11. januar 2015

Bokhyllelesing: Pinnsvinets eleganse

Lydbokforlaget 2008
Speletid: 8:54
Opplesarar: Janne Kokkin og Silje Lindblad


Utfordringa bokhyllelesing startar friskt i år med ny runde alt den andre veka i januar. Kategori denne gongen er "Les ei bok med grønt omslag" - og eg leita i hyllene mine etter ei ulest bok med denne fargen, men fann ingen i farten. Deretter såg eg på dei lagra, men enno "uhøyrde" lydbøkene på PC'en min, - og fann ei bok som eg ikkje hadde prioritert enno; 1001-romanen Pinnsvinets eleganse. Med litt godvilje så ser ein eit lite grønskjær på dette coveret, ikkje sant? Litt grågrønt?



Eg skal innrømma at eg var litt skeptisk til denne berømte boka på førehand. Sidan eg helst les bøker der spenning og plott er sentralt, kjedar eg meg ofte med andre typer bøker. Men eg likar bøker som inneheld ei interessant historie, har truverdige karakterar, gode skildringar og at ein sit att med ei godkjensle når boka er utlest/ferdiglytta. Pinnsvinets eleganse manglar fleire av desse "ingrediensane". Etter mi meining er historia uinteressant og dei to hovudpersonane - og forholdet mellom dei - utan truverdigheit. Men dersom du strevar med søvnen, kan eg anbefala lydboka. Ho egnar seg godt som innsovingsmetode, det har eg erfart.

Eg erfarte òg at den før nemnde skepsisen min var berettiga, men eg avbraut ikkje lyttinga. Litt på trass, og litt fordi eg hadde forventningar om at boka skulle ta seg opp og fenga meg meir - etter kvart. Det skjedde i liten grad. Hadde eg lest boka sjølv, dvs. ikkje lytta til lydboka, hadde eg nok gitt ho opp.

Reneé og Paloma, dei to hovudpersonane i boka, bur i eit fasjonabelt leilegheitskompleks. Lesaren får møta dei i annakvart kapittel: Reneé som er 54 år, enke og jobbar som "portnerkone" i huset, og Paloma som er 12, superintelligent og suicidal. Ho har planlagt å ta livet av seg når ho har fått tak i mange nok av mora sine sovepillar. Begge skjuler for omverda kor talentfulle, intelligente og intellektuelle dei egentleg er. Begge betraktar medmenneska sine med bortimot avsky samstundes som dei skjuler talentet, kulturinteressa og intelligensen sin for alle andre. Begge er svært begeistra for japansk kunst og kultur - og andre liksomviktige ting, som t.d. gramatikk.
Truverdig? Nei, det er ikkje det.
Interessant? Ikkje så veldig, nei.

Eg trur ikkje på dei merkelege tankane og haldningane til dei to hovudpersonane. Og kva er ei portnerkone forresten? Eller ein portnerlosje? Boka er visst altfor fransk for meg. Tittelen på romanen er også merkeleg - men litt stilig - og kjem frå når Paloma "oppdagar" Reneé: 
"Utenpå er hun stappfull av pigger, en skikkelig festning, men jeg har en anelse om at hun på innsiden i all enkelhet er like raffinert som et pinnsvin - de er noen dyr som bare later som om de er dorske, de hegner fanatisk om sin ensomhet, og de er fryktelig elegante."
Etter kvart blir altså Reneé og Paloma kjende med kvarandre og omsider skjer det noko i denne historia: Det flyttar inn ein ny person i huset der dei bur; ein veldig rik og svært kulturell mann som "tilfeldigvis" er japanar - og liva til desse tre personane vert då liksom fletta saman. Den nyinnflytta er eit friskt pust og viser seg å vera i stand til å sjå både portnerkona og vidunderbarnet slik dei egentleg er, bak "maskene" sine.

Språket i boka kan virka flytande og behageleg, men etter min smak er det kunstig og jålete. Det er fullt av framandord og prega av åndssnobberi og noko betrevitande som eg ikkje likar. Innimellom har eg likevel humra litt over Reneé sine bitande karakteristikkar av personar og samfunnsforhold og Paloma sine (kvasi)filosofiske betraktningar.

Om eg anbefalar boka? Vel - det jo kjem an på kva lesesmak du har, men ho er i alle fall, som før sagt, eit godt alternativ til sovemedisin. Ho fenga ikkje meg altså, men eg er ofte litt sær og motstraums. Eg forsto nok ikkje alt eg las heller, for eg kan ikkje fransk - og ikkje er eg så velutdanna og intellektuell heller...
Andre lesarar har hatt ei heilt anna leseoppleving av Pinnsvinets eleganse enn det eg har hatt. Du finn massevis av ros og positive omtalar om du googlar boka.

9 kommentarer:

  1. Militærtgrønt er helt innenfor. Jeg strekker grønnfargen jeg også :-) Jeg tar sovemedisintipset ditt. Ikke ei bok for meg heller, tror jeg. Selv om jeg leser mye rart så sliter jeg veldig ofte med franske forfattere merkelig nok. Min grønne var heller ikke det helt store, selv om jeg fant enkelte interessante deler i boka, som samfunnkunnskap om Bombay, India.. Det var en grunn til at både din og min grønne stod i hylla, forstår jeg.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har faktisk "di" bok liggjande ulest ein plass eg òg. Ho fristar ikkje så veldig, men det kan vera nyttig/interessant å lesa så "eksotiske" bøker.

      Slett
  2. Jeg så filmen, og den likte jeg ganske godt.http://artemisiasverden.blogspot.no/2013/05/fine-filmer-vann-til-elefantene-og.html#more
    Men du, franskmenn er da litt snobbete..;) Og det var vel mye av det lille Paloma reagerte på også?

    SvarSlett
    Svar
    1. Dette kan kanskje vera eit av desse tilfella der filmen er betre enn boka?

      Enkelte franskmenn virkar snobbete, ja. Det franske samfunnet er vel heilt annleis enn vårt norske "likskapssamfunn".

      Slett
  3. Dette er en av få bøker jeg har hatt heftige diskusjoner om. Jeg mislikte denne boka intenst. Jålete og fjollete og kjedelig. Jeg så ikke sjarmen i det hele tatt og kunnskapen virket påklistret.
    Det er ikke ofte jeg er så negativ. Godt å få det ut :)
    Ønsker deg fine lese/lyttestunder framover!

    SvarSlett
    Svar
    1. Såpass..! Men eg er enig: Forfattaren virkar å vera overlegen, belærande og betrevitande. Og usjarmerande, absolutt.

      Slett
  4. Jeg har denne stående i hylla og har planer om å lese den av to grunner; fordi jeg er så parisofil at jeg regner byen som min andre hjemby og jeg liker å gå rundt i romaners fotspor når jeg er der, og fordi det er en 1001 - bok. Men jeg har ikke hastverk ;-)
    Det er gøy med bøker som man hører så mye forskjellig om - jeg blir jo litt ekstra nysgjerrig.

    SvarSlett
    Svar
    1. Enig i det, smak og behag osv. Du får nok meir utbytte av boka som er kjend i Paris og med samfunnsforholda der.
      Eg var i Paris ein gong i min ungdom, for lenge sidan.. Då tykte eg byen var skremmande stor og framand, med folk som eg ikkje kunne kommunisera med.

      Slett