellene hennar.

Eg er veldig fan av den smarte og pertentlege vesle belgiaren Hercule Poirot, som har hovudrolla i desse to lydbøkene:


Mordet på seiersballet

inneheld tre noveller:
  • Mordet på seiersballet
  • Historien om kokkepiken fra Clapham
  • Det doble sporet

I Plymouthekspressen er desse 5 novellene med:
  • Plymouthekspressen 
  • Vepsebolet
  • Mysteriet i Market Basing
  • Mysterium til sjøs
  • De hemmelige ubåttegningene

Alle novellene er henta frå samlinga Poirot løser gåten (Poirot's Early Cases) som kom ut i 1974. Handlinga er frå tida rett etter fyrste verdskrig, og det er Poirot sin gode ven og hjelpar, kaptein Hastings, som har forteljarstemma.

Innlesar av lydboknovellene er Nils Nordberg. Røysta hans er perfekt for slik klassisk krim.

11 kommentarer:

  1. Dette er klassikere så det rekker. Vurderte å se The mousetrap da jeg var i London i mai, bare for å ha sett den (igjen). Kos deg med Poirot, tror jeg holder meg til en av de mange episodene en kan se på tv :)

    SvarSlett
    Svar
    1. David Suchet er strålande som Poirot, så TV-filmane er eit godt alternativ.

      Slett
  2. Jeg har ikke lest noe av henne ennå jeg, men tenk så kjekt det hadde vært å tatt for seg alt hun har skrevet. Det hadde vært noe det. jeg skulle vært mye flinkere å lyttet til bøker også, sånn innimellom i hvert fall. Tusen takk for tips

    SvarSlett
    Svar
    1. Det kunne kanskje vore ein idè å starta med ei slik kort lydbok?

      Slett
  3. Jeg leste ganske mye av henne for en del år siden.

    SvarSlett
    Svar
    1. Nettopp difor er det artig å oppdaga forfattaren "på nytt".

      Slett
  4. Har lest alt for lite av Agatha, men jeg har da fått sett noen av tv-seriene med Poirot. Har da planer om å begynne på bøkene en gang,hun skriver jo koselige krim bøker, spennende og morsom er de jo også. Kos deg med lydbøkene:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det gjer eg :) Humoren hennar er litt spesiell og tørrvittig, særleg når det gjeld Poirot.

      Slett
  5. Takk for tipset. Har mest sett filmene og tv-serier, men det er jo sant, å lese Agatha Christie er jo virkelig "Back to Basic" :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, eg meiner det, sidan eg les så mykje ny krim no for tida.

      Slett
  6. Nils Nordberg er i alle fall god til å lese og snakke hørespill på radioen.Og så er han Verdaling attåt.:) Kos deg med Agatha og Nils!

    SvarSlett