22. september 2014

Bokomtale: Brudekisten av Unni Lindell

Aschehoug 2014
407 sider

Kjelde: Lånt privat

Det meste stemmer med denne boka. For å ta tittelen og omslaget fyrst; grotesk, men på ein litt pirrande måte. Ein vert nysgjerrig og forventar vel ei kriminalforteljing litt utanom det vanlege. Og kva får me? Jo, me får er ein politikrim med thrillersmak, tilsett ein dæsj grøss og gru.

Eg tykkjer Lindell har så fine titlar på bøkene i Cato Isaksen-serien; Slangebæreren, Nattsøsteren, Sørgekåpen, Sukkerdøden.., "nye" ord som får andre og uventa tydingar. Ei brudekiste var i tidlegare tider ei kiste der unge jenter samla utstyr og tekstilar til den framtidige heimen sin. I denne boka har ordet ei anna og meir grotesk tyding.
Brudekisten er bok nummer 10 i serien, og etter mi meining ei av dei beste, nesten på høgde med den fyrste fantastisk spennande Slangebæreren.

I likskap med fleire andre av våre norske krimheltar (f.eks. Konrad Sejer, Varg Veum, Harry Hole og William Wisting) er Cato Isaksen blitt litt sliten - men han held likevel fokus når det "går seg til", samstundes som han reflekterer over livet, samfunnet og tilværet. Nok ein gong har Cato Isaksen samlivstrøbbel, men på jobben går det greitt så lenge han slepp å jobba saman med Marian Dahle.

Men - så dukkar det opp ei sak der Cato og Marian vert tvinga til å samarbeida igjen. Ei kvinne vert funnen drept på bestialsk vis - og drapet har truleg samanheng med ei tragisk hending som fann stad nesten 25 år tidlegare, på Gaustad sjukehus.
Eg føler det ikkje er nødvendig å skriva noko detaljert handlingsreferat av boka (det kan googlast), men kan nemna at mykje av handlinga går føre seg på Gaustad. Denne svære, tidlegare psykiatriske institusjonen, eit "sinnssjukehus" med mange triste, dramatiske og uhyggelege historiar i veggene skapar ei "fin" uhyggestemning i boka.
Forfattaren pøser elles på med skrekkelement; halloween og djevelmaske, katakomber og underjordiske gangar, elektrosjokk og lobotomi, samt likpynting og kistemakeri. Legg så til eit par underlege tidlegare psykiatriske pasientar, ein utanlandsk leigemordar, ein prest med hemmelegheiter og ei gammal hytte i ein skummel skog - og du skjønnar at boka ikkje passar for lesarar med mørkeredsel og annan angst.

Brudekisten er verkeleg ein pageturner; dei siste par hundre sidene las eg i eitt strekk. Språkflyt og scene- og perspektivskifte er upåklageleg. Samarbeidsproblema mellom Cato og Marian gir ein ekstra nerve i boka; motsetnader tiltrekk kvarandre og skaper ein ekstra "motor" i denne historia.

Plottet er nokså innfløkt og potensielle gjerningspersonar mange, men denne gongen gjetta eg faktisk "rett" gjerningsperson - og det var litt nedtur. Eg vil jo helst bli overraska når eg les krim.

Til slutt, litt rettskrivingpirk:
Eit så stort forlag som Aschehoug bør ha nok ressursar til å lesa grundig korrektur. Rett skal vera rett; eg fann ikkje mykje feil, men når det samansette ordet securitasvakt vert delt i samband med linjeskift som securita-svakt (!) ikkje berre ein, men to gonger (side 356 og 360) fortener det å bli nemnd.
Skrivefeil er slurv og orddelingsfeil er flaut!

2 kommentarer:

  1. Flott omtale!
    Jeg hørte denne som lydbok, noe som i det minste sparte meg for orddelingsfeil... Jeg kan for moroskyld dele en av de "bedre" jeg har lest i det siste: slum-revers. Som jeg ikke fikk til å passe i sammenhengen før jeg skjønte at det skulle vært slumre-vers ;o)

    SvarSlett
    Svar
    1. Humre :) Her er fleire: Selskap-støy og selskaps-tøy. Boks-katter og bok-skatter. Dop-lager og do-plager.

      Slett