10. november 2013

Bokomtale: Pergamentet av Gert Nygårdshaug

Cappellen Damm 2013
Speletid: 11:33
Opplesar: Helge Winther-Larsen
Lydfil kjøpt frå Ordflyt

Det som best kjenneteiknar bøkene til Gert Nygårdshaug er den sprudlande forteljargleda og den frodige fantasien. Pergamentet er ingen realistisk og tradisjonell politikrim; her får lesaren både underhaldning, spenning og kunnskap i tillegg til ei god krimhistorie.

I serien om hobbydetektiven og gourmetkokken Fredric Drum, har me fleire gonger møtt onkelen til Drum, den eksentriske Kripos-etterforskaren Skarphedin Olsen. (Ja, i eit par av bøkene har vel både forfattar og lesar blitt i tvil om dei verkeleg er to ulike personar, - men det er ei anna sak). Reint kronologisk sett går handlingane i Pergamentet føre seg mellom Alle orkaners mor og Rødsonen, bok nummer 9 og 10 i Drum-serien.

I Pergamentet er det onkelen som har hovudrolla og Fredric Drum som er bifigur. Forfattaren sin humor og fantasi kjem til uttrykk på mange måtar, også gjennom namna på personane. Ta berre namnet Skarphedin (som vel er namnet på eit idrettslag og elles berre kjent frå Njåls saga), og dei sære namna på kollegaene til den nemnde Skarphedin; Tom-Arne Stormyrstuggu, Rolf Rickert, Alvara Puertocruz, Katja Blochausen og Kurt Krutthammer! Kvar tek han det frå?!

Sært er også namnet på det eine offeret me møter i boka; Linus Lindehage. Det er påske i Oslo og Kripos-etterforskar Skarphedin Olsen er invitert til påskemiddag hos sin gamle ven "sersjant" Aronsen. Når han forlet venen og måltidet, høyrer han eit kvinneskrik. Olsen sjekkar kva som har skjedd - og finn ektemannen til kvinna med skriket  - professor og kryptolog Linus Lindehage, død - myrda. Den einaste som er tilstades utanom den drepte er kona Linnea - som naturleg nok vert hovudmistenkt. Men så enkelt er det sjølvsagt ikkje; dette er eit mysterium i eit lukka rom. Skarphedin Olsen vert grunna påskeferien beordra til å leia etterforskinga.

Pergamentet som tittelen på boka viser til er eit mystisk manuskript frå middelalderen; det såkalla Voynich-manuskriptet (som verkeleg finst; det vert i dag oppbevart på biblioteket ved universitetet i Yale.) Ingen har nokon gong klart å tyda dette eldgamle dokumentet - men professor Lindehage skal denne påskehelga leggja fram eit oppsiktsvekkjande funn i eit foredrag i London. Men samstundes som Lindehage skulle ha entra talarstolen i det ærverdige Londons Royal Society vert han altså - heilt uforklarleg - funnen drept i Oslo. I London vert to andre menn med tilknytning til Voynich-manuskriptet funne myrda; ein verdenskjend konspirasjonsforfattar (som liknar mistenkeleg på Dan Brown) og ein tysk kollega av Lindehage. Makabre og mystiske dyrekadaver vert også funne plasserte ved alle dei døde. Kva i alle dagar kan dette bety?

Handlingane pendlar i både tid og rom. Me er som sagt både i London og i Oslo, og innimellom ein tur til eit kloster ved Gardasjøen på 1400-talet. Mot slutten vert fokuset flytta til ein heilt annan verdensdel, til Yucatan-halvøya i Mexico. Skarphedin Olsen står fram som ganske balansert og klar i denne boka, men han har eit litt spesielt og underleg forhold til si eiga fortid.

Gert Nygårdshaug liknar ikkje på nokon andre krimforfattarar - han har sin eigen stil. Når det gjeld tematikken har han mykje til felles med Tom Egeland, A.J. Katzinski og Dan Brown. Alle desse forfattarane blandar mytologiske, historiske, religiøse, vitenskaplege og intellektuelle element inn i kriminalromanane sine. Nygårdshaug nyttar i tillegg tørr humor og vittige hovudpersonar, noko som gjer bøkene hans svært leseverdige.

Lydbokversjonen av Pergamentet krev at lesaren/lyttaren er konsentrert heile tida. Helge Winther-Larsen les litt sakte og nølande - han tek liksom "fart" når han skal uttala vanskelege ord og setningar - men den litt rustne stemma hans passar fint til ei forteljing om Skarphedin Olsen.

Andre bloggarar om boka:
(Den andre) Berit
Artemisias verden
Skrivehula

*****************


Eg har no presentert bloggen min på Bloggurat.
http://bloggurat.net/minblogg/registrere/dd069c7aab5fcc30b1c198b0d15b531555b26296

5 kommentarer:

  1. Så morsomt at du har hørt den som lydbok! Jeg leste den for ei stund sida, og så lenge jeg leste den som "krim" syntes jeg det ble litt tamt, men så prøvde jeg å "skru innstillinga" over på skjønnlitteratur, og da ble det en helt annen fornøyelse! Det er som du skriver; forfatteren har med så mange flere elementer enn de som tradisjonelt karakteriserer krimsjangeren. Nygårdshaug er fortsatt en favoritt, og det er fortsatt mange av bøkene hans jeg ikke har lest ;o)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det kan vera greit å vera klar over at dette ikkje er heilt "normal krim" før ein startar på boka.

      Nygårdshaug har ein stor og variert forfattarkarriere bak seg - og framfor seg, får ein håpe. Eg har lest mange av bøkene hans, men langt frå alle.
      Chimera og Mengele Zoo kan eg verkeleg anbefala.

      Slett
  2. Jeg har ikke helt fått taket på denne serien til Nygårdshaug. Kanskje fordi jeg har syntes det var rotete i forhold til Skarphedin og Drum. Med dette fikk vi en god innføring i boken, så kanskje jeg skal føye denne til min samling av bøkene hans?

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg skjønnar kva du meiner med "det rotete forholdet". Eg likte veldig godt dei fyrste bøkene i serien, 'Honningkrukken', 'Jegerdukken' osv. men fekk store problem med bok nummer 6, 'Kiste nummer fem' - der det plutseleg vert sett spørsmålstegn ved identiteten til Skarphedin og Drum, om dei kanskje var ein og same person.. Nygårdshaug leikar seg med både sjangeren og lesaren, og forvirrar kanskje seg sjølv litt også? Forfattaren har også sagt at serien om Drum ikkje er nokon serie, men ein sirkel. Avslutninga på 'Rødsonen' er på ein måte lagt til tida før 'Honningkrukken'. http://www.gertnyg.com/sporsmal/

      Pergamentet er ei meir normal bok og Skarphedin er tilnærma normal. Eg trur du kjem til å lika denne.

      Slett
  3. Jeg elsker disse bøkene.. (ingen hemmelighet for de som har lest blogginnleggene mine.:)

    SvarSlett