25. oktober 2016

Favorittforfattarar: C

Då er eg komen fram til tredje kapittel i gjennomgangen av favorittforfattarane mine. Som for A og B har eg plukka ut ein mannleg og ein kvinneleg forfattar. Begge favoritt-C'ane er ganske nye favorittar for meg.

Foto: Aschehoug.no

Chelsea Cain

Amerikansk thrillerforfattar f. 1972.

Eg oppdaga Chelsea Cain for fem år sidan då eg tilfeldigvis kom over debutboka hennar, Ondskapens hjerte. For ei bok! For eit plott! For ein spenning!! Eg vart heilt satt ut av råskapen og intensiteten og måten det vart formidla på. Eg hadde aldri lest noko liknande - dette var noko heilt nytt; det var både skummelt, ekkelt og tabubrytande. Eg vart uhyre fascinert av kombinasjonen av det vakre og det fråstøytande og av skildringa av det absurde kjærleik/hat-forholdet mellom ein seriemordar og offeret hennar.

Dette er bøker som ein får bakoversveis, frysningar på ryggen og hjertebank av. Det er så spennande at ein nesten ikkje orkar meir - og så ein berre fortsetja. Realistisk og truverdig? Slett ikkje. Men absolutt lesbart. Og velskrive og interessant.

Hittil er det utgitt seks bøker i serien om Archie Sheridan og Gretchen Lowell - "the Beauty Killer". Dersom ein skal samanlikna Chelsea Cain med nokon, er det mest nærliggjande å tenkja på Mo Hayder. Dei skriv ganske ulike bøker, men formidlingsevna, råskapen og spenninga - den har dei felles.
Meir om Ondskapens hjerte og Døden to ganger.


Foto: Forlaget Press

Christopher John Sansom

Britisk (skotsk) forfattar f. 1952.

C.J. Sansom er kanskje mest kjend som forfattar av storsuksessen Vinter i Madrid og den meir kontroversielle Skygge over London. To bøker som eg ikkje har lest enno, og som eg er glad for at eg har til gode.

C.J. Sansom har i tillegg hausta stor anerkjenning for den historiske kriminalserien om advokaten Matthew Shardlake - og desse bøkene er også grunnen til at eg plukka ut nettopp denne forfattaren på C.

I skrivande stund har eg "slukt" fire (av seks) bøker i serien - og eg er kjempebegeistra og kjempeimponert. Dersom eg klarar det, ynskjer eg å "spara" dei gjenverande bøkene slik at bøkene blir "med meg" lenge.

Eg tykkjer det er interessant å lesa om politiske og ideologiske brytningstider - og Tudor-tida var ei slik kaotisk og dramatisk tid med sterke religiøse og maktpolitske krefter - og motkrefter. Eg blir heller aldri lei av å lesa om Henrik VIII og konene hans. At eg for kort tid sidan las Hilary Mantel sine flotte bøker Ulvetid og Falkejakt - med handling frå den same tidsperioden - har dessutan gitt meg eit ekstra bakteppe og meir grunnleggjande kunnskap. Slik har Shardlake-serien vorte ekstra gode leseopplevingar. Både Mantel og Sansom fortel om verkelege historiske personar og hendingar - men Sansom har nok brukt dei meir "fritt". Skildringane hans av London og England på 1540-talet er i alle fall for det meste historisk korrekt. Både miljø, samfunnsforhold og historiske detaljar gir inntrykk av realisme og truverdigheit. Bygningar og gater, ver og klima, matvanar og klestil - alt dette gir lesaren ei slags historisk byvandring - og i tillegg får ein spennande, finurlege og gåtefulle kriminalhistoriar.

C.J Sansom har verkeleg greie på det han skriv om: Han har doktorgrad i historie og er også utdanna jurist. I dag er han forfattar på heiltid.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

"Mine" C'ar er kanskje ikkje så godt kjende, og det finst sjølvsagt andre forfattarar på C som kan vurderast inn på ei favorittliste, tenk berre på Charles Dickens, Colin Dexter, Charlotte Brontë og ikkje minst Camilla Collett. Eg har lest litt av desse, men kjenner dei for lite til at eg kan sei dei er favorittar. Det same gjeld nyare forfattarar som Carl Frode Tiller, Cecilia Samartin og Carl-Johan Vallgren.

Den svenske krimforfattaren Camilla Läckberg var eg veldig begeistra for tidlegare, men den begeistringa har dalt betrakteleg. Bergensaren Chris Tvedt likar eg veldig godt, og eg vurderte å ta han med som favoritt-C, men han må finna seg i ein hederleg omtale - som han hermed har fått. Eg likar også godt bøkene til den spanske forfattaren Carlos Ruiz Zafon.

Har du ein favorittforfattar på C?

2 kommentarer:

  1. Chelsea Cain er bare helt rå! Og jeg liker sammenligningen din med Mo Hayder. Begge skriver gnistrende god krim.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg er heilt enig med deg i det. Mo Hayder er ein klar kandidat til favoritt på M.

      Slett