17. januar 2017

Samleinnlegg: Vinterlesing - Norsk seriekrim

Det finst "uendeleg" med norske krimheltar - og det dukkar stadig opp nye historiar om dei og deira virke. Både Mikael Brenne, Hanne Wilhelmsen og Orla Os er "gamle kjenningar" som eg har følgd frå starten av.


Den som forvolder en annens død av Chris Tvedt
Gyldendal 2016
366 sider, lånt papirbok privat

Eg ser på advokat Mikael Brenne som ein slags fetter av privatetterforskar Varg Veum. Eg beskuldar slett ikkje Chris Tvedt for plagiat eller noko - men Tvedt sine bøker har svært mykje til felles med Gunnar Staalesen sine. Dei to forfattarane har den same stødige og grundige skrivestilen, det same skråblikket på samfunnet, det same oppriktige engasjementet og den same kjærleiken til heimbyen sin - Bergen. Samanlikninga er altså positivt meint.

Som ein kan forstå av tittelen er dette advokatkrim, og det er slett ikkje så kjedeleg som ein kanskje skulle tru. Bok seks i serien er eit etterlengta gjensyn med advokat Brenne som her får fleire utfordringar, både privat og profesjonelt. Den som forvolder en annens død er velskriven, underhaldande og interessant - men gjorde ikkje like sterkt inntrykk på meg som enkelte andre bøker av denne forfattaren har gjort.
Terningkast 4.


I støv og aske av Anne Holt
Vigmostad & Bjørke 2016
379 sider, lånt papirbok privat

Dette er Hanne Wilhelmsen og Anne Holt i godt gammalt slag. Holt skriv levande og flytande og er som alltid samfunnsaktuell. Ho byggjer finurlege plott som lesaren ikkje har problem med å følgja. Kjappe sceneskift, varierande og utfyllande perspektiv og effektiv spenningsoppbygging gjer boka svært drivande. Sidene vender seg sjølv medan ein les.

Bok nummer ti i serien om Hanne Wilhelmsen handlar i stikkordform om mord, justismord, høgreekstremisme og hevn, - og om gamle kriminalsaker som (sjølvsagt) heng saman med nye.

Samarbeidet mellom den sære Hanne og den like spesielle makkeren hennar er interessant og fornøyeleg å lesa om. Det er fint at forfattaren legg inn litt tørr humor innimellom alt det triste og alvorlege.
Terningkast 4+.



De dødes hus av Jorun Thørring
Aschehoug 2016
398 sider, lånt ebok eBokBib

Store deler av handlinga i denne boka er lagt til eit "skummelt" gammalt vinslott i Bordeaux. Perfekte kulissar for ein kriminalroman, skulle ein tru. "Klassisk" plott der hendingar i notid har samanheng med hendingar i fortid: eit hevnmotiv som har sitt opphav tilbake i krigens dagar då ein familie søkte til dette slottet på flukt frå nazistane. Vekslinga i tid - mellom 1942, 1978 og 2001 - er elegant utført. Det same gjeld skifte av synsvinklar.

Orla Os, etterforskar og rettsmedisinar knytta til Paris-politiet og opphaveleg nordnorsk, er ein uvanleg - men ikkje særleg interessant - karakter. Dei øvrige karakterane er heller ikkje særleg truverdige. Eg vart difor ikkje så veldig engasjert i dei to parallelle historiane.
De dødes hus er lettlest, men for meg er det negativt at forfattaren overforklarar. Mykje av spenninga forsvann undervegs på grunn av alle dei sjølvsagde utgreiingane. Og den oversøte epilogen er verkeleg heilt unødvendig. Terningkast 3.

7 kommentarer:

  1. Du har rett i at Tvedt og Staalesen kan være ganske så lik nå etter Chris Tvedt ikke lenger legger skjul på at det er i Bergen hans karakterer har tilhold. Jeg likte hans siste så godt at jeg kjøpte flere eksemplarer i julegaver :)
    De to andre har jeg ikke lest, men Thørring sin andre krimhelt kunne jeg tenke meg å lese mer fra.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er sant, Tvedt har ikkje vore så tydeleg på at Brenne held til i Bergen tidlegare.
      Både Holt og Thørring skriv vanlegvis bra krim, men denne siste frå Thørring vart eg skuffa over.

      Slett
  2. Som deg likte jeg boka til Anne Holt godt. De to andre ligger i den store ventehaugen.

    SvarSlett
    Svar
    1. Anne Holt får ofte (ufortent) dårlege kritikkar. Difor er det gledeleg at denne har fått brukbar mottaking. Aftenposten, Aftenbladet og Dagsavisen er positive til I støv og aske, medan VG er negative.
      Ventehaugen? Min haug blir berre større og større til meir eg les :-)

      Slett
  3. Jeg har lest et par av bøkene Michael Connelly skriver om advokaten Mickey Haller, det har ikke avskrekket meg fra mer advokatkrim. Anne Holt er jeg jo godt kjent med som forfatter med mer, men jeg kan ikke huske å ha lest noen av bøkene hennes tidligere. Fint å få lese seg litt opp på en av sjangeren jeg ikke leser så alt for mye av, da føler jeg meg i det minste litt oppdatert.

    SvarSlett
    Svar
    1. Hyggeleg å kunna bidra med oppdatering :-)
      Du minner meg om Michael Connelly - som eg ikkje har lest og som eg har høyrt så mykje bra om. *Noterer ned*

      Slett
    2. Så godt at jeg kunne bidra til noe i sjangeren også :D

      Slett