Font forlag 2013
Originaltittel: Sharp objects
Oversetjar: Stian Omland
251 sider
Dersom du har forventningar om ei tradisjonell krimbok, vert du nok skuffa. Har du derimot forventningar om ei historie om sjuke sinn og gjerningar, bør du absolutt lesa Åpne sår av Gillian Flynn. Dette er debutromanen hennar og eg tykte boka var veldig skremmande og sterk, - med uhyggelege handlingar og grov humor, - ein psykologisk thriller med fleire skakkøyrde karakterar.
Boka handlar om ein dysfunksjonell familie der kjærleik vert blanda saman med vald. Omsorg og smerte. Sjølvskading og pleie. Dopmisbruk og romantikk. Liv og død. Tematikken er skremmande, men det psykologiske aspektet gjer det også fengande.
Eg-person og forteljarstemme er journalisten Camille som vert sendt avstad for å laga ein artikkelserie rundt to drap som har funne stad i den vesle heimbyen hennar i Missouri. Camille har sine mørke sider og ein tragisk barndom og bakgrunn, - dette vert gradvis avdekka utover i handlinga. Opphaldet i småbyen og barndomsheimen vert ikkje idyllisk, for å sei det slik.
Flynn er glimrande når det gjeld miljøskildring og skapar ein uhyggeleg stemning som varer gjennom nesten heile boka. Forfattaren gir gode og beiske karakteristikkar av både menneske og samfunn. Det er spesielt og ganske overraskande å merka at ein får sympati og nesten blir glad i ein så usympatisk hovudperson.
Boka er - for å sei det enkelt; god, men ekkel. Dessutan er ho akkurat passe lang. Språket er godt og "kler" innhaldet i boka; skarpt, bittert, ironisk og elegant.
Då har eg lese alle dei tre bøkene Flynn har gitt ut til no, og ser fram til fleire bøker frå denne forfattaren i framtida. Den boka som gjorde sterkast inntrykk på meg, var Mørke rom, medan eg oppfattar Flink pike - den nyaste og mest kritikarroste boka - som god, men noko oppskrytt. Eg har sett at andre vurderer bøkene heilt annleis enn eg gjer, men slik er det: Boklesarar og bokelskarar er (minst) like ulike som andre folk. For Åpne sår konkluderer eg med - som eg gjorde med Mørke rom - ein femmar på terningen, men denne femmaren er noko svakare.
Til slutt:
Forlaget bør bruka meir tid til korrekturlesing. Skriveleifar er slurv og skapar unødig irritasjon. I denne boka - eg har paperbackutgåva utgitt i år - var det ein heil del av slikt. Eg innrømmer at eg vert litt sur og at eg er rettskrivingsnazi, men forfattarar, oversetjarar, forlag og korrekturlesarar har betalt for å levera ei feilfri vare. Bøker som inneheld skrivefeil er ei vare det er grunn til å klaga på.
Sure kundar er dårleg reklame. Skjerpings!
Kjekt at du likte alle bøkene hennes. Enig med deg at trykkleifer er utrolig irriterende :)
SvarSlettJepp, enig!
SvarSlettDewnne gleder meg meg til. Har kjøpt boka og den ligger nesten øverst i haugen. At du har gitt den en 5'er er bra! Vi har ofte samme oppfatningen av bøker :)
SvarSlett