29. desember 2017

Årsoppsummering og statistikk 2017

Det er tid for gjennomgang og oppsummering av bokåret 2017, og før eg går gjennom lesemål for dette året og planlegg for neste år må eg sjå på statistikken for i år.

Før me skriv 2018 kjem eg til å ha fullført lesinga av 104 bøker. Dette er 2 færre enn i 2016 og 6 færre enn årets målsetjing på 110.

Når eg samanliknar tal frå 2016 og 2017 ser eg at lesemønsteret mitt er omlag uendra. Eg har lest fleire krimbøker (+10) enn i fjor og færre andre romanar (-10). Talet på sakprosa er omlag det same.
Eg har fortsatt ein svært skeiv fordeling når det gjeld kjønn på forfattarar. Eg er meir bevisst på dette no, men eg les likevel mange fleire bøker av menn enn kvinner. Dette har vel samanheng med den "maskuline" lesesmaken min.

Årets beste leseopplevingar: 


Desse fekk terningkast 6 - og dei kan vanskeleg rangerast, ulike som dei er:
  • Vera Henriksen sine middelaldrerromanar med handling frå Lom - del 1 og del 2
  • C.J. Sansom si førebels siste i den historiske kriminalserien om Matthew Shardlake - Klagesang
  • Den fyrste boka i Arne Dahl sin nye krimserie - Utmarker
  • Avsluttande del av Edvard Hoem sin familiekrønike - Liv andre har levd

Andre gode bøker eg las i 2017 er sterke femmarar som:


Her er leseåret 2017 i tal:


Sjanger

- 59 krim-, thriller- og spenningsromanar
- 19 romanar inkl. erindringsromanar og dokumentarromanar
- 22 sakprosa,
- av desse 8 biografiar
- 3 novellesamlingar
- 1 diktsamling

Format
- 34 papirbøker
- 30 ebøker
- 40 lydbøker

Alder
- 47 av bøkene var utgitt i åra 2000 - 2016
- 49 i 2017,
- av dei 31 norske
- Eg las berre 8 bøker utgitt før 2000.

Kjelder
- 69 av bøkene eg las var lånebøker; lånt privat, bibliotek og eBokBib
- 13 bøker via Storytel-abonnement
- 13 har eg fått, anten i gåve eller som lese-/lytteeksemplar
- 9 har eg kjøpt sjølv

Forfattarar
Veldig variert dette året og 37 "nye" forfattarar. Det er eit tal eg er særs nøgd med.
Dei forfattarane eg las flest bøker av i 2017 var
- Vera Henriksen: 3 store verk, tilsaman 7 bøker
- Fred Vargas: 3
- Richard Herrmann: 3
- Åsne Seierstad: 2
- C.J. Sansom: 2
- Ann Cleeves: 2
- Elles 1 av kvar

Kjønn
- 74 bøker skrivne av menn
- 31 av kvinner
(1 bok har både mannlege og kvinnelege forfattarar)

Terningkast
- Terningkast 6: 5 bøker
- Terningkast 5: 31 bøker
- Terningkast 4: 47
- Terningkast 3: 16
- Terningkast 2: 4
- Terningkast 1: 1

Nasjonalitet
- 64 bøker skrivne av norske forfattarar
- 13 av britiske forfattarar
- 10 svenske
- 5 franske
- 4 amerikanske (dvs. frå USA)
- 3 danske
- 2 islandske
- 1 afghansk-amerikansk
- 1 sveitsisk
- 1 kanadisk

Elles:
- 6 av bøkene eg las var på over 600 sider
- Alle var på norsk
- Eg avbraut lesinga av 1 bok

Bloggen
- 86 blogginnlegg (17 fleire enn i fjor)
- 45 bokomtalar (11 fleire enn i fjor)
- 12 samleomtalar
- Mest leste blogginnlegg: Omtalen av Max, Mischa og Tetoffensiven

Eg har skrive om nesten alle bøkene eg las, omlag halvparten av dei i samleinnlegg. Dei desemberbøkene eg ikkje har omtalt enno skal eg skriva om på nyåret. Trur eg. Så då gjenstår berre tre uomtalte bøker - som får ein "mikrosamleomtale" nedanfor.

Oppsamlingsheat 2017


Catherine Blaavinge Bjørnevog - Um sakne springe blome
Norsk lyrikk, kortlista til bokbloggerprisen 2016 og framsnakka til dei grader av enkelte bokbloggarar. Dette er ei bok eg slett ikkje burde lest, for ho gav meg absolutt ingenting. Forfattaren nyttar sitt eige ubegripelege språk og for meg var dikta berre irriterande og uforståelege. Terningkast 1.

Knut Nærum (Red.) - Sommerkrim 2017
Ei samling med nyskrivne krimnoveller. Varierande kvalitet, men stort sett bra. Her bidreg forfattarar som Chris Tvedt, Monika Kristensen, Torkil Damhaug, Marit Reiersgård og Hans Olav Lahlum. Terningkast 4.

Khaled Hosseini - Og fjellene ga gjenlyd
Eg vart veldig betatt av Tusen strålende soler og Drageløperen frå same forfattar og hadde difor skyhøge forventningar. Dette er også ei svært bra bok og ei lærerik og fascinerande forteljing, men ho gjorde ikkje fullt så sterkt inntrykk som dei foregåande. Terningkast 4.


Ynskjer alle ei fortsatt god romjul og eit godt nytt leseår i 2018!

14 kommentarer:

  1. Se der ja, skal si du har lest mye i år! Spennende å se hvilke bøker du trekker frem, det er bare Liv andre har levd jeg har lest av disse, og den er jeg ikke helt ferdig med.
    Takk for det gamle, og lykke til med nytt leseår Berit, gleder meg til å følge deg videre!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk det same, Tine. Det er alltid interessant å lesa det du skriv om dei bøkene me har felles. Eg ser du også likte Liv andre har levd.

      Slett
  2. Du slår meg med meir enn 30 bøker. Og eg gler meg til å følgje deg i 2018!

    SvarSlett
    Svar
    1. Godt nyttår! Her kan eg berre gjenta det eg sa til Tine: Det er alltid interessant å lesa bokomtalane dine.

      Slett
  3. Hei! Jeg har akkurat lagt inn min bok nr 105 i statistikken for i år. Vi leser ganske jevnt antall bøker.. Det kan hende jeg rekker en til før 2017 blåses ut. Er godt i gang med Kazinzkys 2. krim - Søvnen og døden - og den blir nok lest ut tenker jeg..
    Er veldig glad for at du trekker frem Dette livet eller det neste av Vitanza. Lett å glemme bøker som kommer så tidlig på året. Bokbloggere; hør hør, før BBP-nominasjonene tar til.

    Og Peter May og Damhaug!

    Ønsker deg et riktig godt nytt leseår når det kommer.:) Hilsen fortsatt fra La Gomera. Drar til Tenerife i morgen og hjem søndag..

    SvarSlett
    Svar
    1. Artig at me les såpass likt - og likevel ein heil del ulikt. Ser du har lest ein del diktsamlingar til dømes - det kjem ikkje på tale her..
      Vitanza kjem til å bli nominert til BBP av meg. Ikkje på topp, men den blir med. Dette livet eller det neste er ei viktig bok skriven på ein heilt spesiell måte.
      Damhaug leverer som alltid og May var eit overraskande positivt bekjentskap. Lewismannen ligg på vent her no.

      Slett
    2. Ja, ikke sant. Og når det gjaldt antall bøker så slo jeg deg med en bok.;) (det er nok diktsamlingene sin skyld)
      Enig ang Vitanza. Den får poeng av meg også, men rangeringen har jeg ikke klar enda.

      Slett
  4. Skikkelig mange bøker har du lest. Jeg ligger på 30 under ditt tall, men er kjempefornøyd med det med tanke på alt annet jeg driver med!
    Er enig med deg i Hoem og har de tre øverste på femmerlista de også der. Jeg leser lite- svært lite krim, så her er det mye ukjent for meg!

    Godt nyttår!

    SvarSlett
    Svar
    1. God nyttår ja! Eg er nøgd med "innsatsen" min :-)

      Slett
  5. En virkelig bra oppsummering!
    Ønsker deg et riktig godt nytt år :))

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det - og godt nyttår til deg også!

      Slett
  6. Nå fikk du meg til å angre at jeg bare blåste gjennom å ga min egen oppsmmering et avsnitt. Artig med tall. Det burde selvfølgelig ikke overraske meg. Skjer hvert år.
    Føler på frustrasjonen din over at Hoem sannsynligvis ikke kommer med på langlista (bbp) (spår kun på bakgrunn av lite omtaler og trioavslutter). Husker du var passe irritert ifjor også. Og angrer over at jeg ikke har fått lest den om Amundsen. Ser at både du og Haruhi likte den godt.

    Ellers ser jeg at tendensene på format er de samme hos meg også. Iår ligger e-bøker og papir helt likt, godt slått av lydbøkene, ebokbib får hovedskylda for at papir stadig taper terreng. Det er så altfor lettvint, hadde lest mye mindre nytt norsk hvis den appen hadde manglet. Bokbloggpris og bibliotek, hånd i hånd. Det er fint skåla faller ned på den sida og ikke den andre stortilbyderen av nytt norsk, forlaga..

    Når det gjelder kjønn dog, leser vi stikk motsatt. 19mer kvinner enn menn på meg, og selv om jeg ikke har regnet på det, gjetter jeg hovedsaklig treere (på goodreads). Hmm, kanskje jeg rett og slett skal gå å pøse mer tall inn i innlegget mitt. (ingen kommer til å merke det)..

    Godt Nyttår til deg, Berit.
    (ehm, Morten Øen? av året?)

    SvarSlett
    Svar
    1. For å ta det siste fyrst: Eg måtte google Øen - hadde gløymt namnet på forfattaren av Tellemarck. Men eg hugsar jo sjølvsagt boka - og Frank! - og årets Øen skal lesast, ein gong. Var dog ikkje SÅ begeistra for den forrige, så den blir ikkje prioritert. Og no er det for seint for BBP17 for mitt vedkommande; eg har alt sendt inn nominasjonane mine.

      Amundsen vart nummer ein i open klasse for meg. Eg har sjeldan lest ein så spennande dokumentar. I romanklassen er Hoem på topp, men den kjem nok ikkje med tanke på BBP i år heller. Du har heilt rett der; boka kom ut for seint på året.

      Eg er, som eg sikkert har sagt tusen gonger før, ufatteleg glad i bibliotek, bibliotekarar og bibliotektenester. Ebokbib er supert. Eg er ikkje spesielt glad i forlag og bokhandlarkjeder, men det hadde jo vore stusseleg om dei ikkje fantest..!

      Slett
    2. Ok, lastet nettopp ned Amundsen fra eBibben, skal ta fatt straks jeg er ferdig med Vitanza og har lest 100s til av Grensen (regner det som god nominasjonsgrunn hvis jeg har lest 2/3, den er virkelig god). Fint om Amundsen kommer med i år, siden han ikke greide det i fjor.

      Slett