18. februar 2017

Bokomtale: Harpiks av Ane Riel

Aschehoug 2017
279 sider
eBokBib

Forfattaren vart tildelt Glassnøkkelen for denne boka i 2016. For meg er denne prisen - Nordens beste spenningsroman - spesielt interessant, og eg prøver å få med meg både prisvinnaren og dei nominerte.

Ein får vita kven som er drapsmannen alt i fyrste setning, så Harpiks er ikkje nokon tradisjonell kriminalroman. Det er ein psykologisk thriller, ein underfundig og dyster roman om ein dysfunksjonell familie. Hovudperson er Liv, dottera i familien. Gjennom hennar auge, gjennom brev som mora har skrive til henne og via ei meir allvitande forteljarstemme vert den dramatiske og tragiske historia gradvis rulla ut.

Stemninga i boka er melankolsk, merkeleg og uhyggeleg - og slett ikkje utan humor. Det som gjer mest inntrykk på meg er måten barnet Liv betraktar verda på. For henne er tilværet enkelt fordi ho føler seg elska og fordi ho ikkje kjenner til noko anna. For henne er det groteske normalt. Ho forstår ikkje at ho vert utsett for grov omsorgssvikt.

Handlinga går føre seg på ei dansk øy; på ein avsides gard omkransa av tett skog. Liv har ikkje noko sosialt liv utanom foreldra, dyra, naturen - og fantasivenen Carl. Carl var tvillingbroren til Liv som døydde under uklare omstendigheiter då dei var heilt små. Me forstår at det etter denne hendinga har klikka heilt for Jens. Den sjuklege samlemanien hans når nye absurde høgder, innandørs og utandørs er det stablar og haugar med rot og skrot, skitt og lort, ting og tang. Medan mora Maria, som var så positiv og vakker då ho kom til garden, mistar grepet på ein annan måte. Ho vert etter kvart så overvektig at ho ikkje er i stand til å stå opp av senga. I dette miljøet veks Liv opp, utan at det har skada ho - tilsynelatande. Det manglar verken på kjærleik eller omtanke i denne familien, slett ikkje - men sett utanfrå er det som hender i heimen deira galt og umoralsk. Eit sentralt spørsmål vert: Når folk utanfrå omsider fattar mistanke om at noko er fundamentalt gale - kva vil då skje?

Tittelen på boka, Harpiks, har ei heilt konkret tyding og viser til at harpiks i eldre tid vart brukt til balsamering. Det skal visa seg at Jens sine haldningar om at absolutt alt skal takast vare på får nokså groteske uttrykk...

Eg likte boka. Måten forfattaren fortel historia på, med dei vekslande synsvinklane, gjer boka gripande, spennande og levande. Enkelte av scenene er fråstøytande, men på ein litt uforklarleg måte; også underhaldande. Og dessutan uendeleg triste. Sjølv om boka er lettlest måtte eg ta pausar og lesa noko anna innimellom - på grunn av alt det sørgelege og dei nemnde ubehagelege scenene. Avslutninga er litt enkel.
Eg kan oppsummera leseopplevinga mi med eit sterkt terningkast 4.

Forfattaren Ane Riel er ny for meg, men eg skal sanneleg halda eit auga med namnet hennar i framtida. Dama skriv godt.

Andre bloggmeiningar: Les myeMin bok og maleblogg, Bogdamen, Krimifan

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar