16. april 2017

Biolesesirkel: Et kvart liv av Hans Olav Lahlum

Cappelen Damm 2013
Kjelde: Lydfil og ebok Storytel


I 2009 gav forfattaren Hans Olav Lahlum ut ein gigantisk biografi om den legendariske Arbeiderpartisekretæren Haakon Lie. Lie var sentral i arbeidarrørsla i fleire tiår, han vart 103 år gammal og boka om han vart på over 800 sider.

Boka om Håvard Vederhus er på 143 sider. Vederhus var nemleg på feil stad til feil tid; han var ein av dei 77 som mista livet i terrroråtaka den 22. juli 2011: Eit stort politisk talent som berre vart 21 år gammal - skoten og drepen av Anders Behring Breivik ved pumpehuset på Utøya.

Det er noko uendeleg trist med ein biografi om eit så altfor kort liv, - noko tittelen "Et kvart liv" også syner. Lahlum skreiv boka vinteren 2012-13 etter førespurnad frå familien til Håvard Vederhus. Boka er tilegna alle som mista livet på Utøya og er samstundes ein hyllest til Vederhus sitt engasjement for eit demokratisk og inkluderande samfunn. Boka er delt i fire: Den fyrste delen handlar om barndomstida, del to om ungdomstid og politisk og personleg forming, den tredje delen er om 22. juli og den fjerde og siste om den vanskelege vegen vidare for folk som sto han nær.

Lahlum fortel at Håvard Vederhus vaks opp som det midterste barnet i søskenflokken på tre - og at han på mange måtar også var midtpunktet i familien. Frå tidleg alder kravde han - og fekk - mykje merksemd. Han var uroleg og eigenrådig og hadde eit uvanleg høgt aktivitetsnivå. Han vaks opp og vart ein energisk og målbevisst ungdom og ein sentral skikkelse i mange ulike miljø. I motsetnad til mange andre AUF'arar vart ikkje Håvard Vederhus "fødd inn i Arbeiderpartiet." Men fordi han hadde eit grunnleggjande sosialdemokratisk syn på samfunnet melde han seg tidleg inn i AUF. Han var ikkje utprega skuleflink, men arbeidde målretta og fekk eit godt vitnemål frå Oslo Katedralskole.

Store deler av boka er i ein oppramsande stil og er nok helst for spesielt interesserte, dvs. menneske som står familien og partiet nært. Det som gir størst inntrykk er å lesa om avslutninga av Håvard sitt liv i den forferdelege massakren 22. juli. Eg har lest mykje om saka før, men nok ein gong får eg frysningar på ryggen og ei sterk kjensle av sorg og maktesløyse. "Vi gjemmer oss og lever" vart den siste Facebook-oppdateringa Håvard skreiv då han saman med mange andre prøvde å gøyma seg for massemordaren. Nokre minuttar seinare var AUF-leiaren i Oslo død.

Håvard Vederhus var utan tvil ein karismatisk, kunnskapsrik og engasjert ungdomspolitikar - og han ville heilt sikkert nådd langt. Han vert også skildra som ein omsorgsfull person og ein trufast ven. Det synte han heilt til det siste. Størst er saknet og sorga hos far, mor, storebror og veslesyster.
"Det å miste et barn er alltid en tragedie. For mange foreldre vil nok likevel nettopp alderen rundt 20 være den aller verste alderen å miste et barn i. Man har da fulgt et barn hele veien opp gjennom oppveksten, for så å miste det på spranget ut i voksen alder - før barnet får egen famile og før det rekker å realisere sine mål i livet."
Ei fullsett Grefsen kirke følgde Håvard Vederhus til den siste kvilestaden 4. august 2011. Dåverande kunnskapsminister Kristin Halvorsen heldt minnetale og mellom dei frammøtte elles var noverande statsminister Erna Solberg.

Et kvart liv er mitt bidrag til aprilutgåva av Moshonistas biografilesesirkel.

2 kommentarer:

  1. Kudoz for å finne en bio under 30 om en som ikke er rocker. Men dette var trist da. Eller som du sier, det er jo alltid trist med korte liv. Har fremdeles ikke lest ei eneste bok som omhandler 22.juli. Hverken fiksjon eller doku. Vegrer meg for virkeligheta. Og for sprenge meg ut av tungsinnet som alltid medfølger terrortenking.... ble Haakon Lie virkelig 103år? Han burde vi også lese (om det finnes en korter enn 800s?).

    SvarSlett
    Svar
    1. Haakon Lie levde frå 1905 til 2009, tenk på kor mykje han fekk oppleva gjennom eit så langt liv. Han skreiv opptil fleire memoarar/sjølvbiografiar; "Slik jeg ser det" og "Slik jeg ser det nå" var to av titlane - og kanskje det var andre også. Men slike politiske memoarar er ofte så navlebeskuande, og sidan eg ikkje tilhøyrer "menigheten"/partiet, har eg ingen interesse av å lesa dei.

      Ein biografi som eg HAR lest er boka som unge Prableen Kaur skreiv etter 22. juli. Ho var kompis med Vederhus og overlevde ved å spela død. http://beroene.blogg.no/1359456343_ho_er_prableen.html

      Slett