7. april 2015

Bokomtale: Død manns kiste av Vigdis Kroken og Ragnhild Kolden

Samlaget 2015
316 sider

Kjelde: Fått av forlaget

Duoen Kroken & Kolden gav ut den fyrste kriminalromanen sin Evig skal døden vera i 2011 og følgde opp med Døden kjem med bussen i 2013. No er dei attende med tredje bok i serien om lensmann Sylfest Seljestad i Lom; Død manns kiste. Denne tredje boka er mørkare og råare - og betre - enn dei føregåande bøkene.

Ikkje alle norske krimforfattarar kan vera Jo Nesbø - noko eg tykkjer altfor mange norske krimforfattarar prøver (altfor hardt) på. Difor tykkjer eg det er forfriskande med krimforfattarar som finn sin eigen personlege stil og som gir litt blaffen i dei meir hardbarka og bestialske krimlitterære trendane. I likskap med Rune Timberlid sin serie om Rolf Randen, er dette bygdekrim av beste merke; underhaldande og enkel "kvardagskrim" befriande langt vekke frå Harry Hole-universet - og som Ragnhild Kolden så treffande har sagt: "stuttreiste mord".

Det er haust i Lom og ein utspekulert og grusom mordar er på ferde. Lensmann Seljestad og lensmannsbetjent Jørgen Vold får det travelt med eit par vanskelege saker. Ei mystisk forsvinningssak og eit like mystisk likfunn ser fyrst ikkje ut til å ha noko med kvarandre å gjera, men truleg heng desse sakene saman. Lesaren får presentert fleire mistenkelege personar og mange besynderlege og betenkelege hendingar. Persongalleriet er avgrensa, men interessant - og ganske så truverdig. Her finst også verkelege personar, som t.d. soknepresten i Lom, Einar Gelius. Han spelar ei viss (bi)rolle når han oppdagar noko makabert midt under ei gravferd. Dei to lokale etterforskarane er ikkje akkurat dei skarpaste knivane i skuffen. For meg som lesar er det irriterande at dei er så trege - men på den andre sida er det jo tilfredsstillande at ein sjølv ser motiv og skjønnar samanhengar før politiet oppklarar saka.

Kroken og Kolden er etter kvart blitt stødigare både innhaldsmessig og språkleg sett. Denne boka har også eit langt betre driv enn dei fyrste bøkene. Forfattarane skildrar trivielle og kvardagslege hendingar og forhold samstundes som dei ulike trådane i krimgåta vert nøsta opp. Det gjer det heile gjenkjenneleg - og menneskeleg, på ein måte. Du treng ikkje å ha lest dei to føregåande bøkene for å ha glede av Død manns kiste.

4 kommentarer:

  1. Driv er viktig i en krim, og det er jo kjekt når forfatteren får til den detaljen etterhvert som han skriver bøker. Bygdekrim høres ut som en artig sjanger, måtte tenke etter om jeg har lest noe innen den sjangeren :) Flott omtale Berit!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg ser på denne bygdekrimmen som ein slags heilnorsk variant av den engelske landsbykrimmen. Du veit, Agatha Christies Miss Marple - eller TV-serien om inspektør Barnaby og Midsomer Murders.

      Slett
  2. Denne skal jeg lese… Leste Døden kjem med bussen, og likte den på en måte. Liker vel bygdekrim, særlig når jeg har vært på stedet.. Lom og Bøvedalen og området rundt har jeg jo besøkt ofte ifb med fjellturer i strøket.. Så forresten NRK.no hadde et fint intervju med dem i dag.. med bilder fra åstedene.

    SvarSlett
    Svar
    1. Intervjuet skal eg søka opp; bra tips. Å vera kjend med miljøet rundt ein roman er slett ingen ulempe.

      Slett