Frostgraven av Sonja Holterman
Juritzen Forlag 2014328 sider
Lettlest og lettvint om journalisten Ira Torgrimsson - som kunne vore ei slags kusine av Annika Bengtzon eller Erika Falck. Forfattaren virkar med andre ord å vera inspirert av Liza Marklund og Camilla Läckberg sine bøker, men klarar ikkje å nå opp til desse to når det gjeld spenning og nerve.
Boka har to parallelle historiar og to tidsplan - og er slett ikkje dårleg. Forfattaren skildrar godt den stakkars "tyskerungen" Peder sitt liv.
Likevel - etter min smak er dette for enkelt. Eg vil gjerne ha litt "å bryna meg på" - noko som krev litt meir tankeverksemd. Her er alt så altfor tydeleg, så irriterande overforklarande - lesaren får servert plottet i bittesmå teskeier.
Eg las Den siste pilegrimen - som også har handling frå andre verdskrig - like før denne boka, og samanlikninga var ikkje til å unngå. Og her fell Frostgraven gjennom, dessverre.
Ei typisk terningkast tre-bok. Bra, men ikkje noko meir.
Krypet av Ragnar Enger
Cappelen Damm 2014267 sider
Fortlest og fortgløymt politikrim.
Thrilleraktig og "greit" - men lite spennande. Det vert berre liksomdramatisk. Boka har brukbart driv og er akkurat passe lang. Ho handlar om seriedrap, psykiatri og psykologi - og ein har liksom lest det same fleire gonger før.
Men - eg merkar meg namnet på forfattaren og ønskjer han lukke til i neste bok. Det er tendensar til noko bra her.
Krypet har jeg lest og Frostgraven har jeg i pocket så den tenkte jeg kunne bli en av krimbøkene som skal være med på ferie (vi skal reise med fly). Vet du, jeg tenkte jeg skulle si noe om hva jeg mente om Krypet og så kom jeg ikke på hva den handlet om :-) Så stort inntrykk gjorde den! (Jeg kom på det). Slutten var for meg meget tullete, eller iallefall av det rareste slaget. Det var feil gjerningsperson, samtidig som boken selvfølgelig hadde blitt noe helt annet om det hadde vært en annen morder :-)
SvarSlettEnig. Ein rar, søkt og oppkonstruert slutt på eit elles OK plott.
Slett