15. august 2016

Biografilesesirkel: Min bestemor elsket Synnøve Finden av Tor Edvin Dahl

Kagge forlag 2010
165 sider
Papirbok lånt på biblioteket

Det er biografilesesirkeltid hos Moshonista igjen - og kategori denne gongen er "Festlige fruer og friske frøkner", utvald av Hedda. Eg fann tilfeldigvis boka som Tor Edvin Dahl skreiv om si eiga bestemor og "bonusbestemora" Synnøve Finden på biblioteket. Dette er ei småfornøyeleg og småinteressant historie om to heilt spesielle damer.

Alle har vel høyrt om verksemda og varemerket Synnøve Finden og sett bilete av den blonde friske jenta på gulosten. Den verkelege Synnøve Finden som starta selskapet såg ikkje akkurat slik ut. Dahl fortel at ho var grovbygd, lite pen, morsk og streng - men også snill. Fotoet på omslaget syner forfattaren som liten gut saman med bestemora Pernille - ho som var sambuaren til Synnøve Finden. Pernille og Synnøve fekk eit langvarig forrretningssamarbeid og delte i tillegg bord og seng - men om det var praktiske omsyn til dette eller "noko anna" - det er Dahl usikker på. Dei to var også sterkt religiøse.

Synnøve Finden vart fødd i 1882 og vaks opp i den veglause grenda Finden ved Finnafjorden i Vik kommune i Sogn og Fjordane - "ein stad der ingen kunne tru at nokon kunne bu". Ho var tredje yngst i ein syskenflokk på ti. 17 år gammal forlot Synnøve barndomsheimen for å gå på meieriskule i Stavanger - og ho var attende i Finden berre nokre få gonger i løpet av livet. Det er få kjelder som kan fortelja om det tidlege vaksenlivet til Synnøve, men det verkar som ho var rastlaus og rotlaus; ho var einsleg, flytta fleire gonger og arbeidde mange stader. Frå alle arbeidsplassane fekk ho gode attestar som ein arbeidssam og samvitsfull arbeidstakar.

I 1924 vart ho så kjend med enkja Pernille Holmen. Dei to kvinnene fann kvarandre på fleire plan og hadde mange av dei same draumane. Synnøve flytta inn til Pernille og dottera hennar, Evy. To år seinare starta dei Synnøve Finden Osteproduksjon. Verkesemda vaks, produksjonen vart ein suksess og produkta selde godt. Det er ganske utruleg kva desse to fekk til i ei tid der det ikkje fantest støtteordningar til bedriftsetablerarar.
Verksemda var også eit misjonsprosjekt. Store deler av overskotet vart brukt til å støtte misjonsarbeid i utlandet og pinserørsla si evangelisering rundt om i Noreg. Dei tilsette var stort sett landsens kristne jenter. Under krigen vart tilhøva annleis då fabrikken sleit med å få tak i tilstrekkeleg med råstoff. Då krigen var over blomstra produksjonen opp igjen - men berre til ein viss grad. Etter kvart vart det tydeleg at produksjonsmetodane var gammaldagse, samt at arbeidstilhøva internt i verksemda og i forhold til kundar vart problematiske.

Arbeidsfordelinga var i alle år slik at Synnøve dreiv med sjølve produksjonen og produktutvikling medan Pernille bestemte over alt det andre. Då Synnøve døydde i 1957 testamenterte ho heile formuen til Pernille og etterkommarane hennar. Familien hadde eigarskapet til verksemda fram til 1987. Pernille Holmen og Synnøve Finden var nokså autoritære og hadde streng kontroll over verksemda, dei tilsette og familien. Slik forfattaren/barnebarnet framstiller det, var Pernille ekstremt kontrollerande.

Forfattaren fortel nøkternt - og samstundes nært - om korleis det var å veksa opp i ein heim der fokuset var religion og misjon, hardt arbeid, strenge reglar og indre motsetningar. Det som fantest av konflikter og motsetnader vart, så lenge Synnøve og Pernille bestemte, slått hardt ned på og/eller ikkje snakka om. Eg vil tru at ein slik oppvekst kunne vera ganske krevjande, spesielt med tanke på korleis Pernille behandla dottera og svigersonen, dvs. Tor Edvin Dahl sine foreldre. Dahl har truleg bearbeida det han opplevde ved at han har brukt mykje av miljøet rundt fabrikken og pinserørsla i fleire av romanane sine.
Min bestemor elsket Synnøve Finden inneheld personlege skildringar av to fargerike og bestemte damer og er ei heilt grei leseoppleving.

8 kommentarer:

  1. Det har vært et par Synnøve Finden produkt i kjøleskapet her ja :-) Jeg har likevel hatt mest med forfatteren Tor Edvin Dahl å gjøre. Lese masse fra ham som yngre. Såvidt jeg husker har han produsert en hel rekke barne- og ungdomsbøker som jeg lånte på biblioteket. Fin gjennomgang av rotløse frøken Finden's tid. Jeg trodde egentlig ikke at Synnøve Finden var noe annet enn et merkenavn. Så feil kan man ta :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Dahl har vore flittig og skrive ein mengde bøker i mange ulike sjangrar. Krimbøkene har han utgitt som David Torjussen.

      Slett
  2. Så morsomt. Har da spist noe ost fra Synnøve Finden. Som Marianne visste jeg ikke at hun var en virkelig dame, en gang.. selv om det er naturlig at det var det, man finner da som regel ikke bare på slike navn.

    SvarSlett
    Svar
    1. (Beklager seint svar på kommentaren din, har vore delvis utan nett ei stund)
      Synnøve Finden var verkeleg, det var ho så sanneleg. Eg har "alltid" visst det, struleg som ein del av barnelærdommen.. Dessutan var ho frå Indre Sogn.

      Slett
  3. Tror du må få pris for sirkelens mest folkeopplysende innlegg. Her har tydligvis hele Norge, med biosirkelen som selektivt utvalg, gått rundt og trodd at Synnøve er et reklame påhitt. Jeg føler meg mye klokere nå som jeg vet at hun var en mindre pen, kontrollerende, mulig skaphomofil, pinsevenn -). Jeg vet det er overfladisk å henge seg opp i dette sengedeleri over alt det andre festlige/freske de drev med, men det er religionen sin skyld, hemmelig kremmeri.

    (pss, jeg er ei norvegiadame, synnøve er litt for salt)

    SvarSlett
    Svar
    1. (Beklager seint svar på kommentaren din, har vore delvis utan nett ei stund)
      Ja, denne Synnøve må ha vore ei merkeleg/dyktig/mangfaldig dame. Trass i sengedeling kom Synnøve og Pernille aldri ut av skapet, og det er kan hende heller ikkje så interessant. Men pikant og underleg, sidan dei var så strenge, religiøse og moralske på mange område.

      (Gulost er gulost (som det heiter i Jarlsbergreklamen) for meg, og Synnøve er like grei som alle andre ostar)

      Slett
  4. Interessant. Jeg kjente ikke til Synnøve Finden annet enn osten, og som Ingalill synes jeg den er for salt. Eller, kanskje det er endret - lenge siden jeg smakte osten.

    SvarSlett
    Svar
    1. (Beklager seint svar på kommentaren din, har vore delvis utan nett ei stund)

      Hyggeleg å kunna bidra med bakgrunnsinformasjon om Tine-konkurrenten!
      Då Synnøve Finden starta produksjonen sin, var det fyrst og fremst pultosten det handla om. Seinare vart det produksjon av gammalost og ymse smelteostar.

      Slett