6. januar 2015

Planar for 2015 og bøker på vent

Årsskifte betyr blanke ark og nye fargestiftar. Ein ny start med nye mål. Eit heilt ubrukt år ligg framfor oss, og lesehestar, bokormar og bokbloggarar legg planar og set seg lesemål for 2015.

Bøker og lesing er noko eg er avhengig av, omlag som luft og mat, så egentleg treng eg ikkje nokon årsplan for å halda leselysta oppe og leseinteressa ved like. Eg trivst best når eg let lystprinsippet styra lesinga mi - men det som til einkvar tid er tilgjengeleg på biblioteka "mine" spelar også inn. Målet for leseåret vert difor noko uklart, med ein kombinasjon av det tilfeldige og det planlagde. Eg ønskjer ikkje å ha for ambisiøse og detaljerte lesemål for 2015. Då blir lesinga stress - og det vil eg ikkje at det skal bli.


I fjor las eg 142 bøker. Kor mange timar eg har brukt på dei torer eg nesten ikkje tenkja på, men det er få lesestunder eg ser på som "bortkasta" i ettertid. Likevel - eg har ikkje noko ønskje om å lesa mest mogeleg eller å slå fjorårsrekorden min - eg satsar på å få lest 120 - 130 bøker.

Val av bøker oppstår etter kvart, og eg har eit mål om å lesa litt forskjellig i ulike sjangrar. Eg har tenkt å ha mykje fokus på nye norske bøker (med tanke på neste års Bokbloggerpris) og (for meg) nye norske forfattarar. Elles har eg ei heilt spesiell interesse for ny nordisk (særleg svensk) seriekrim - og det har eg tenkt å halda fram med. Sakprosa, dokumentar og biografiar ønskjer eg òg å lesa meir av. Difor har eg planar om deltaking i biografisirkelen til Moshonista, så sant eg finn biografiar som passar til dei valde kategoriane.

Til slutt har eg eit ønske/mål for leseåret 2015 om å få lest ein del av hyllevarmarane mine. Sjølv om eg låner langt fleire enn eg kjøper, vert det jo til at eg kjøper ei og anna bok, og det hender at desse bøkene vert ståande i hylla eller liggjande på nattbordet utan at eg les dei. Rekkefølga på leseplanane mine endrar seg ofte fordi enkelte nye bøker vert meir fristande enn halvgamle hyllebøker. Prosjektet Bokhyllelesing er ei utfordring som handlar om å lesa litt eldre bøker frå sine eigne hyller. Dette held fram i 2015, no gjennom bloggen Boktanker, og dersom det passar slik skal eg bli med på enkelte av rundane der.

Så - over til nye og kommande bøker - og kanskje desse vert prioriterte framfor dei før nemnde hyllevarmarane? Enno er ikkje så mykje kjent når det gjeld bøker som kjem ut i år. Det er for tidleg med forlaga sine presentasjonar av vårlister og vårkatalogar, men litt har ein då fått snappa opp - og dette er nokre av bøkene eg ser fram til å lesa i tida som kjem:
  • Judaskysset av Eirik Husby Sæther (Juritzen)
    kjem ut alt neste veke og skal lesast etter at eg har lese 'Lobotomisten' og 'Heksedoktoren' - om dei fell i smak. Begge samlar støv i bokhylla mi.
  • Bare en ond handling av Elizabeth George (Pantagruel)
    kjem 15.01. Dette er den 18. boka i serien om Lynley og Havers, og er eit must for meg som har følgd denne serien over lang tid.
  • Herrene i skogen av Kerstin Ekman (Heinesen) kjem 26.01. og er ifølge førehandsomtalar ei bok "med skogen som hovudperson". Spesielt og spennande frå ein forfattar eg likar godt.
  • Død manns kiste av Vigdis Kroken og Ragnhild Kolden (Samlaget) kjem ut i februar. Boka har eg alt presentert i samband med bok på vent.
  • Satans mor av Rune Timberlid (Samlaget) kjem i mars og er ei bok eg har store forventningar til. Etter mi meining skriv Timberlid betre enn mange av dei meir kjende spenningsforfattarane her i landet. I boka som kjem er handlinga delvis lagt til heim-kommunen min, og dermed finn eg denne ekstra interessant. At Timberlid er ein av få nynorsk-skrivande krimforfattarar tel også mykje for meg.
  • Blod på snø av Jo Nesbø (Aschehoug)
    kjem også ut i mars og ligg dermed an til å bli påskekrim nummer ein.
Andre bøker som eg gledar meg til og som kjem ut i god tid før påske er Løvetemmeren av Camilla Läckberg, Den grenseløse av Jussi Adler-Olsen og Den stumme jenta av Hjorth og Rosenfeldt.

Tysdag er Boken på vent-dag. Beathe er på plass i det nye året med eit variert utval ventebøker. Ta ein tur innom bloggen hennar om du treng inspirasjon og lesetips.

12 kommentarer:

  1. Det ser ut til at du har mange av de samme synspunkta som jeg på lesing for kommende år. Og bøkene du trekker fram frister! Jeg har en venteliste inne på biblioteket, der jeg får melding om henting når de er komme inn. Så en krim med Camilla Läckberg på TV i går kveld, så den nye boka hennes går nok inn på ventelista mi.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det kjem til å bli ein del nye fristelsar dette året óg, tenkjer eg. Eg skal prøva å ha eit avslappa forhold til dette med lesemål.

      Slett
  2. Jeg er også en leser som finner bøker etter lystprinsippet :-) Jeg vet at jeg skal lese mye krim, for det leser jeg på sengen hver kveld. Og at det selvfølgelig blir mye norsk. Men ellers drar jeg dit vinden fører meg :-)
    Ønsker deg en fin dag!

    SvarSlett
    Svar
    1. Det virkar som ein god plan; lystprinsipp og vind :-)

      Slett
  3. Ser ut til at du har mye spennende lesing i vente

    SvarSlett
  4. Lyst er best! Masse godt på gang her forhåpentligvis.:)

    SvarSlett
  5. Så mye spennende krim framover! Liker det! Jeg har forhåndsbestilt Nesbø og ser fram til å lese flere av de titlene du har nevnt

    SvarSlett
    Svar
    1. Veldig enig. Eg reknar med at ein nær slektning av meg (mor mi) har forhåndsbestilt Nesbø-boka. Dermed kjem det meg til gode også.

      Slett
  6. Her var det mange bøker jeg kunne tenke meg å lese, har lest 3 av Jussi sine og har de to neste liggende så de må leses før den nyeste som kommer, Lâckberg har jeg kjøpt alle bøkene til men ikke startet på serien enda,jeg har faktisk en god del krim liggende, blant annet de to første til Husby Sæther. Syntes du hadde fine lesemål for året jeg, det skal være lystlesing og slik vil jeg også ha det. Likevel satte jeg meg noen mål rett og slett for å ta meg selv i nakken, jeg er hjemme hele tiden og har god anledning til å lese mer enn det jeg gjør men jeg disponerer ikke tiden min godt nok og det vil jeg endre litt på.Nesbø har jeg ikke lest et ord av ennå, men kanskje jeg skulle prøvd meg på denne nye. Ha en fin kveld:-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Dersom ein har lystprinsippet som utgangspunkt og rettesnor, kjem ein til å trivast best med lesinga i alle fall. Så får tida vise kor mange bøker det blir. Målet er flest muleg gode leseopplevingar.

      Slett