14. januar 2016

Bokomtale: Kaldere mot natten av Britt Karin Larsen

Cappelen forlag 2015
498 sider
Kjelde: Lånt papirbok privat


Den siste boka eg fullførte i 2015 var den sjuande og siste boka i Finnskog-serien; Kaldere mot natten. Eg las denne boka så sakte eg berre klarde, for liksom å få leseopplevinga til å vara så lenge som muleg. Det var kan hende ikkje så smart, - eg trur eg heller skulle ha lest boka på "vanleg" måte. For då eg var ferdig, var det med ei kjensle av at lesinga hadde gått så tregt - sjølv om boka (sjølvsagt, og som forventa) var heilt fantastisk. Eg gav boka terningkast 5 på bokelskere umiddelbart etter avslutta lesing, men har etterpå vore inne og retta på karaktergjevinga mi. For denne boka (og denne serien) fortener eit klart terningkast 6. Det ser eg i ettertid.
Eg har nemleg levd med forteljinga, tenkt på karakterane og følt på stemninga - undervegs og lenge etterpå. Og når ei bok vert så levande for ein lesar, både medan ein les og etter avslutta lesing, - ja, då er det fullklaff - og dermed: toppkarakter.

Handlinga i Kaldere mot natten tek til ei tid etter der Slik treet faller sluttar. Me får følgja skogfinnane "våre" frå og med krigsåra og heilt fram til bortimot vår eiga tid - og med det; eit par nye generasjonar. Likevel er det ikkje vanskeleg å halda tråden: Larsen losar lesaren gjennom nye landskap, nye familiar og nye tider - og samstundes minner ho oss om tidlegare hendingar og historiar. Stødig og med overblikk dreg ho linjene gjennom heile tidsperioden - heilt frå starten av den fyrste boka Det vokser et tre i Mostamägg, då me møtte "stammora" Lina for fyrste gong.
Det er blitt ganske mange karakterar å halda styr på etter kvart; etterkommarane etter Lina og Taneli er blitt mange og har spredd seg utover - nokre av dei til og med på den andre sida av kloden. Bakerst i boka finst ein oversikt over familietre og slekta til dei mest sentrale personane i serien. Eg sette pris på akkurat dette. Ein gløymer gjerne familieforhold som det vart fortalt om i tidlegare bøker.

Britt Karin Larsen avsluttar serien på ein vakker og verdig måte. Boka er gripande, men ikkje sentimental. Ein kan ana ein viss vemod og melankoli, men også tru og håp. Eg fekk ei kjensle av at den siste boka har ein del sjølvbiografiske trekk og fortel om sjølvopplevde hendingar, noko som ein får delvis stadfesta i eit intervju forfattaren gav med Forlagsliv i fjor. Der fortel ho óg litt om bakgrunnen sin og om kor glad ho er i skogen og trea.

Og nettopp desse skildringane; av skogen, trea og naturen - og forholdet menneska har til dei - er sentralt i boka. Det handlar om skogen som eit vern mot omverda og om tre som er "heilage". Det handlar om røter, om å høyra til, om å ha eit nettverk. Larsen får fortalt mykje om det mellommenneskelege og om forholdet mellom menneske og natur - med få ord.

Det som har imponert meg aller mest og som har gjort sterkast inntrykk på meg gjennom bokserien er språket og forteljarmåten. Historia vert fortalt i eit spørjande og syngjande språk. Eg veit ikkje om andre som skriv så poetisk, heilt utan jåleri og språkblomstrar. Det gjer at ho får formidla sterke historiar på ein direkte måte. Setningane leikar seg liksom nedover boksidene og kryp deretter inn i sjela di. Forteljarstemma "svevar" over alt og alle før det vert zooma inn på eit enkeltmenneske, eit dyr, ein gjenstand eller ein ting i naturen. Deretter følgjer ei kort eller ei lengre historie, før forteljarstemma flagrar avgarde igjen - til ho på nytt fokuserer ned på ei ny hending. Lesaren legg nesten ikkje merke til dette grepet, før etterpå. Historiane vert fletta inn i kvarandre, elegant og naturleg.

Larsen tek opp tema som rovdyrproblem, fråflytting og konflikt mellom by og bygd. Ho fortel om gjengroing av stiar og beiteområde og om kor vanskeleg/umuleg det er å vera sauehaldar og gardbrukar når det er "blitt bestemt" at ulv skal få halda til i området. I denne boka handlar det også om utviklinga av det me gjerne kallar velferdssamfunnet. På Finnskogen finst ikkje lenger armod og fattigdom, - men det gjer heller ikkje den spesielle Finnskog-kulturen. Ein eller annan stad på vegen har noko vesentleg gått tapt.

Eg er glad for at eg oppdaga Britt Karin Larsen sitt forfattarskap - og anbefalar denne serien til alle - så sterkt eg kan.

Andre meiningar om Kaldere om natten:
Dagsavisen
Aftenposten
Glåmdalen
Asker bibliotek

(Det finst også nokre omtalar som er tilgjengelege som betalingsartiklar,- dei tek eg ikkje med her.
Så langt har eg ikkje sett andre bloggomtalar av boka - men eg håpar det kjem!)

Kaldere mot natten vart for meg den nest beste norske utgjevinga i 2015, kun "slått" av Bror din på prærien.

3 kommentarer:

  1. God kveld ;o)
    Jeg skal gå og legge meg nå, så jeg skummet bare begynnelsen og slutten på omtalen din- BKL og skogfinnene blir nemlig med meg til sengs- så joda: det kjem i det minste en bloggomtale til om ikke så altfor lenge! (Og forresten: avslutta "Bror din på prærien" for ikke mange dagene sida, så det kjem noen velvalgte ord om den også etterhvert. Det går bare så mye lettere å lese enn å skrive om dagen ;o)

    Mvh den andre Berit

    SvarSlett
    Svar
    1. Ser fram til å lesa om dine inntrykk frå begge desse bøkene, Berit.
      vh Berit

      Slett
  2. Jeg rakk akkurat å få med meg sekseren får jeg lukket øynene. Kommer tilbake, når alt er ferdiglest.

    SvarSlett