10. februar 2017

Vinterlesing: Humor og kanari

Eg ser det som viktig med humor og glede i kvardagen. Eg ser heller ingen grunn til å berre lesa tunge, triste, mørke og seriøse bøker. Her følgjer ein samleomtale med nokre bøker av den meir lettbeinte typen.


Jesperpus av Aina Stormo og Katia Gjerding Wiegand
Cappelen Damm 2016
144 sider, papirbok fått i julegåve

Ei kjempefin bok for oss som likar katter. Jesperpus er superkjendis, er særdeles aktiv på sosiale media og er no blitt "storebror" til vesle Kasper.
I boka skildrar matmor Aina korleis Jesperpus vart oppdratt og teken vare på av familien sin. Vidare får ein kjennskap til opplevingar formidla gjennom mange flotte bilete. Om jakt på mus og pipps, om menneskevener og dyrevener, om toppturar og skiturar og om korleis han vart kjendispus. Ein får lesa om Jesperpus sine ekstraordinære og meir normale puseeigenskapar.
Boka inneheld også mange nyttige tips for nye og gamle katteeigarar.


Den slemmaste dokka i Drammen av Sigmund Falch
Schibsted 2016
95 sider, papirbok lånt privat

Enno ei bok med gamle bilete og vittige og underfundige tekstar. Dette er nummer sju i rekka. I tillegg har forfattaren gitt ut ei Instagrambok.

Tekstane gir ei heilt annan meining til bileta enn det som var meint i utgangspunktet, noko som er hysterisk morosamt dersom ein har sans for denne formen for humor.
Det tek kanskje eit kvarter å lesa heile boka - om ein tek seg god tid.



Radioresepsjonens 169 dilemmas av Tore Sagen, Steinar Sagen og Bjarte Tjøstheim
Gyldendal 2016
281 sider, papirbok lånt privat

Dilemma'ene i Radioresepsjonen har vore eit fast innslag i radioprogrammet i fleire år - og no har me altså fått dei i bokform. Du bør ha god kjennskap til RR og guttehumoren deira for å ha glede av boka. Noko stor litteratur er det sjølvsagt ikkje, men for meg har boka kalla på både gapskratt og humring.

Dette er ei festleg bok som godt kan lesast saman med andre. Å vera i lag med vener og lesa høgt for kvarandre frå denne boka bør skapa bra stemning.

Eksempel på dilemmas som vert drøfta: "Aldri mer dusje, eller alltid måtte dusje med moren din? Gå i Datarock-joggedress eller Odd Nerdrum-kjortel resten av livet? 150 kg opp eller 50 IQ ned? "


Doppler av Erlend Loe
Cappelen Damm 2004
Speletid 3:57, opplesar Erlend Loe

Fann denne boka som eg har vore så skeptisk til på Storytel, og eg tok sjansen sidan ho er så kort.
Dette er verkeleg noko av det raraste eg har høyrt/lest nokon gong. Absurd, spinnvilt og underfundig om ein mann som melder seg ut av samfunnet og flyttar ut i skogen. Boka er sjarmerande og naiv, morosam og sær, overraskande bra og passe lang. Det kunne lett blitt "for mykje av det gode" dersom forteljinga om det alternative livet til Doppler og elgkalven Bongo var blitt dratt enno lenger.
Å høyra forfattaren lesa boka med si monotone stemme er ekstra morosamt og gjer at ho får eit ekstra plusspoeng. Faktisk.


Rivertonklubbens Julekrim
Egmont 2016
136 sider, lånt privat

Påskekrim er eit kjent begrep, så kvifor ikkje også julekrim? Dette er ei fin samling krimnoveller innpakka som eit julehefte.

Krimnestor Nils Nordberg fortel her om kriminalnovella sin plass i litteraturhistoria. Kjende krimforfattarar som Unni Lindell, Kurt Aust, Jørn Lier-Horst, Karin Fossum, Thomas Enger, Hans Olav Lahlum, Knut Nærum og Anne B. Ragde bidreg med ulike krimhistoriar. Det same gjer redaktøren sjølv, Rivertonpresident Tom Egeland.
I tillegg inneheld juleheftet ei krimlitteraturhistorisk artig sak; det som må vera Verdens fyrste detektivhistorie - ei novelle med tittelen Novellen av Maurits Christopher Hansen.

Dei færraste av novellene er knytta til sjølve jula, så dette heftet kan trygt lesast i heilt til påske, minst.


Seks skudd ved stengetid og andre mord av Richard Herrmann
Cappelen Damm 2015 (Storytel)
Speletid 11:02, opplesar Richard Herrmann

Gjenlesing av boka som kom ut fyrste gong i 1985. Ikkje akkurat humor, men med stor underhaldningsverdi likevel. Det er fornøyeleg å høyra på Richard Herrmann som fortel om berømte mordsaker som vart førde i rettssalen Old Bailey - sjølv om innhaldet er ganske makabert.

I England vart ikkje dødsstraff avskaffa før i 1969 - og her vert det fortalt ein heil del om kor motvillige britane var til å avskaffa denne straffemetoden.
Herrmann var ein kunnskapsrik mann og ein strålande forteljar. Boka er vittig, sakleg, velkomponert og velformulert.

6 kommentarer:

  1. Jeg ga samboeren min Julekrimmen fra Rivertonklubben til jul, i håp om å få han på riktig lesevei her i livet. Han elsker krim på tv og hevder han ikke kan lese krimbøker fordi han ikke vil klare å legge den fra seg før boken er ferdiglest. Noveller er ypperlig, tenkte jeg.

    Vel, den ligger på samme sted, like sørgelig ulest.

    Har du tips til noveller som er ekstra gode, slik at jeg kan pushe på han minst en...? Sånn til å begynne med? ;-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Sidan det då tydelegvis ikkje fristar med norske krimnoveller, kan det vera ein ide å prøva noko heilt anna; kanskje Roald Dahl? Mørk og morbid humor, "god" uhyggestemning, overraskande vendingar og truverdige karakterar. Mange av novellene hans vart filmatiserte. Dahl-novellene "Vertinnen"og "Dypfryst" er grøssande gode.

      Slett
  2. Neida, han har lest mye krim førundt og har huset fullt. Tenkte mer på å tvinge han igang med å peke ut EN novelle i dette heftet ;-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Åjaaa. Min favoritt i dette heftet er 'Hunden fra Yangzhou' av Kurt Aust. Den er litt Roald Dahlsk :-)

      Slett
    2. Herlig! Bokmerke er herved lagt inn på riktig sted :-D

      Slett
  3. Det skal mye til for at jeg velger meg en bok som er skrevet for å være rivende morsom. Richard Herrmann derimot liker jeg godt, og noterer meg denne bak øret :)

    SvarSlett