4. juli 2017

Bokomtale: Amundsens siste reise av Monica Kristensen

Forlaget Press 2017
351 sider

Kjelde: eBokBib

Denne boka "kasta eg meg over" med ein gong eg vart merksam på at ho var utkommen. Som eg skreiv i omtalen av Espen Ytreberg sin roman Amundsen tidlegare i år så skulle eg gjerne lest meir om resten av livet til Amundsen - særleg den dramatiske avslutninga. Og her, i denne velskrivne og velkomponerte boka, får me akkurat det: Ei fascinerande, engasjerande og detaljrik skildring av det som skjedde - og kanskje skjedde - då den store polarhelten Roald Amundsen forsvann.

Amundsens siste reise er ei dokumentarbok, men inneheld trekk og verkemiddel som ein kjenner at frå krimsjangeren. Ikkje så rart; Monica Kristensen har også skrive fleire spennande kriminalromanar. I tillegg har ho gitt ut fleire dokumentarbøker om opplevingar og erfaringar som polfarar og ekspedisjonsleiar i polare strøk. Kristensen er utdanna glasiolog og har arbeidserfaring frå m.a. Metereologisk Institutt, Vervarslinga for Nord-Norge, Kings Bay AS og Redningsselskapet.

Dette er ingen ny biografi om Roald Amundsen - det trengst kanskje heller ikkje, for det har m.a. Tor Bomann-Larsen sørga for tidlegare - men Kristensen går ganske tett på den "aldrande" polarfararen. Han vart forresten ikkje så gammal, kun 56 år, men både utsjånad og haldningar var nok eldre enn det alderen skulle tilsei. På midten av 1920-talet var Amundsen ein litt falma helt.

I Ytreberg sin roman vert Amundsen framstilt som tverr og sur, sjølv om han "vann" kappløpet mot Sydpolen i 1911. Kristensen understrekar dette inntrykket av ein negativ og fornærma person. Og faktum er at han mot slutten av livet hadde problem - både med populariteten, med tidlegare vener, med økonomien - og med helsa. Leitinga etter den tidlegare samarbeidspartneren Nobile kan ha vore ein siste innsats for å redda stumpane - og æra. I ettertid vart Amundsen, som alle døde heltar, hylla og beundra.

Utgangspunktet for denne historia er redningsaksjonen etter den italienske polfararen Umberto Nobile og mannskapet hans på luftskipet "Italia" i mai 1928. Luftskipet nådde Nordpolen og havarerte på isen då dei var på veg tilbake til Svalbard. Seks menn forsvann med sjølve ballongen og vart aldri funne. Av dei ti i gondolen overlevde ni sjølve krasjet med isen. Fleire av dei var hardt skada, men sidan dei hadde tilgang på ein del mat, eit lite telt og faktisk også ein radio såg situasjonen ikkje så altfor mørk ut. Det skulle gå 48 dagar før alle dei overlevande vart henta ut. Då var gruppa splitta, enno ein deltakar var død og fleire var i elendig forfatning fysisk og psykisk. Samstundes vart det sett i gang enno ein leite- og redningsaksjon; sjølvaste Roald Amundsen og mannskapet hans på flybåten Latham vart meldt sakna. Fly, skip og mannskap frå mange ulike nasjonar deltok i ein langvarig og omfattande leiteaksjon i eit gedigent og verhardt område.

Monica Kristensen skildrar det heile med kunnskap, engasjement og innleving. Boka er dramatisk og spennande som ein krimthriller sjølv om ein "veit korleis det går": Roald Amundsen, Leif Dietrichson og fire franskmenn kom aldri tilbake. Omkomne og flykroppen vart aldri funne, men vrakdeler vart funne nordvest for Bjørnøya - men også så langt sør som ved Haltenbanken. På nokre av vrakdelene fann ein spor etter forsøk på reparasjonar.

Forsvinninga er ei av dei store mysteria i polarhistoria. Basert på loggføring, historisk materiale, nyare forsking og kjennskap til Amundsen sin tankegang, lanserer Kristensen i denne boka ein ny og spennande teori om kva som kan ha skjedd.

Ho viser til at det i 1936 vart funne ein forlatt leirplass på Nordaustlandet på Svalbard. Staden hadde avtrykk av eit telt og det låg gamle boksar, sjokoladepapir, italienske dokument, gummiert bomullsduk av den typen som vart brukte til luftskip - og ein bit av ei norsk avis der. Kven som hadde opphalde seg på plassen vart aldri klarlagt. Kan nokon ombord på Latham ha overlevd ei eventuell krasjlanding? Eller kan det ha vore nokon frå det såkalla Ballongpartiet på luftskipet Italia som slo leir medan dei venta og håpa på å bli redda? Det var forventa at Latham skulle mellomlanda i Ny-Ålesund, men kanskje reiste dei direkte til den posisjonen ein antok at Ballongpartiet var? Ingen veit, og Amundsen heldt som regel korta tett til brystet og hadde ikkje avslørt planane sine på førehand. Funna av vrakdelene på ulike stader kan forklarast med ver, vind, straumar og tilfeldigheiter.

Det er svært interessant å følgja resonnementa til Kristensen. For meg vart denne boka ei kjempebra leseoppleving. Det som trekker litt ned er alle dei tekniske, praktiske og geografiske detaljane. Samstundes er det desse detaljane som gjer boka så gjennomført og grundig.

Det er nok ein fordel å vera interessert i polarhistorie for å ha glede og utbytte av Amundsens siste reise, men egentleg passar denne boka for alle som likar å lesa ei god dokumentarisk forteljing.

Andre bloggmeiningar: Pervoluto

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar