28. august 2013

Bokomtale: Smertens Aveny av Roar Sørensen

Commentum forlag 2013
320 sider
Lånt på biblioteket

Eg har lese mengder av kriminallitteratur  i "alle" år. Eg torer difor sei at eg er ein svært røynd krimlesar, og dessutan ein kresen krimlesar. Det er ikkje alle krimbøker eg les som får terningkast 5 og 6, for å sei det slik. Ei god krimbok skal fyrst og fremst vera underhaldande og spennande, og dersom boka i tillegg har eit meiningsfullt og gjerne samfunnskritisk tema, eit godt plott, ein sjarmerande hovudperson, eit variert og truverdig persongalleri, samt sterke og gode miljøskildringar - ja,  snakkar me god krim. Roar Sørensen byr på alle desse ingrediensane i Smertens Aveny. Dette er ein underhaldningsroman som samstundes handlar om alvorlege, motbydelege og triste ting. Handlinga er lagt til Kirót Avenue - Smertens Aveny - i Angeles City, Filippinene.

Roar Sørensen debuterte som krimforfattar med Magellans kors i 2009, og Smertens aveny er den andre og frittståande boka om den rufsete ekspolitimannen Stein Inge Olsen, aka Stingo. (Eg ser for meg Stingo som ein slags "fjern ukjend fetter" av Harry Hole) I Smertens Aveny vert me betre kjent med Stingo og bakgrunnen for at han lever eit "eksiltilvære" på den andre sida av jordkloden. Stingo slit med depresjon, sjukdom, sorg, einsemd og alkohol - og når historia startar, er han i ferd med (nok ein gong) å ta livet sitt. Ein telefon stoppar forsøket denne gongen, - ein kjenning, Martin Werner, eigar av baren Forbidden Pleasures, er funnen drepen.

Martin si eks-kone i Noreg engasjerer Stingo som privatetterforskar for at han skal finna ut kva som har skjedd. Stingo er ein anti-helt med alle sine skavankar, men han er ein dyktig etterforskar og eit medmenneske med sterk sans for rettferd. Problemet hans er at han ikkje veit kven han kan stola på og kven han ikkje kan stola på.
Har kona eller eks-kona noko å skjula? Kva med sonen og hushjelpa? Det korrupte politiet gjer ikkje mykje for å oppklara saka, - dei er meir opptekne av at ei 15 år gammal barjente er sporlaust vekke. Har drapet på Martin og denne forsvinninga ein samanheng? Kva er egentleg agendaen til Marissa frå hjelpeorganisasjonen?
Stingo får ikkje mykje hjelp frå norske styresmakter eller det norske miljøet i byen heller. Han får litt av kvart å bryna seg på og møter motstand frå fleire kantar.

Språket i boka kler handlinga; røft og tøft. Tidvis, i action-scenene, brukar forfattaren korthogne setningar, medan det vert brukt lange utbroderande setningar når han skildrar ulike miljø og omgjevnader. Dette driv handlinga framover, men i eit skiftande tempo.

Sørensen viser i denne boka at problema med menneskehandel og prostitusjon er samansett og at det neppe kan løysast med lover, reglar og forbod. Fattigdom og korrupsjon er rota til mykje av elendigheita og tragediane. Forfattaren er busett på Filippinene og har god kjennskap til samfunnet der, på godt og vondt. Miljøskildringane er glimrande, - det same er personskildringane. Karakterane og miljøet rundt vert så tydelege at dei vert nesten filmatiske: Lesaren føler gatelivet; me høyrer støyen og musikken og kjenner varmen og stanken.

Boka ber altså preg av autensitet og truverdigheit. Ein skulle jo gjerne ønska at alt det motbydelege som det vert fortalt om i Smertens Aveny (trafficking, prostitusjon, korrupsjon og fyrst og fremst: fattigdom)  ikkje var sant, - men dessverre er det all grunn til å tru at det faktisk er slik. Dette innblikket i all jævelskapen gjer Smertens Aveny til noko meir enn ei krimbok.

Konklusjon: Ei god og viktig bok med ei mørk stemning frå eit eksotisk miljø. Terningkast 5.
Anbefalast!

Les også: Bokomtale Magellans kors

---------------------

Skriveleifar og rettskriving er ein av mine kjepphestar - og eg skulle ønska at alle forlag hadde meir fokus på korrekturlesing. Det er ikkje mange feil i denne boka, men eg fann nokre få. Ikkje så mykje å "henga seg opp i" kanskje, men for meg tel slike ting når det gjeld den totale leseopplevinga.

4 kommentarer:

  1. Veldig god anmeldelse Berit! Jeg likte også boka, og er også enig med deg. Det er ikke derfor jeg synes omtalen er god men fordi du begrunner så godt hva som er godt, hvorfor boka er god,, og hva som er dens kvaliteter-
    En krim som får oss til å tenke, og den er ikke svart-hvit. (som verden heller ikke er, men som veldig mye krimlitteratur er..)

    SvarSlett
  2. Enig med terningkastet ditt, og jeg må si som Anita, du forklarer utrolig bra hvorfor boken er god :)

    SvarSlett
  3. Steike go bok. Bare så synd den er umulig å få tak i hos bokandlerne da kjedene ser ut til å boykotte boka.

    SvarSlett
    Svar
    1. Javel? Du kan i alle fall få tak i boka, både innbunden, hefta og som ebok hos nettbokhandelen Haugenbok: http://www.haugenbok.no/Skjoennlitteratur/Krim-spenning/Smertens-aveny/I9788282331746

      Slett