12. februar 2018

Vinterlesing 2018

Eit nytt samleinnlegg - der alle forfattarane tilfeldigvis har førenamn på J: John, Jussi, Jonas og Jan. Ein brite, ein danske og to svenskar. Ingen av bøkene vart spesielt minneverdige leseopplevingar, men dei er heller ikkje dårlege.


Spionenes arv av John le Carré

Cappelen Damm 2017
Speletid 7:32, lånt lydbok biblioteket

Spionenes arv har elegant språk, gode miljøskildringar og vart for meg eit nostalgisk gjensyn med spionroman-sjangeren. Le Carré er blitt 86 år og eg er imponert over at han framleis held koken. Dette er eit framhald (eller rettare sagt ein opptakt til) den kjende spionromanen Spionen som kom inn fra kulden.

Det flotte seksar-terningkastet til Tom Egeland i VG gjorde at eg skrudde opp forventningane mine. Eg er enig i at det er ei bra bok og at det er eit artig/interessant gjensyn med George Smiley, men for meg vart det ingen innertiar. Eg forsto ikkje slutten heilt, og det frustrerer meg. Kanskje er det meininga at det skal enda på ein uforståeleg/uforklarleg måte, kanskje er det meg.
Terningkast 4, mest for nostalgien si skuld.


Hun takket gudene av Jussi Adler-Olsen

Aschehoug 2017
747 sider, papirbok fått i gåve

Den elles så dyktige bokanmeldar Elin Brend Bjørhei gav denne terningkast 2 i VG, og boka har også blitt slakta frå fleire andre hald. Eg skjønnar ikkje dei dårlege kritikkane, for sjølv tykte eg denne var både underhaldande og medrivande.

Men eg er sjølvsagt enig i at boka er altfor omfattande. Eg har spurt meg sjølv om boka kanskje kunne blitt dobbelt så god om ho hadde vore halvparten så lang..?

Mesteparten av handlinga er lagt til Nederland, men har avstikkarar til mange andre område på kloden - spesielt Indonesia. Stikkord elles for boka: Utallige synsvinklar, to interessante hovudpersonar, underfundig humor, skarpe karakteristikkar av både folk og miljø, tidvis rotete, tidvis langtekkeleg, men gjennomgåande veldig spennande.
Konkluderer også her med terningkast 4.


Helikopterranet av Jonas Bonnier

Lydbokforlaget 2017
Speletid 11:24, lånt lydbok biblioteket

Etter ein veeeldig treg start tek det seg gradvis opp - og mot slutten er det brukbart engasjerande. Forfattaren brukar litt for god tid og litt for mange detaljar for å informera om situasjonen og dei ulike karakterane i byrjinga av romanen. Det er ikkje nødvendig å gå såå grundig til verks når ei historie skal byggast opp, meiner eg.

Boka byggjer på faktiske hendingar og har dokumentariske trekk, men er også ein slags thriller. I samband med skildringa av sjølve ranet det ein del action.
VG's Hovdenakk gav terningkast 5 - også det er uforståeleg for meg; eg landar på terningkast 3.



1968 av Jan Guillou

Vigmostad Bjørke 2017
462 sider, lånt ebok eBokBib

I det legendariske året 1968 heitte det framleis Sovjetunionen, Tsjekkoslovakia og Vest-Tyskland. Året i stikkordsform: Kald krig, Prahavåren, Vietnamkrig, drapa på Martin Luther King og Robert Kennedy, demonstrasjonar, ungdomsopprør og radikalisering. Hovudperson er den same som i Ekte amerikanske jeans; Eric Letang - og han vart som alle andre prega av desse hendingane. Han møter enkelte store utfordringar som nyutdanna jurist sidan han har venstreradikale sympatiar - og overklassebakgrunn.

Lauritzen-familien er blitt stor og har greina seg ut - men framleis lever ein av "dei opprinnelege" brødrene. 1968 byr på gode tidsbilete og er både interessant og lærerik, - men med tanke på kor dramatisk året var, er boka overraskande tam. I sjuende avsnitt av Det store århundret går Jan Guillou litt på tomgang: Det blir meir ei oppramsing enn ei forteljing. Terningkast 3+.

7 kommentarer:

  1. Får inderlig håpe Guillou ikke har gått tørr, for der er jo noen år igjen av serien, jeg likte heller ikke denne så veldig godt. Helikopterranet har jeg både i bok og på lyd, men etter å ha begynt på boken og følte jeg tråkket i sirup ga jeg opp hele greien. Kjekt å få bekreftet at jeg ikke har gått glipp av noe :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ein kan kanskje ikkje forlanga at absolutt alle bøkene i ein såpass omfattande serie er like engasjerande. Håpar på at neste bok, som då kjem til å handla om 1970-talet, vert betre.
      Du går egentleg ikkje glipp av noko når det gjeld boka Helikopterranet. Eg vil tru at dokumentarserien på TV er betre. Den har eg ikkje sett (enno) https://tv.nrk.no/serie/helikopterranet/KMNO90005016

      Slett
  2. Helikopterranet har jeg også som leseeks/forhåndseks her, men den fristet aldri helt. Den kom ikke lenger opp i bunken nå heller. Skal heller lese Krittmannen av de jeg har liggende som pockets..
    Og så trodde jeg at Spionenens arv var bedre, jfr Egelands anmeldelse. Muligens smak og behag, det der.
    Plusset her er at du rater Jussis kritikernes nedvurderte bok bedre..

    Man kan jo lese og like en bok bedre /dårligere enn kritikerne, som må vurdere kritisk på en annen måte, btw..
    Leser akkurat nå Sekten på Tåkøy. Jeg liker den, den er spennende, men jeg skjønner jo/ser jo at det er ting her som trekker ned hvis man skal være kritisk..

    SvarSlett
    Svar
    1. Det handlar om smak og behag, om personlege preferansar, om forventningar, om interesser og om kva ein legg vekt på. Det er difor heilt naturleg at den same boka får forskjellige terningkast/vurderingar.

      Slett
    2. Enig i det, men jeg mente at betalte kritikere og bokbloggere/vanlige lesere vil som regel lese en bok annerledes, da en betalt kritiker er betalt for å lese en bok mer kritisk.

      Slett
  3. Jøss! En ny bok fra Le Carré? Lurer på om det er han som har skrevet, eller fått noen til å skrive for seg? (Noe som irriterer meg med bla. Clive Cussler og Wilbur Smith - money talks...). Jeg elsker jo de gamle spionbøkene til Le Carré og har lest samtlige. Må nok få med meg denne her ja, selv om du er littegranne lunken.

    SvarSlett
    Svar
    1. Dei er vel omtrent jamngamle desse forfattarane, dvs. godt over 80. Om Le Carre har skrive heile boka sjølv veit eg vel egentleg ikkje, men det virkar slik.

      Slett