Aschehoug 2015
575 sider
Kjelde: Papirbok lånt på biblioteket
Forfattaren vart tildelt Frankrikes største og gjevaste litteraturpris, Goncourt-prisen, for denne boka. Det må vera fortent; det er sjeldan eg les bøker som gjer så inntrykk og som så til dei grader spelar på heile kjensleregisteret til lesaren. Forteljinga inneheld både humor og alvor og kallar såleis på både latter og gråt i tillegg til ubehag, medkjensle, beundring, fortviling, humring og spenning. Boka er fascinerande, fornøyeleg, gripande og uforgløymeleg, men: i lengste laget.
Handlinga er lagt til 1918 - 1920; nærare bestemt dei siste dagane av fyrste verdenskrig og den påfølgjande etterkrigstida. I opningsscenen befinn me oss i skyttargravene saman med slitne, redde og apatiske soldatar. Gjennom augene til Albert Maillart møter me dei to andre sentrale karakterane i boka; soldatkameraten Edouard Péricourt og deira overordna Henri d'Aulnay-Pradelle. Sistnemnde er gjennomført usympatisk for å sei det mildt - og han taklar ikkje på nokon måte at krigen ser ut til å gå mot ein ende. Pradelle har eit vakkert ytre og eit adeleg namn, men han viser seg å vera ein drittsekk; ondskapsfull, arrogant, egoistisk og - etter kvart - fiende nummer ein for dei andre to.
Det siste avgjerande slaget desse tre mennene deltek i viser seg å bli svært spesielt og avgjerande for framtida deira. Albert og Edouard blir vitner til ei utilgjeveleg handling, noko som i sin tur fører til at Albert vert levande begravd og Edouard får sprengt vekk halve ansiktet. Livstruande og hardt skada bergar dei livet til kvarandre - og eit sterkt grunnlag for eit livslangt og spesielt venskap vert lagt.
Skildringa av dette slaget, opplevingane deira medan dei befinn seg der i livsfare på slagmarka, samt opplevingane i ettertid - er heilt utruleg. Ein føler, kjenner, ser, høyrer og luktar korleis det er. Ein forstår - med heile seg - kor vanvittig og grotesk denne krigen (og alle andre krigar) var. Den svarte humoren understrekar det grusomme og absurde. Forteljarstemma er allvitande i denne delen av boka, den svevar liksom over slagmarka, feltsjukehuset og massegravene.
I andre del er handlinga lagt til Paris. Me er komne fram til 1919 og krigen er over. Frankrike er ruinert, har mista ein generasjon unge menn og sviktar dei overlevande. Landet er prega av tapa, av mistru og uvisse, av korrupsjon og umoral. Med bitande karakteristikkar, rystande skildringar og mørk humor viser forfattaren kor hjelpelause og udyktige dei leiande og styrande i samfunnet er. Krigsveteranane vert gøymde og gløymde medan soldatane som døydde i krigen oppnår heltestatus. Enkelte tener gode pengar på bygging og planlegging av krigsminnesmerke - men i praksis vert dei som mista livet på slagmarka handsama på lite respektfullt vis.
Medan Pradelle lever herrens glade dagar, har Albert og Edouard mista "alt". Edouard har vendt den priviligerte familien sin ryggen, har store smerter og er blitt ein tung rusmisbrukar. Albert brukar alle sine krefter og midlar for å hjelpa den skamferte kameraten sin. Dei haltar seg gjennom kvardagar prega av depresjon og desperasjon, men galgenhumoren og ståpåviljen er også til stades.
Etter ei tid får dei ein idè: Kanskje er det muleg å få eit betre tilvære likevel? Ynskje om hevn og håp om rettferd skal etter kvart gi dei to ei ny meining med livet. Men medan Edouard vert nærast euforisk av planlegginga og førebuingane av "hevnprosjektet" deira, vert Albert sjuk av bekymring og dårleg samvit.
Vi ses der oppe er ei bok utanom det vanlege - og ho byggjer delvis på verkelege hendingar. Fyrste del av boka er, som sagt over, knakande god. I midtpartiet fall spenningskurven noko, og med det; interessa og intensiteten for min del - men siste halvdel vart utruleg gripande, spennande og underhaldande.
Samstundes er boka absolutt er til ettertanke. Det handlar om kor blodig, meiningslaust og grusomt krig og krigshandlingar er. Om kor vanskeleg freden kan vera. Om å aldri gi opp, same kor svart og håplaus situasjonen ser ut til å vera. Om eit ekstraordinært venskap. Og om at kjærleiken må takast vare på.
Denne har jeg liggende, kanskje den må frem i leserekka. Den høres ut som ei bra og spennende bok!
SvarSlettEg likte boka. Denne mannen (mest kjent for kriminalromanane Alex og Irene) kan verkeleg skriva.
SlettSamme her, ble fristet til å ta den frem snart!
SvarSlettSå bra. Det var akkurat slike reaksjonar eg håpte på. Boka har ikkje fått så mykje merksemd her i landet.
Slett