21. mars 2016

Bokomtale: Elleve dager i Berlin av Håkan Nesser

Lydbokforlaget 2016
Speletid: 8:26
Opplesar: Morten Røhrt
Lytteeksemplar


Håkan Nesser avsluttar det han kallar storby-trilogien med denne boka. Dei føregåande bøkene er Carmine Street (som har handling frå New York) og den påfølgjande Himmel over London.

Elleve dager i Berlin er ei heilt anna type bok. Dette er "en saga för barn över arton år i Tage Danielssons och Astrid Lindgrens efterföljd" som det heiter på forfattaren si eiga nettside.
Dette er historia om Arne Murberg sitt eventyr i Berlin. Arne er ein Forrest Gump-liknande person; ein velmeinande, naiv, lettare tilbakeståande og noko sosialt funksjonshemma mann. Nesser skildrar han med forståing, ømheit, kjærleik og nærleik.

I opningsscenen i boka møter me Arne på dødsleiet til far sin. Då får han vita at mora hans, som han i alle år har trudd har vore død, lever. Arne får i oppdrag å reisa til Berlin for å finna mora og å gje henne eit skrin med eit hemmeleg innhald. Trass i at Arne har begrensa ressursar på både den eine og andre måten, går ferda vidare til Berlin - men fyrst etter førebuingar, formaningar og litt tyskopplæring frå onkel Lennart si side.

Etter kvart får lesaren møta to andre handlingstrådar og personar: Den heilsprø og onde professoren Anatolis Litvinas og den snille, kloke og einsame rullestolbrukaren Beate Bittner. Etter kvart skal desse tre personane (og trådane) møtast. I tillegg møter me eit ungt par frå ei fjern fortid; frå den gongen ein brende hekser på bål. Akkurat den tråden er - i mine auge - noko uklar.

Boka er underhaldande og koseleg, der humoren har ein sår undertone. Språkleg sett er det ein fryd å lesa, trass i dei gammaldagse uttrykka og dei finurlege formuleringane - men dette er no eingong eitt av Nesser sine "varemerke". Eg humra meg gjennom mange av Arne Murberg sine funderingar, gjeremål og språklege forvirringar i storbyen Berlin. Kjøpet av eit par gule sko, møtet med ei due som får namnet Evert Taube og samtalane med liksomvenen Perry Mason er fornøyeleg lesing.
Personskildringane er strålande, som alltid frå Nesser: Arne si sorg, einsemd og lengsel er skildra med innleving og varme. Skildringa av venskapet og den gryande kjærleiken mellom Arne og Beate er truverdig og inderleg.

Skrivestilen og forteljarmåten i Elleve dager i London minner om den som ein finn i dei to frittståande romanane Og Piccadilly Circus ligger ikke i Kumla og Kim Novak badet aldri i Genesaretsjøen av same forfattar - men denne boka "manglar" krimelementet som var så vesentleg i dei to bøkene.

Eg likte forsåvidt denne boka; det er ei søt, lettlest og hyggeleg leseoppleving - ei bok som byr på "gode kjensler" - altså ein feelgood-roman. Opplesar Morten Røhrt gjer også ein storarta jobb. Han har ein litt barnsleg måte å lesa på som passar til Arne si undrande forteljarstemme i boka.

Men -
eg hadde nok forventa meg noko meir og noko anna frå Nesser si side. Det som gjer meg mest betenkt og skeptisk er når handlinga går tilbake i tid og Nesser introduserer ein slags alternativ verden - i reinaste Murakami-stil. Eg meiner; eg kan godta at Haruki Murakami skriv om parallelle univers - men eg finn det vanskeleg når Håkan Nesser gjer det same. Eg dett av lasset, rett og slett. Eg finn heller ingen klar bodskap i denne forteljinga - men kan hende har ikkje Nesser hatt noko motiv ut over det å laga ei god forteljing - om det gode og det onde, om å skapa litt underhaldning - og litt magi?
Eg vart altså ein smule skuffa over (deler av) handlinga - så denne boka får difor ikkje toppkarakter frå meg.

8 kommentarer:

  1. Flott omtale Berit! Jeg likte denne boken godt, og i ren lettelse over at den var mye bedre enn (for meg) nedturen som Himmel over London innebar, frydet jeg meg. Ser hva du mener med dine "men", er nok enig med deg der :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det!
      Eg likte også boka - men eg forventar jo noko superfantastisk når Håkan Nesser kjem ut med ny bok. Det er ein bitteliten nedtur når desse forventningane ikkje vert innfridde fullt ut.
      Det skal bli spennande å sjå kva som kjem frå Nesser neste gong.

      Slett
  2. Vel, jeg liker det ikke når Murakami styrer med parallellene sine heller - og jeg har prøvd mange ganger. Ble overrasket for jeg trodde Nesser bare skrev krim, men skjønner av avslutningen at det er dette som er unntaket og krim som er vanen. Leselysten eksploderte ikke akkurat etter anmeldelsen din, men man vet jo aldri, er tross alt stor fan av Gump.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg som "aldri" ser filmar og TV-seriar har faktisk sett Forrest Gump-filmen maaange gonger. Og denne Arne Murberg vert framstilt på ein måte som gav meg Gump-assosiasjonar. Trivelege greier. Men eg taklar ikkje heilt at handlingar ikkje er tilstrekkeleg realistiske/rasjonelle. Murakami sine magiske bøker er unnataket for meg.

      Du som er hekta på svenskeseriekrim for tida bør ta for deg Barbarotti- og Van Veeteren-bøkene. Dei finst på Storytel med Nesser sjølv som opplesar - og han er god!! Berre eit lite tips :)

      Slett
  3. Jeg synes boka var koselig og morsom- litt feelgood - som du sier, særlig fordi jeg nettopp har vært i Berlin. Men det aner meg at Nessar til vanlig skriver noe helt annet enn dette her.. (dvs det vet jeg , siden jeg har sett Van Veeteren-serien- men jeg har ikke lest bøkene)- derfor ble det også litt rart for meg at han skrev inn denne okkulte historien/parallelle verdenen, men det var nå litt søtt også, når alt kom til alt..

    SvarSlett
  4. Fra Dagbladets anmeldelse (sånn apropos det du skriver i avslutningen):
    "Helt fra starten i denne boka, signaliserer Håkan Nesser at den er et bidrag til underholdningsbransjen.

    Et sitat fra Astrid Lindgren innleder historien: «Något budskap har jag inte. Men jag vil gärna sprida en allmän tolerans för mänskligt vansinne.» "


    SvarSlett
    Svar
    1. (Det gjekk ei stund før eg oppdaga kommentarane dine; eg har innstilling for moderering for innlegg eldre enn tre veker)

      Håkan Nesser er ein forfattar som har skjønt at han (også) er ein underhaldar. Eg er enig med deg at boka er morosam og koseleg. Litt av ein type, han Arne. Eg kan sjå han for meg.

      Slett
    2. Ja, skjønner det. Har det selv.
      Han skildrer levende karakterer han Nesser.

      Slett