15. desember 2017

Biolesesirkel: Stein Østbø om Ronni Le Tekrø

Då kategorien "hårete" vart lansert som kategori i Moshonista sin biolesesirkel, var min fyrste tanke å lesa/skriva om ein av desse gamle, hårete og skjeggete polarfararane. Eg har nemleg hatt stor glede av å lesa om polarhistorie i samband med biosirkelen. No fann eg imidlertid ingen polarbio'ar som kunne høva og eg måtte tenkja nytt - og hamna såleis innan eit anna tema som eg tykkjer er interessant; musikk.

Nærare bestemt puddelrock - eller hair metal, beslekta med både powerpopglam-metal, heavy metal og glamrock. Puddelrocken var særleg populær på 1980-talet, då moten for både menn og kvinner var masse, høgt, krøllete og gjerne tupert hår. Me som var unge den gongen kan hugsa tilbake til den tida der ein jamnleg/ofte tok permanent og gjerne brukte opp ein heil boks hårspray når ein skulle på fest.. I dag ser slike hårsveisar heilt idiotisk/harry ut, men den gongen var det skikkeleg stilig!

Puddelrock er melodiøs rock, ofte med fengande refreng og røffe gitarriff. Dei smaklause videoane ein laga på den tida er heldisvis utdaterte på alle måtar, men er ein del av "rockekulturen" og tidsbiletet. Eg elskar denne musikken og blir nostalgisk og i godt humør når eg høyrer på 80-tals hits frå band som er typiske innan sjangeren: Bon Jovi, Def Leppard, Whitesnake, Cinderella, Dokken, Skid Row og Mötley Crüe - samt svenske Europe og norske Stage Dolls og TNT.

Og - no nærmar eg meg poenget her; i samband med biorunden har eg lest om TNT sin frontfigur og gitarist Ronnie Le Tekrø. Eg fann boka på Storytel og ho er ikkje spesielt ny; ho vart skriven i 2007 og kom ut på lyd i 2016. Forfattaren Stein Østbø er mest kjend som musikkanmeldar i VG. Han har også skrive ei bok om Bruce Springsteen og ei om Elias Akselsen.


Hekta. Ronni Le Tekrø - Et liv i rock
Cappelen Damm 2016
Speletid 6:03

Opplesar Bjørn Eivind Aasland
Lydbok Storytel

Rolf Ågrim Tekrø heiter han egentleg, og dette er historia om vegen frå guterommet til internasjonalt kjende konsertscener. Det er også historia om TNT, Noreg sitt største tungrockband gjennom tidene. Og det er ei stadfesting av at mytene om sex, drugs & rock'n'roll har ein del sanning i seg. Eg tykkjer bakgrunnsstoffet er fascinerande og at Ronni Le Tekrø er ein sympatisk kar og ein fantastisk gitarist, men denne boka er ikkje særleg god.

Østbø hoppar att og fram i tid og vil gjerne fortelja alt på ein gong. Eg tykkjer det er usystematisk og forvirrande at det verken vert fortalt kronologisk eller tematisk. Boka inneheld gjentakingar og oppramsingar, noko som gjer lesinga/lyttinga treg og kjedeleg. Dessutan er det lite nytt. Både konfliktane med Tony Harnell, samarbeidet med Terje Rypdal og Tekrø sin eigen hasjbruk - alt dette er kjent frå tidlegare. At han har fem barn med tre ulike kvinner visste eg ikkje frå før, men det er ærleg talt heller ikkje så interessant.

Å lesa om barndommen og oppveksten hans er derimot litt interessant. Ronni var eit barn som gjerne vart hekta på ting, og då han fekk gitar som 12-åring sat han inne og øvde, øvde og øvde. Han var "fødd med eit rockeimage" og hadde eit stort talent - og berre 14 år gammal starta han eige band. Han vart oppdaga av Morten "Diesel" Dahl og Dag Ingebriktsen i samband med eit nytt rockeprosjekt i 1982 - og resten er historie, som det heiter.

Dersom du vil lesa om TNT og Ronni Le Tekrø - bruk heller Google og Youtube - då finn du det meste, både gammalt og nyare stoff. Du finn t.d. bilete som tyder på at Ronni er like langhåra den dag i dag. Og i motsetnad til dei fleste andre mannfolk på 50+, kler han å vera såpass hårete. I alle fall; denne boka kan du glatt hoppa over.  Terningkast 2.

Hårete ja! Coveret på det mest kjende TNT-albumet; Tell no tales frå 1987.
Plata fekk Spellemannprisen og inneheld m.a. superhiten 10000 Lovers (in one).
Frå venstre: Morten "Diesel" Dahl, Tony Harnell, Ronnie Le Tekrø og Morty "Black" Skaget.

7 kommentarer:

  1. Rart å se det bildet av dem, så unge de var. Både Morty Black og Diesel Dahl har jeg sett mye de senere årene, særlig ifb med Åge og Sambandet-konserter og i avisene. De bor jo her i byen og har fortsatt langt hår.:)
    Tekrø synes jeg alltid var så pen, selv om Tony Harnell var enda penere. Men Tekrø holder seg godt han. Skal tro om de farger håret?

    10000 lovers er en flott klassiker.

    Boka skal jeg selvsagt styre unna, siden du sier det. Må komme i gang med min hårete rockebio, dvs er i gang, men så vidt.. Robert Plant og Led Zeppelin, ikke puddelrock, men skikkelig 70-tallsrock:)

    God helg Berit.:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tony Harnell var skjønn - i 1987. No er det vel ikkje tvil om at Ronni er den som ber alderen best - og eg trur ikkje han fargar håret sitt. Han har enkelte grå striper i hårmanken. Men skal tru om det pannebandet hans skjuler ein måne?
      Diesel er heilt skalla no, iflg. dei bileta eg har sett.

      Zeppelin er store og Plant ein interessant fyr. Håpar boka er lesbar!

      Slett
    2. Sikkert riktig at Diesel er skalla. Har bare innbilt meg at han har hår siden han ofte har hatt på seg noe på hodet.
      Morty Black bruker skaut og har langt hår på scenen. Men hvem vet om det er extention? ;) Nei da, det tror jeg ikke..

      Håper boka er lesbar jeg også, ser ok ut, men har bare kommet to kapitler avgårde og nå skal jeg på julebord med Litteraturhuset. Og i går kveld ble jeg hekta på Okkupert sesong 2. Viaplay. Gleder meg til de to siste episodene i løpet av helga.:)

      Slett
  2. Jeg styrer glatt utenom kjekkasdebatten (selv om Plant ikke var så verst på scenen i sin tid), TNT not my tekopp. Denne biografie høres ut som om den burde settes i hylla sammen med Prudencebio'n. Elendige greier. Tror disse journalistene at det bare er å sette seg ned å bable? Biografvirksomhet er alvorlig biz. Irriterer meg grenseløs når det slurves, gjør forsåvidt det i annen litteratur også.
    Uansett, er nå klar til å lese Renberginnlegget ditt.
    (psstt, jeg huskre veldig godt hva du synes om Fotturannene, men årets er bedre. Lover.)

    SvarSlett
    Svar
    1. Plant var visst en magnet på jentene i sine unge år, ifølge bioen.

      Slett
    2. S mye at de andre gutta ble sjalu og ikke lot ham være alene med kjærestene sine..

      Slett
    3. Boka er ikkje slurvete skriven, men er prega av det som kjenneteiknar journalistbio'ar: Oppramsing, oppramsing, oppramsing. Å skriva ein avisartikkel er ikkje det same som å skriva bok.

      Anita: Eg skjønnar godt at Robert Plant var magnetisk (eller karismatisk). Eg trur faktisk han framleis har ein del magnetisme i seg enno, sjølv om han nærmar seg 70.

      Slett