19. februar 2016

Bokomtale: I all evighet av Ken Follett

Cappelen Damm 2008
1100 sider
Kjelde: Papirbok lånt privat

I januar i fjor lånte og las eg Stormenes tid bind 1 og 2 - og eg elska dei bøkene. Difor lånte eg i samband med det den frittståande oppfølgjaren I all evighet - men det skulle gå "både vinter og vår" før eg orka å ta til med den tjukke boka.

For nettopp omfanget og storleiken er det som trekker ned denne leseopplevinga. 1100 sider er utmattande mykje. Det er dessutan svært upraktisk med ei slik tung og stor papirbok: Ein kan ikkje ta ho med seg i senga og heller ikkje i veska - det mest praktiske er å "halvliggja" i ein godstol medan ein støttar boka og armane opp med puter..
Eg rår til å lesa denne som ebok (kun kr 86 hos Adlibris)

Kjensla av å "aldri" bli ferdig dei fyrste 4-500 sidene vart avløyst av ei heilt anna kjensle etter ytterlegare lesing; når ein har runda omlag 8-900 sider gruar ein seg til at det skal ta slutt!

På nytt vart eg "forført" av ei fascinerande og storslagen forteljing av Ken Follett. I ettertid ser eg alle klisjéane forfattaren nyttar, eg gjer det. Eg ser alt det som ikkje heng på greip. Eg ser alle gjentakingane, alle tilfeldigheitene og alle dei småpinlege sex-skildringane. Men medan "det står på" - medan ein les - ser ein ikkje det som kan vera negativt eller irriterande. For sjølve historia er så fantastisk fengande, fengslande og engasjerande - og ein vert "blind" for alt anna.

Follett skriv for å underhalda lesarane sine - og det lukkast han med. Eg ser på I all evighet meir som ei eventyrbok eller ein såpeopera enn som ein historisk roman, fyrst og fremst fordi karakterane på så mange måtar er uverkelege. Men samfunnet rundt og tida som er skildra er verkeleg nok. Handlinga i I all evighet er lagt til den same staden som Stormenes tid; den fiktive katedralbyen Kingsbridge - men 200 år etterpå; dvs. på 1300-talet. Ein finn dei same (eller rettare sagt dei parallelle) karakterane i denne boka: Den intelligente og edle byggmeisteren, den sterke og sjølvstendige kjæresten hans, samt den onde adelsmannen og den korrupte prioren som gjer livet surt for dei to. I tillegg finst det sjølvsagt mange andre ulike karakterar frå forskjellige samfunnsklassar og miljø.

Boka byrjar med at fire barn vert vitne til ei dramatisk hending i skogen. Denne hendinga skal få konsekvensar for dei som vaksne - og desse fire og deira familiar, forhold, val, konflikter og samarbeid er dei sentrale handlingstrådane i boka. Tidvis vart eg heilt riven med av historia - sidene forsvann berre, så spennande var det. Andre parti er kjedelegare; detaljerte skildringar av byggemetodar, jordbruksmetodar, slag og slåsskampar - der eg berre skumma gjennom nokre sider - til eg på nytt vart "kobla på" igjen. Eg hoppa også delvis over dei eklaste og mest detaljerte skildringane av den mystiske nye sjukdommen som tek til å spre seg i og rundt Kingsbridge: Svartedauden.

I all evighet har "alt": Romantikk og erotikk, kjærleik og venskap, pest og medisin, krig og kvardagsliv, intrigar og maktkamp, hat og hevn, mord og vald, handel og vandel. Ein møter kjøpmenn, handtverkarar, munkar, nonner, biskopar, adelege, leilendingar, jordeigarar, forbrytarar, drapsmenn. Personane er gode og onde, kloke og tapre, dyktige og slue, vakre og stygge, rike og fattige, sympatiske og ufordragelege. Somme av dei er klisjéaktige og eindimensjonale, men sidan ein følgjer hovudpersonane over så lang tid (34 år), framstår dei som meir og meir levande - så då må ein berre "godta" dei.

Miljøskildringane er levande og detaljerte; det er lett å sjå for seg korleis t.d. byen, klosteret, hospitalet og skogen såg ut. Follett får også fortalt ein heil del om kor komplekst samfunnet var på den tida. Om kampen om makta og økonomien, striden mellom kyrkje og krone, om føydalsystemet, om moral og umoral og om organiseringa av samfunnet. Om den fryktelege pesten - Svartedauden - og dei konsekvensane denne pandemien hadde; sorg og naud for enkeltmenneske, problem med avfolking og utdøying, det reint praktiske med tanke på alle dei sjuke og døde, og i ettertid; generelle og djupe endringar i sjølve samfunnsstrukturen.

Det spelar ingen rolle om du les I all evighet før eller etter Stormenes tid. Eg likte nok den sistnemnde boka betre enn denne for eg vart litt lei innimellom. Eg las samstundes heilt andre (og mykje kortare) bøker i heilt andre sjangrar.
For å ha glede av I all evighet bør du vera over gjennomsnittet interessert i (middelalder)historie - og i tillegg må du ha evne til å oversjå klisjéar og lite truverdige hendingar og personar.
For meg vart heilskapsinntrykket og leseopplevinga samla sett veldig bra. Eg kjem heilt sikkert til å lesa fleire Follett-mursteinar i framtida.

2 kommentarer:

  1. Jeg har ikke blitt kjent med Ken Follett og noe av grunnen er omfanget av bøkene. Det er ikke alltid jeg begynner på så tykke bøker når jeg er usikker på om det er noe for meg. Eller at jeg gir opp før jeg er ferdig fordi, som du sier, det er ikke en bok du kan ha med deg noe sted. E-bok var en lur ting :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ekstra omfangsrike bøker er ofte ekstra utfordrande å ta til på. Sjølv om eg visste at eg kom til å lika denne, vart boka liggjande lenge på vent.

      Slett