14. februar 2017

Biolesesirkel: En gatekatt ved navn Bob av James Bowen

Bastion 2013
284 sider
eBokBib


I denne boka fortel James Bowen om korleis møtet med ein katt vart avgjerande for at han klarte å snu livet sitt. Eg har lest boka i samband med årets fyrste biosirkel-runde. Tema for denne runden med biografilesing er Rags to riches - eller med andre ord frå fattig til rik.

For nokre få år sidan var Bowen uteliggjar og narkoman, ein mann utan framtidsutsikter og utan nettverk. I dag er han verdenskjendis, filmaktuell og bestseljande forfattar. Om han er søkkrik veit eg ikkje, men han har i alle fall i ein mykje betre økonomisk situasjon enn den han hadde.

Historia om James og gatekatten tek til i 2007. Etter ein heroinoverdose får Bowen ein ny (siste) sjanse; han vert sett på metadonprogram og får tildelt ein kommunal hybel. Han lever frå hand til munn og tener nokre slantar som gatesangar. Så ein dag møter han ein skada gatekatt der han bur. Det vert starten på eit ekstraordinært venskap som skal snu om på livet til begge to.

James Bowen hadde ein rotlaus og problematisk barne- og ungdomstid. I boka nemner han fleire årsaker til dette: Foreldre som skilde lag, stadig flytting att og fram mellom England og Australia, rusproblem, mobbing, ein ADHD-diagnose og generelle tilpassingsvanskar. Han stikk ikkje under ein stol at han sjølv hadde ein stor del av skulda for at det vart tøft og vanskeleg.

Eg har tru på at katter, hundar og andre dyr kan få folk på fote igjen. Kontakt med dyr er bra for dei fleste. Det har vist seg mange gonger at det å ha ansvar for andre gjer at ein sjølv får meir struktur i livet sitt. Når denne tillitsfulle katten dukkar opp i livet til James, får han for fyrste gong i livet nokon andre å ta vare på. James tykkjer merkeleg nok at katten liknar litt på skumle Bob i Twin Peaks og kallar han difor opp etter han. James sine rus- og økonomiske problem går ikkje over momentant, men gradvis, - takka vere pågangsmot, hardt arbeid som gatemusikant og gateseljar - og YouTube - vert tilværet annleis og betre for både mann og katt.

Bowen fortel historia si i ein kvardagsleg, oppramsande og repeterande stil. Det er greit og sjarmerande med ein slik "uproff" forteljarstil fordi det gjer det heile ekte og truverdig.

En Gatekatt ved navn Bob er ei solskinnshistorie om ein mann og ein katt som fann kvarandre. Noko stor leseoppleving kan eg ikkje sei at det vart, men av og til kan det vera nyttig å lesa noko som er enkelt, hyggeleg og koseleg.

6 kommentarer:

  1. Jeg synes denne historien var så søt da jeg leste den. En gladbok, man blir jo bare glad i katt og eier.:)
    Pst.. James har nok tjent en god del på bøkene om Bob med alt salg til utlandet. Han skrev jo en barneversjon også.. og en annen en.

    SvarSlett
    Svar
    1. Enig i at historia er søt. Ein kan forstå at Bowen har utnytta populariteten og merksemda denne fyrste boka fekk. Eg har ingen planar om å lesa fleire bøker om Bob eller å sjå filmen, men eg unner han alt godt.

      Slett
  2. Man sier det hjelper med noe utenfor seg selv. Katter, Gud - eller yoga (skal man tro bio'n/selvhjelpsboka jeg nettopp leste). Noe som gir mening. Å pleie syke kjæledyr tilbake til logrende liv bør jo få de fleste (psyke) friske. Leste aldri denne boka, fordi, nettopp fordi, kjæledyr er et yndet litterært grep for billige poenger. Katta overlever ikke - rett ned i kjellern. Det gleder meg derfor at dette er ei gladbok, visste jo egentlig det, etter så mange leste den (ifjor?).

    (Gleder meg til å lese hva du synes om Harpiks, forresten).

    SvarSlett
    Svar
    1. Dyr er bra for helsa, det er sikkert. Dersom ein likar dyr i utgangspunktet. Ein kan berre sjå kor glade folk blir i ansiktet sitt når dei ser på kattungar, kvelpar og andre dyreungar. Det er fint og søtt.

      (Har lest ein tredjedel av Harpiks. Uhyggeleg bra så langt, må eg sei)

      Slett
  3. Normalt sett ville jeg hoppet over en omtale av denne boken, synes jeg ser den alle veier, og er ikke interessert i katter :) Men, når jeg først har startet å lese omtaler fra biosirkelen, så er det vanskelig å stoppe. Nå vet jeg i alle fall litt mer om boken, og smiler litt i skjegget over min venninne som leser en bok i året, har/skal lese denne :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Dette er vel kanskje ei bok for folk som vanlegvis ikkje les bøker. Boka er grei den.
      Fint at du likar å lesa bio-omtalar!

      Slett